UiO-rektor: – Skuffande lita satsing på fri forskingsstøtte

–Det er skuffande at fri forskingsstøtte ser ut til å liggja på nullvekstnivå, bortsett frå satsinga ”Unge talent”, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til Forskingsrådets forslag til forskingssatsingar i 2015.

VIL HA MEIR TIL FRIE PROSJEKT: UIO-rektor Ole Petter Ottersen vil at Forskingsrådet skal foreslå meir pengar til unge forskarar i oppstartsfasen.

Foto: Ola Sæther

Sist måndag blei det kjent at Forskingsrådet foreslår å auka forskingsbudsjettet med ein milliard kroner. Ein stor del av satsinga vil skje i forskinga på klima og aldring, og satsing på infrastruktur. Dessutan vil Forskingsrådet bruka pengar på forskingsprogrammet ”Bruk og nytte av forsking.” UiO-rektor Ole Petter Ottersen er i hovudsak einig i desse satsingane.

 

–Mykje godt

– Det er mykje godt her, mellom anna forsking på klima og aldring, og satsing på infrastruktur. Men ved ei rask gjennomlesning verkar det som om vekta er lagt vesentleg meir på næringslivet enn på universitets- og høgskulesektoren. Det er også skuffande at fri forskingsstøtte tilsynelatande ligg på nullvekstnivå, bortsett frasatsingen "Unge talent". Tanken om støtte til innovasjonsprosjekt i

den "vanskelege" oppstartsfasen er i samsvar med det mehar spelt inn som eigne forslag.

– Kva ville du gjort annleis?

– Meir til frie, forskarinitierte prosjekt.

 

Viktig med satsinga på ny infrastruktur

Kva satsingar har du mest sans for?

– For eit universitet som skal tenkja og arbeida langsiktig, så er klimasatsinga viktig. Det samme er satsinga på fleire aktive og sunne år. Og skal vi i Noreg - langt utanfor dei store vegkryssa i Europa - kunne vera attraktive og hevda oss internasjonalt, så må me ha det beste og nyaste av infrastruktur, understrekar Ottersen. Han trur at UiO-forskarane har gode sjansar til å få pengar frå desse satsingane.

– UiOs forskarar bør kunna vera konkurransedyktige på desse satsingane, utan

at det vil seia at dette er "lette pengar". Våre forskarar må vera tidleg ute og laga gode søknader for å vinna fram.

–Kjem sjeldan på bestilling

UiO-rektoren trur Forskingsrådet prioriterer slik det gjer for å fylgja dei politiske signala.

 – Som EU i Horisont 2020 er Forskingsrådet opptatt av å svara på nokre av dei store samfunnsutfordringane. Forskingsrådet ser nok også på dei politiske prioriteringane.

– Er du einig med Arvid Hallen i at universitetsforskarane bør søkja på programforsking også,ikkje berre på frie forskingsprosjekt?

– Absolutt! Me må ta inn over oss at ein stor del av forskingsressursane kjem med øyremerking. Samtidig må me arbeida for å auka tilgangen på midlar til frie, forskarinitierte prosjekt. Dei store gjennombrota kjem sjeldan på bestilling, slår han fast.

 

Emneord: Forskning, Internasjonalisering, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2013 00:42 - Sist endra 5. des. 2013 09:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere