Heidra 24 tilsette for lang og tru teneste

For første gong i UiOs historie blei 24 tilsette tildelt Noregs Vels medalje for lang og tru teneste samtidig. Det skjedde på Det odontologiske fakultetet onsdag 18. desember

HEIDRA: Dekan Pål Barkvoll opna seremonien der Noregs Vels medalje for lang og tru teneste blei delt ut til 24 medarbeidarar på Det odontologiske fakultetet.

Foto: Martin Toft

Dei 24 medarbeidarane har vore i minimum 30 års samanhengjande teneste i meir enn 50 prosent stilling.  Mellom desse tilsette er det både tannhelsesekretærar, professorar, driftsteknikarar og ingeniørar.

Kontinuitet er viktig

Rektor Ole Petter Ottersen opna utdelinga med å hylla dei medarbeidarane som blir verande lenge på Universitetet i Oslo.  – Både innanfor forsking og  undervisning er det viktig med kontinuitet. Det er det også i dei teknisk-administrative stillingane. Og de representerer ein slik kontinuitet, slo han fast.

Langt etterslep

Dekan Pål Barkvoll understreka kor viktig det er med lojalitet og kor høgt det heng å få tildelt Noregs Vels medalje for lang og tru teneste.  «Alle dei ulike gruppene av tilsette er like viktige som delar av eit stort tannhjul som i fellesskap kan jobba for å nå målet til fakultetet om å levera best mogleg forsking og undervisning til samfunnet», skriv han i ein epost til Uniforum. Grunnen til at det er så mange som får tildelt medaljen i år, er det lange etterslepet av medarbeidarar som ikkje har fått denne heideren tidlegare.  Dei som fekk denne æra denne gongen var medarbeidarar som blei tilsette seint på 1960-talet og heilt fram til 1983.

Vil ha årleg seremoni

Dekanatet på odontologi ynskjer å innføra dette som ein årleg seremoni for å heidra gode medarbeidarar av alle kategoriar, opplyser dekan Pål Barkvoll til Uniforum.

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2013 17:30 - Sist endra 19. des. 2013 17:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere