UiO-studenten tilbake som kunnskapsminister

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom i dag for første gong tilbake til den gamle studiestaden sin Universitetet i Oslo som statsråd. Det skjedde på styreseminaret til Kunnskapsdepartementet i Georg Sverdrups hus.

VENDE TILBAKE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var i dag tilbake på UiO, der han tidlegare har vore student.

Foto: Ola Sæther

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen brukte høvet til å oppfordra styra for universiteta og høgskulane til å bli meir effektive og til å satsa endå meir på kvalitet:

– Styra må bli flinkare til å setja i verk vedtaka dei gjer. Og dei må seia like ofte nei som ja til forslag. Å prioritera kvalitet vil seia at noko anna må prioriterast ned, sa kunnskapsministeren til den tunge forsamlinga av styrerepresentantar frå alle universitet og høgskular i Noreg.

– Førebels vil me frysa dagens struktur i universitets- og høgskulesektoren, før me bestemmer kva status quo skal bli. I mellomtida håpar eg de sender meg gode idear og løysingar for korleis status quo bør bli, sa Torbjørn Røe Isaksen.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2013 16:31 - Sist endra 19. nov. 2013 16:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere