Ber universitetsforskarar satsa meir på programstøtte

- Universitetsforskarar må bli flinkare til å søkja på program og ikkje satsa alt på fri prosjektstøtte. Oppfordringa kjem frå adm.dir.  Arvid Hallén i Forskingsrådet som no foreslår ein auke på ein milliard kroner i budsjettet for 2015.

BRUK FORSKINGA! - Forskinga kan vera med på å gi svar og løysingar på dei store utfordringane som samfunnet står overfor, men då må forskinga kommuniserast og takast i bruk, seier adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet. I 2015 foreslår Forskingsrådet at det blir satsa på eit program med tittelen "Bruk og nytte av forskinga". (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Klima og informasjons- og kommunikasjonsteknologi er to viktige stikkord i det budsjettforslaget for 2015 som Forskingsrådet no har sendt Regjeringa. Forskingsprosjekt som arbeider for FNs mål om ikkje å auka  gjennomsnittstemperaturen på jorda med meir enn to grader, vil ha auka sjansar for å få pengar frå Forskingsrådet, om forslaget blir fylgt opp i statsbudsjettet.

Robuste samfunn i eit endra klima

Den store satsinga som Forskingsrådet har kalla Togradersmålet går til utviklinga av miljøvennlege energiformer, CO2-lagringsteknologi og klimaomstilling.

– Naturvitskapleg forsking vil det sjølvsagt bli behov for innanfor dette området. Også samfunnsvitskapleg forsking vil det vera behov for. Der kan dei undersøkja og finna ut korleis det er mogleg å byggja robuste samfunn i eit endra klima, understrekar Hallén.

Forsking for ein aktiv alderdom

Ei anna satsing er kalla "Fleire aktive og sunne år", og omfattar både medisinsk forsking, omsorgsforsking og teknologi. I Noreg vil ein større og større del av innbyggjarane vera eldre som lever lenge, og som vil ha ein aktiv alderdom.

– Det gjer det naudsynt å auke forskingsinnsatsen på det sjukdomsbiletet som då vert vanlegare. Dessutan må det forskast meir på korleis omsorgsbehovet kan ivaretakast med færre hender tilgjengelege og korleis det kan leggast til rette for ein aktiv alderdom, fortel Hallén.

Fram til no har Forskingsrådet hatt eit  ti år langt program for forsking på informasjons- og kommunikasjonsteknologi.  Programperioden går ut i 2014, men det vil ikkje seia at satsinga på dette området tar slutt.

Satsar på innkjøp av vitskapleg utstyr

– No foreslår me at denne forskinga må styrkjast frå og med 2015 og fleire år framover. Me vil engasjera universiteta til å satsa på langsiktig og grunnleggjande IKT-forsking.På same måten vil me halda fram med å støtta nyskapande forskingsmiljø, lovar Hallén.

På prioriteringslista til Forskingsrådet står også pengar til bygging av infrastruktur  i forskingsmiljøa. Det kan vera innkjøp av superdatamaskinar, spesialutstyr og bygging av nye og moderne laboratorium.

Forskinga må bli tatt i bruk

Eit anna nytt satsingsforslag har fått namnet "Bruk og nytte av forskinga".

⎼ Dette er eit område som har fått for lite merksemd,  Forskinga kan vera med på å gi svar og løysingar på dei store utfordringane som samfunnet står overfor, men då må forskinga kommuniserast og takast i bruk.

– Me kjem til å etablera eit eige forskingsprogram for dette. Målet er å finna fram til kva kommunikasjonsformer som kan sikra at forskinga  kan bli tatt i bruk av samfunnet. Samstundes må ein tenkja langsiktig fordi det kan ta 20-30 år frå eit funn blir gjort, til ein klarer å gjera seg nytte av det, konstaterer han.  Dette har også å gjera med rammevilkåra for kommersialisering av forsking.

 

Dette er dei føreslegne satsingsområda til  Forskingsrådet i 2015:

• To-gradersmålet (80 mill. kroner)

• Fleire aktive og sunne år (80 mill. kroner)

• Ressursbaserte næringar (50 mill. kroner)

• IKT- Mogleggjereande teknologiar (50 mill. kroner)
• Nyskapande forskingsmiljø (90 mill. kroner)

• Eit forskingsorientert og innovativt næringsliv (80 mill. kroner)

• Bruk og nytte av forskinga (40 mill. kroner)

• Internasjonalisering - Horisont (63 mill. kroner)

Forskingsrådsdirektøren er opptatt av at altfor mange universitetsforskarar satsar alt på at dei skal få pengar frå Fri prosjektstøtte.  Berre 10 prosent av dei som søkjer på denne potten, får tildelt pengar.

- Sjølv om det har vore eit svært positiv utvikling for  Fri prosjektstøtte dei siste åra, så vil det for mange av dei vera klokt å utnytte moglegheitene i dei ulike forskingsprogramma og søkja om pengar frå eitt av dei.  For mange vil dette gi betre sjansar for finansiering,  seier Hallén.

Vil støtta unge forskartalent  

Samstundes vil Forskingsrådet halda fram med å støtta framifrå forskingsmiljø og forskartalent.

– Støtta til unge forskartalent er eit nytt grep frå 2014  Målet er å støtta unge forskarar og gi dei eit godt grunnlag for ei framtidig forskarkarriere, Dette vil også bringa opp nye, gode idear, presiserer han.

 

I 2014 kjem også dei første utlysingane frå EUs nye rammeprogram for forsking, Horisont 2020.

– Der må forskarar i Noreg gripa sjansen. Dette vil gi finansiering og ikkje minst gi sjansen til å koma inn i internasjonale nettverk med toppforskingsmiljø. Dette vil vere utruleg viktig for norsk forsking, seier Arvid Hallén.

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2013 16:44 - Sist endra 3. des. 2013 16:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere