«Fysikk på roterommet» er blitt utstilling

Før fjernsynet kom til Noreg, dreiv parhestane Helmut Ormestad (1913-1993) og Otto Øgrim (1913-2006) folkeopplysning på radio. Då fjernsynet kom, var dei dei første som formidla kunnskap om forsking. No er programmet «Fysikk på roterommet» blitt til utstilling i Realfagsbiblioteket på Blindern.

TIDLAUS FORMIDLING: Elevane Audun Agnar Gulbrandsen, Julie Eldøy og Mathias Mork likar utstillinga om "Fysikk på roterommet". Det gjer også realfagslærar Halvor Egner. Dei held til vanleg til på Oslo by Steiner-skole.

 

Foto: Ola Sæther

Fysikkprofessorane Helmut Ormestad og Otto Øgrim er også plasserte midt i utstillinga som pappdokker i naturleg storleik. Samtidig kan dei som besøkjer utstillinga, sjå programma deira gå kontinuerleg både på ein storskjerm og på eitt av dei mange fjernsynsapparata frå 1970-talet. Midt i roterommet er det også plass til fysikkforskarar som vil rekonstruera nokre av eksperimenta som Otto Øgrim og Helmut Ormestad gjorde på roterommet. Rekonstruksjonen av roterommet er ei markering av at det i år er 100 år sidan dei to fysikkprofessorane blei fødde.

Pingpongballar blei nøytron

Førsteamanuensis Ellen K. Henriksen på Skulelaboratoriet ved Fysisk institutt fortel om eit forsøk som dei to engasjerte formidlarane stod bak. – Ein gong skulle dei demonstrera korleis ei atombombe verkar. Først fører eit nøytron til at ein atomkjerne blir spalta, og det vert frigjort 2-3 nye nøytron, som spaltar nye kjernar, og så bortetter i ein kjedereaksjon som blir til ein enorm eksplosjon. For å visa dette la dei to ping-pong-ballar på kvar sine musefeller som dei plasserte tett i tett i eit rom. Så kasta dei ein pingpongball som utløyste ei musefelle og frigjorde to nye pingpongballar, som igjen utløyste nye musefeller, inntil heile rommet var fylt av ballar. Det må ha tatt fleire timar å byggja opp dette eksperimentet og ti sekund å utføra det, fortel ho.

Tidlaus formidling

Denne veka var også ein avgangsklassen frå Oslo by Steinerskole på besøk. Dei likte det dei såg.

– Det er svært bra at me får sett dei originale programma deira på fjernsyn i utstillinga. Programma er ganske tidlause, synest eg, seier Audun Agnar Gulbrandsen.

– I dag finst det program som Newton som liknar på «Fysikk på roterommet», seier Julie Eldøy. – Eigentleg høyrer eg mest på NRK P3 i radio, men når eg finn ein god podkast, høyrer eg på den utan at eg veit kva radiostasjon som har produsert den, seier ho. Mathias Mork likte også besøket i Realfagsbiblioteket: – Ja, det gjer det lettare for oss å koma hit for å låna lærebøker og andre bøker me har behov for i undervisninga, synest han.

Lågare terskel for å besøkja UB

Også realfagslærar Halvor Egner synest besøket i utstillinga og på Realfagsbiblioteket har vore ein god idé.

– Absolutt. No forstår dei at Universitetsbiblioteket også kan brukast av skuleelevar og ikkje berre av forskarar. Terskelen for å ta turen hit, er blitt lågare, er han overtydd om.

Live Rasmussen er sjef for Realfagsbiblioteket og ansvarleg for utstillinga. Ho klarer ikkje å fullrosa Bjørn Vidar Johansen og Anne Vaalund i Museum for universitets- og vitskapshistorie nok. – Dei har gjort ein fantastisk jobb. Eg vil også gi masse skryt til Chloé Turlotte som har designa utstillinga, og tidlegare har designa Nasjonalbiblioteket i Bryssel. Og eg vil sjølvsagt også trekkja fram bibliotekar Knut Hegna, som hadde ideen til ei slik utstilling. Det har dessutan vore ei god oppleving for oss å samarbeida så nært med NRK, seier ho.  Utstillinga vil stå fram til nyttår.

INTERNASJONAL INTERESSE: Også ein delegasjon av bibliotekarar frå Mexico likte utstillinga av "Fysikk på roterommet". På biletet står mellom andre Felicia Herrador, Adacelia Lopez R., Mercedes Guradarrama, Marisela Betauzor, Lorena Reyes Sanchez, Norma A. Garcia og Gerardo Reyna (lengst til høgre). (Foto: Ola Sæther).

Les meir om utstillinga i Realfagsbiblioteket.

Hos NRK kan du finna fleire opptak frå programserien "Fysikk på roterommet".

Emneord: Forskningsformidling, Naturfag, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2013 15:57 - Sist endra 29. nov. 2013 01:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere