UiO-rektor er begeistra for Olav Thons milliardgåve

Olav Thon brukar alle aksjane i Olav Thon Gruppen AS til å etablera Olav Thon Stiftelse på 25,4 milliardar kroner. Stiftinga skal mellom anna støtta forsking. – Dette er flott, synest UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

BEGEISTRA: UiO-rektor Ole Petter Ottersen rosar Olav Thon for å ha donert heile milliardformuen sin til ei stifting som mellom anna skal støtta forsking.

Foto: Ola Sæther

Eit av formåla til stiftinga er å støtta det matematisk-naturvitskaplege og det medisinske fagområdet innanfor forskinga. Innanfor desse fagområda vil stiftinga også gi støtte til gode universitetslærarar. I første omgang vil det bli delt ut økonomisk støtte på 50 millionar kroner i året frå denne stiftinga.

I tillegg til forsking vil stiftinga også støtta andre allmennyttige formål i lokalsamfunn og framifrå entreprenørskap i Noreg. Og oppkjøp og oppføring av fast eigedom til allmennyttige formål, vil kunna få økonomisk drahjelp frå denne stiftinga.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen gler seg storleg over at Olav Thon ynskjer å bruka ein del av formuen sin til å støtta forsking:

– Ja, det er flott. Det ser ut som om Olav Thon har ambisjonar om å melda seg inn i rekkja av dei store filantropane i Noreg. Ein av dei, Fred Kavli døydde nettopp. Noreg har bruk for fleire Kavliar, så senn sett fylgjer Olav Thon opp denne tradisjonen, synest Ole Petter Ottersen. Han tykkjer det er fint at Olav Thon ynskjer å støtta dette fagfeltet  – Like viktig er det at han vil støtta gode og engasjerte universitetslærarar innanfor desse fagområda. Det ville vera flott, om det ville få heva statusen til utdanninga. Me treng gode universitetslærarar.

– Vil du no oppfordra andre nordmenn med store formuar til å gjera det same?

Noreg ligg langt etter mange andre land når det gjeld å ha ein filantropisk tradisjon. Derfor er det viktig at fleire fylgjer dømet til Olav Thon og Fred Kavli. Det vil vera godt for det norske samfunnet.

 

 

Emneord: Forskning, Økonomi, Realfag, Medisin Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2013 14:10 - Sist endra 11. des. 2013 14:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere