Banebrytande UiO-prosjekt får skryt av NORAD

Demokratiprogrammet i Indonesia og utviklinga av helseinformasjonssystem i utviklingsland (HISP) får karakteren framifrå i NORADs siste årsrapport. Desse UiO-prosjekta har fremja demokratiutvikling og gjort helsetenester meir tilgjengelege.

HJELP HJELPER: Demokratiprogrammet ved Universitas Gadjah Mado (biletet) som både Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder støttar, får rosande omtale i NORADs årsrapport for 2013.

Foto: Universitas Gadja Mada

Indonesia er verdas tredje mest folkerike land. Sidan 1998 har det gått føre seg reformer for å demokratisera landet. Ifylgje NORAD har folk sett lite til desse reformene, og dei kan difor lett mista trua på demokratiet. Både korrupsjon og anna maktmisbruk er mellom årsakene til det.

Pådrivar for demokratiseringa

Universitetet Gadjah Mada var ein av dei viktigaste pådrivarane for demokratiseringsprosessen som gjorde det slutt på Suhartos diktatur i 1998. Det gir universitetet med 50 000 studentar og hundrevis av professorar stort truverd, og derfor lyttar både den økonomiske og politiske eliten til det universitetet, går det fram av NORAD-rapporten, som nyleg blei publisert.

Universitetet vil gjerne styrkja forsking og utdanning i menneskerettar og demokrati, først og fremst i høve til forvalting av naturressursane og klimaet. Etter universitetet si oppfatning vil dette gi meir relevant kompetanse og kunnskap til samfunnsdebatten og utviklinga i Indonesia, heiter det i NORAD-rapporten 2013. Både Universitetet i Agder og Universitetet i Oslo samarbeider med Universitetet Gadjah Mada for å realisera desse måla. Medan Universitetet i Agder begynte å samarbeida med det indonesiske universitetet frå 1992, kom UiO på bana i 2003.

– Fann dei som ville ha reformer

Det er professor i statsvitskap Olle Törnquist som har leidd UiOs del av prosjektet for demokratiutvikling i Indonesia. Han er svært nøgd med NORADs vurdering av demokratidelen i utdannings- og forskingssamarbeidet.

– Det er alltid fint å få positive evalueringar, men sjølv er eg uroa over at det resultatet kunne ha blitt mykje betre, og at me ikkje har lært ordentleg av det som ikkje har gått så bra.

– Kva trur du er grunnen til at prosjektet er blitt så vellykka?

– Det som verkeleg er blitt bra, skuldast at me byrja med å identifisera og støtta lærarar, forskarar og studentar både utanfor og innanfor universitetet Gadjah Mada, som verkeleg ville fremja demokratisering av landet gjennom betre utdanning og forsking i samarbeid med frivillige organisasjonar og folkerørsler. Seinare har desse aktørane prøvd å institusjonalisera aktivitetane sine, fortel han til Uniforum.

– Har medverka til samfunnsreformer

Olle Törnquist er overtydd om at utdannings- og forskingssamarbeidet med Indonesia har vore medverkande til at det er innført viktige samfunnsreformer i Indonesia. Han viser til at det er blitt laga landsomfattande kartleggingar av samfunnsforholda i landet. Slik har demokratirørsla klart å medverka til å setja fingeren på både tilbakesteg og framsteg i demokratiseringa og laga informasjon som forskarar, studentar og aktivistar og progressive politikarar brukar i arbeidet sitt.

– Framfor alt har me klart å visa at det største problemet i landet ikkje er korrupsjonen, men den manglande demokratiske representasjonen av dei interessene og samfunnsgruppene som kan kjempa mot maktmisbruket. Me har dessutan klart å visa korleis demokratirørsla er blitt isolert på grasrota, og ikkje har klart å koma inn i den organiserte politikken. Resultatet er at alt frå dei frivillige organisasjonane til fagrørsla har begynt å engasjera seg i noko dei kallar for «go politics», fortel Törnquist.

Fakta om Indonesia-programmet:

I perioden 1999–2012 blei samarbeidet mellom UGM og UiA støtta med om lag 6,3 millionar kroner av norske bistandsmidlar. Samarbeidet mellom UGM og UiO fekk om lag 17 millionar kroner i perioden 2006-2013 gjennom NOMA og NUFU-prosjekter. Den nye avtalen for 2012–2017 har ei ramme på 31 millionar kroner.

NORADS vurdering

(Kjelde: NORAD)

I hovudsak er Olle Törnquist nøgd med den støtta NORAD gir til dette utviklingsprosjektet, sjølv om han også viser til døme på mindre vellykka prosjekt.

– Med unntak for alvorlege mistak i Aceh, er eg generelt sett nøgd med støtta frå NORAD fram til slutten av 2012. Etterpå har me måtta avslutta utdanningssamarbeidet. Me har fått avslag på ein søknad om å støtta eit utvida akademisk samarbeid mellom Universitetet Gadjah Mada og universitet i Nepal, Burma og India. Støtta til den sjølvstendige forskinga som la grunnlaget for framstega er blitt redusert til fordel for arbeid leidd av institusjonane, utan at det er gjort nærare greie for korleis institusjonane skal arbeida med dette, seier Olle Törnquist.

Dei konkrete resultata av NUFU-prosjektet mellom UiO og Universitetet Gadjah Mada er publiseringa av 51 vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift sidan 2006. Forskingsresultata er det blitt skrive artiklar og debattinnlegg om i Indonesia. Slike innlegg har skapt næring til ein brei debatt om styresett og korrupsjon i landet, og på den måten inspirert demokratirørsla, melder NORAD. Med Noregs hjelp har også landet etablert ein elektronisk journal til forsking på makt, konflikt og demokrati i Søraust-Asia. NORAD er framleis litt uroa for det låge talet på kvinnelege studentar på PhD-nivå, men trur at det kan løysast ved å rekruttera fleire kvinnelege forskingsassistentar. Masterprogrammet kan visa til ein gradvis auke i talet på kvinner.

Helsedata gir betre helse

Det andre UiO-prosjektet som får ein svært god karakter i årsrapporten til NORAD, er prosjektet som utviklar helseinformasjonssystem (HISP) som kan vera til nytte for opptil 1,3 milliardar menneske. Health Information System Programme (HISP) er eit globalt nettverk leidd av UiO, som arbeider for å styrkja helseinformasjonssystem. Det blir gjort ved å gjera innsamling, analyse og bruk av helsedata og indikatorar betre. Nettverket har utvikla og held ved like det opne tilgjengelege dataprogrammet District Health Information Software( DHIS). Noreg støttar prosjektet gjennom å gi pengar til programutvikling og gjennomføring av dataprogram for helseinformasjonssystem i utviklingsland, men også til utdanning av master/PhD-studentar i helseinformatikk. HISP er ein sentral partnar for FN, skriv NORAD.

Fakta om HISP:

HISP = The Health Information Systems Programme

Noreg har støtta HISP med 130 millionar kroner sidan 1995. Universitetet i Oslo har investert ein liknande sum til eiga drift, medan ei rekkje andre internasjonale partnarar gir støtte i dei enkelte landa som blir omfatta av programmet.

NORADs vurdering

(Kjelde: NORAD)

100 masterstudentar og 20 PhD-studentar

Sidan 1998 har HISP bidratt til uteksamineringa av meir enn 100 mastergradsstudentar og 20 PhD-studentar frå mellom andre Etiopia, Malawi, Mosambik, Sri Lanka og Tanzania. Nettverket omfattar i dag 30 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Samtidig er data for elleve standardindikatorar for mødre- og barnehelse tilgjengelege i 75 land. NORAD meiner dette gjer det lettare å måla framgang mot tusenårsmåla til FN. Prosjektet har hjelpt til med å heva kvaliteten på datamaterialet  i dei landa dei arbeider i, konkluderer NORAD. På grunn av mobilrevolusjonen og internettbaserte helseinformasjonssystem ser NORAD føre seg raskare rapporteringstid og desentralisert tilgang til informasjon. Det gir lokal og rask respons på helseutfordringar, skriv NORAD i årsrapporten for 2013.

Grunnleggjarane av prosjektet er informatikkprofessorane Kristin Braa og Jørn Braa og Sundeep Sahay. Tidlegare i år fekk dei UiOs innovasjonspris for å ha utvikla dette helseinformasjonssystemet.

Les meir om helseinformasjonssystemet i Uniforum:

Livsviktig nyskaping

 

 

Emneord: Innovasjon, Statsvitenskap, Internasjonalisering, Afrika, Asia Av Martin Toft
Publisert 17. des. 2013 15:55 - Sist endra 18. des. 2013 09:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere