Skal ha møte om den medisinske fagprøven for legar utanfor EU/EØS

Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet skal i eit felles møte på nyåret ta opp kravet frå medisindekanane og UiO-leiinga om å innføra obligatorisk testing av alle legar med utdanning utanfor EU/EØS. Det stadfestar statssekretær Bjørn Haugstad overfor Uniforum.

TAR OPP FAGPRØVEN: Kravet om å gjera det mogleg å innføra obligatoriske fagprøve for legar med utdanning utanfor EU/EØS blir tatt opp på eit møte med Helse- og omsorgsdepartementet på nyåret, stadfestar statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Helse- og omsorgsdepartementet har fått brevet frå dei fire medisindekanane der dei krev at det blir innført ei endring i ei føreskrift i Helsepersonellova. Det vil gjera det mogleg å krevja obligatorisk fagprøve frå alle legar med medisinutdanning utanfor EU/EØS som ynskjer å få autorisasjon i Noreg.

 

Lovar årleg melding om pasienttryggleik

I ei melding som den politiske leiinga har sendt til Uniforum via Kommunikasjonseininga svarar Helse- og omsorgsdepartementet at dei vil fremja ei årleg melding til Stortinget om kvalitet og pasientryggleik for det er svært viktig. Departementet peikar også på at av omsyn til pasienttryggleiken er det også viktig med gode ordningar for kvalitetssikring av bakgrunnen til helsepersonell. God kvalitet på tenestene krev at legar og anna helsepersonell har dei rette kvalifikasjonane. Det gjeld anten dei er utdanna i Noreg, Europa eller i resten av verda.

 

Endring til vurdering

Departementet er klar over dekanane sitt synspunkt, og har også til vurdering å gjera endringar i godkjennings- og autorisasjonsordninga for helsepersonell som er utdanna utanfor EU/EØS. Det er likevel viktig å merka seg at det også i dag skal gjennomførast fagtest dersom det er tvil om søkjaren sine kvalifikasjonar, understrekar Helse- og omsorgsdepartementet.

Ifylgje dagens regelverk gir Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) autorisasjon til personell med utdanning frå land utanfor Europa dersom søkjaren har ein utanlandsk eksamen som blir rekna som jamgod med tilsvarande norsk eksamen, eller på annan måte har godtgjort å ha den naudsynte kunnskapen.

Helse- og omsorgsdepartementet gir dekanane rett i at det kan vera vanskeleg å vurdera kandidatane berre utifrå dokument.

Som dekanane riktig peikar på, kan det vera vanskeleg å gjera vurdering av om søkjaren sin eksamen er jamgod med tilsvarande norsk eksamen på bakgrunn av innsende dokument. Dersom SAK er i tvil om søkjar oppfyller krava for å få autorisasjon i Noreg, blir søkjaren beden om å gjennomføra ein fagtest. I dag blir denne fagtesten halden ved Universitetet i Oslo etter avtale med helsestyresmaktene.

 

Skal i møte med Helse- og omsorgsdepartementet

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet har lese brevet frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe der dei støttar kravet frå medisindekanane om å innføra ein obligatorisk fagprøve for alle med medisinutdanning utanfor EU/EØS.

– Me er kjende med at Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet i lengre tid har greidd ut eit nytt system for godkjenning av legar frå land utanfor EU/EØS. I 2010 la Helsedirektoratet fram eit forslag til ei ny ordning for godkjenning av legar utanfor EU/EØS som me blei orienterte om. Det er Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) som har ansvaret for dette, og det er HODs regelverk som blir forvalta, skriv Bjørn Haugstad i ein epost til Uniforum.

Han opplyser at Kunnskapsdepartementet vil ha eit møte med Helse- og omsorgsdepartementet 9. januar 2014.

– Me vil be om ei orientering om denne saka i det møtet og ta opp brevet frå rektor Ole Petter Ottersen der, stadfestar Bjørn Haugstad.

 

 

 

Emneord: Medisin, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2013 14:43 - Sist endra 20. des. 2013 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere