– Sør-Afrika vil klara seg fint utan Nelson Mandela

– Nelson Mandela var eit fantastisk menneske og ein stor statsmann. Sør-Afrika vil likevel klara seg fint utan han som eit levande ikon. Det trur SV-dekan Fanny Duckert som har hus i landet og familie med røter i Sør-Afrika.

FØRER ARVEN VIDARE: – Sør-Afrika har mange unge, svarte, dyktige intellektuelle politikarar som kan føra arven frå Nelson Mandela vidare, meiner SV-dekan Fanny Duckert , som har nært samband til landet.

Foto: Martin Toft

SV-dekan Fanny Duckert er ein av dei personane som kan vera stolt over at dei har møtt Nelson Mandela, som døydde i går 95 år gamal.

– Ja, eg trefte han ein gong på ei markering for nordmenn i Sør-Afrika. Nelson Mandela har vore ein helt hos alle i Sør-Afrika på tvers av etnisitet og politisk overtyding, fortel Fanny Duckert.

Ville ikkje klamra seg til makta

 – Nelson Mandela var faktisk president i berre fem år i Sør-Afrika. At han ikkje tok ein ny periode, viser at han ikkje ville klamra seg til makta, men overlata dei politiske toppstillingane til andre. Men han heldt fram som rettleiar og rådgjevar for dei politikarane som overtok etter han, peikar Fanny Duckert på.

Etter å ha sete i fengsel i nesten 30 år, og med ei helse som var påverka av dei store påkjenningane, var det mange som trudde han ikkje ville klara å halda seg i live så lenge.

– Når han likevel klarer å leva heilt til han blei 95 år, viser det kva jernhelse og i kor god form han var,  fysisk og mentalt, meiner Duckert.

                                                                                                                                                                                                                                                                                  HOVUDOPPSLAG: Nelson Mandelas død var hovudoppslag i dei største norske dagsavisen i dag. (Foto: Martin Toft)

Mange unge, svarte vil føra arven vidare

Ho er ikkje mellom dei som trur at Sør-Afrika har klart seg bra berre fordi Nelson Mandela har vore der som ein levande legende.

– Det er ein myte som mange kvite i landet har skapt. Alle har sjølvsagt spurt seg kva Nelson Mandela ville gjera i ein situasjon der dei møtte eit moralsk eller etisk dilemma. Likevel veit eg at Sør-Afrika har mange unge, svarte, dyktige intellektuelle politikarar som kan føra arven frå Nelson Mandela vidare. Landet har eit godt politisk fundament og ein god infrastruktur som gjer det mogleg å få til, meiner Fanny Duckert.  Også ho ser at landet har mange utfordringar med fattigdom og HIV- og Aids-epidemien.  Samtidig ser ho fleire lyspunkt.

Har tru på det sørafrikanske samfunnet

–Til dømes er Johannesburg blitt ein mykje betre by å bu i. Jernbanen mellom Johannesburg og Pretoria er blitt ein kjempesuksess. Fanny Duckert  har sjølv eit hus i Johannesburg og ei dotter som opphavleg kjem frå Sør-Afrika. Når det blir vinter i Noreg, har ho kvart år reist til Sør-Afrika for å oppleva sommaren der.

– Eg har tru på det sørafrikanske samfunnet, understrekar ho. Ein annan ting ho gjerne vil trekkja fram, er samarbeidet mellom Universitetet i Oslo og Sør-Afrika.

– Det er eit av dei landa me har mest samarbeid med om forsking og studentutveksling. Og neste år er det 20 år sidan det nye Sør-Afrika utan apartheid blei fødd. Det synest både den sørafrikanske ambassadøren og eg at me bør markera på Universitetet i Oslo, seier Fanny Duckert.

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Sør-Afrika, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2013 15:53 - Sist endra 6. des. 2013 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere