Naudsynt med menneskerettsdomstol for heile verda

– Draumen min er å etablera verdas menneskerettsdomstol, seier den austerrikske juristen Manfred Nowak som sist måndag fekk utdelt UiOs menneskerettspris for 2013

ENDRA HALDNING: – Eg meiner me bør endra våre haldningar til dei som kjem frå landa utanfor Vesten. I staden for å føra ein krig mot terror, må me bry oss meir om fattigdomen, seier Manfred Nowak , vinnaren av UiOs menneskerettspris for 2013.

Foto: Ola Sæther

Manfred Nowak er menneskerettsprofessor frå Austerrike, der han mellom anna deltok i etableringa av Ludwig Boltzmann Institut für Menchenrechte i Wien i 1992. Men han er truleg mest kjent gjennom innsatsen som FNs spesialrapportør for tortur 2004–2010. Heile tida har han vist eit modig forsvar for grunnleggjande menneskerettar, står det i priskomiteen si grunngjeving for å gi han UiOs menneskerettspris for 2013.

No arbeider han for at det skal byggjast opp ein menneskerettsdomstol for heile verda. Den skal kunna ta avgjerder i saker som er viktige for heile verdssamfunnet.

– Då tenkjer eg på globale kriser som finanskrisa og klimaendringane, men også på væpna kriser som verdssamfunnet med FN i spissen ikkje klarer å løysa. Med ein internasjonal menneskerettsdomstol ville det ha vore mogleg å kunna ha gjort nok meir for å få slutt på borgarkrigen i Syria, trur Manfred Nowak.

– Kunne stilt NATO og FN for retten

 Ein slik domstol ville også fått andre oppgåver.

– Om NATO, Verdsbanken eller FN står bak menneskerettsbrot kunne desse organisasjonane bli stilte til ansvar i ein slik domstol. Dersom multinasjonale selskap bryt lova i eit land, så må det vera mogleg å gi heile det multinasjonale selskapet ansvaret for det, peikar han på. Han trur dette kan vera eit langt steg fram i det legale forsvaret for menneskerettane.

– I dag har me vakre og flotte menneskerettar. Men me manglar ein verdsomfattande menneskerettsdomstol som kan vera ei juridisk vaktbikkje for menneskerettane, meiner han.

 – Treng meir global styring

– Vil det vera mogleg å få til ein slik domstol?

– Me klarte å få til ein internasjonal straffedomstol for folkemord og krigsbrotsverk. Slik visste alle som hadde vore leiarar for konsentrasjonsleirar og politiske leiarar som stod bak massedrap og krigsbrotsverk at dei kunne bli stilte til ansvar for det etter at konflikten var over. Me klarte å få det til i det vesle opne vindauget me fekk rett etter at Den kalde krigen tok slutt. Det er viktig både for at overgriparane skal bli straffa og for offera at det blir etablert ein slik menneskerettsdomstol. For at me skal kunna løysa matkriser, klimaendringar og finanskriser er det også naudsynt å halda kontroll med dei internasjonale marknadskreftene. Om me ikkje klarer å få til ein større grad av global styring, vil me ikkje klara å løysa dei internasjonale krisene. Klokka er fem på tolv no.

– FN er for svak

– Kan ikkje FN gjera ein slik jobb?

– Nei, FN er for svak i dag. FN blei organisert slik verda var rett etter Den andre verdskrigen. Difor må det gjerast noko med FN-charteret, og det må også skje ei omstrukturering av Tryggingsrådet. Her må det også bli plass for verdas menneskerettsdomstol.

– Kva kan universiteta og akademikarane gjera for at ein slik domstol skal bli ein røyndom?

– For det første så var dette ein idé som har kome frå akademia. For at det skal kunne bli bygd opp ein slik domstol, må sjølvsagt politikarane og frivillige organisasjonar også støtta den ideen. Akademikarane er også viktige for at politikarane skal forstå kor god denne ideen er. Eg forstår det slik at Universitetet i Oslo har starta eit internasjonalt universitetsnettverk mot dødsstraff. Det er viktig og me har kome langt med å få det til. Nesten heile Europa er fri for dødsstraff, samtidig som mange store og viktige land i verda framleis avrettar folk. Me akademikarar kan skapa merksemd rundt ei sak, men det er politikarane som må ta avgjerdene.

– Det verste overgrepet

– Står det betre til med respekten for menneskerettane i dag enn rett etter Den andre verdskrigen?

– Holocaust med utryddinga av seks millionar jødar under Den andre verdskrigen er det største overgrepet i menneskeslekta si historie. På den andre sida var etableringa av FN etter krigen eit stort steg framover. Me fekk mellom anna vedtatt Den internasjonale menneskerettserklæringa. Samtidig så var det militærdiktatur i Latin-Amerika og kommunistregime i Aust-Europa. Då kommunistregima fall, skapte det demokrati og fridom både i Aust-Europa og i mange andre tidlegare kommuniststatar. Ved hjelp av FN blei det slutt på koloniveldet, og i Sør-Afrika blei apartheid til slutt avskaffa. Og også militærdiktatura i Latin-Amerika forsvann. Både Europa og Latin-Amerika er i dag dødsstraff-frie soner. Det har altså skjedd mange positive ting.

– Nyliberalismen tok over

Likevel meiner han at endå meir kunne blitt gjort, om dei landa som tidlegare tilhøyrde den frie verda, hadde gjort meir for å forstå dei tidlegare kommunistlanda.

– Dei brukte ikkje det opne vindauget til å betra likestillinga mellom kjønna, og dei prøvde heller ikkje å fusjonera Vestens tradisjonelle syn på menneskerettar med det rådande synet i dei gamle kommunistlanda. Landa var meir opptekne av å feira sigeren over kommunismen og å innføra marknadsøkonomien. Nyliberalismen tok over menneskerettsagendaen. Men menneskerettar er mykje meir enn det, understrekar han.

– Må endra haldningane våre

Etter hans oppfatning må dei som bur i dei rikaste landa i Vesten også prøva å forstå kvifor det er så mykje hat mot Vesten.

– Det er ikkje berre i dei islamske landa det skjer. Også i land med andre religionar er det tilfellet. Eg meiner me bør endra våre haldningar til dei som kjem frå desse landa. I staden for å føra ein krig mot terror, må me bry oss meir om fattigdomen. Me må ta meir ansvar for klimaendringane, som det er dei fattigaste landa som merkar mest til. Dessutan gjer me det altfor vanskeleg å koma inn i festning Europa. Alle som klarer det , må rett i politiavhøyr. Det er ingen god velkomst. Resultatet blir at folk mister livet, slik som det som skjedde utanfor øya Lampedusa. Me må endra asylpolitikken vår.

– Korleis tykkjer du det er å ta imot UiOs menneskerettspris?

– Eg synest det er flott at ein pris som blei oppretta av ein som overlevde Holocaust, altså Leo Eitinger, går til ein person frå eitt av landa som var ansvarlege for den ugjerninga. For meg er det eit fint prov på at det arbeidet eg gjer, blir sett pris på, og det oppmuntrar meg til å halda fram, seier menneskerettsprisvinnar Manfred Nowak.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2013 15:04 - Sist endra 20. nov. 2013 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere