I eit av framlegga til endring av Universitets- og høgskulelova går Kunnskapsdepartementet inn for å gi seg sjølv rett til å avsetja enkeltmedlemer av universitets- og høgskulestyre. I dag har Kunnskapsdepartementet høve til å kasta heile styret for ein institusjon «om styret ved sine disposisjoner bringer institusjonens videre virksomhet i fare». Det har samtidig høve til å nemna opp eit mellombels styre til eit nytt styre er valt og oppnemnt.
Kunnskapsdepartementet foreslår no at det også skal ha høve til å seia opp enkeltmedlemer frå styret, i tilfelle der ein styremedlem er dømd for straffbare forhold, ser ut til å utgjera ein fare eller er eit trugsmål for omgivnadene sine eller at det kan vera andre ting som gjer at personen vil koma i sterk konflikt med den tilliten som er naudsynt for å ha eit slikt verv.
– Brot på autonomien
På møtet i Universitetsstyret ved UiO i går gjekk rektor Ole Petter Ottersen sterkt ut mot forslaget.
– Det er dette styret som har mandat til å avsetja enkeltmedlemer som ikkje oppfører seg bra, frå dette styret. Forslaget frå Kunnskapsdepartementet bryt med autonomien eller sjølvstyret til universiteta og høgskulane, slo han fast. UiO-rektoren fekk full tilslutnad til dette synet frå dei andre medlemene i Universitetsstyret.
Styrerepresentant for dei vitskapleg tilsette, Kristian Gundersen går også til kraftig åtak på forslaget frå Kunnskapsdepartementet om å gi seg sjølv rett til å kunna kasta ut enkeltrepresentantar.
– Kvifor i all verda skulle dei ha den retten? I aksjeselskap har til samanlikning ikkje eigarane rett til å avsetja tilsette-representantar. Eg trudde universitet skulle ha ei særleg fri stilling, og i 800 år har dei vore styrte av dei faglege tilsette. Skal dei interne representantane ha ei mindre uavhengig stilling enn i aksjeselskap? Eg oppfattar forslaget som heilt urimeleg og kan berre spekulera i kva maktbehov som ligg bak, seier Kristian Gundersen, som gjerne vil understreka ein viktig ting til.
– Forslaget er dessutan ikkje avgrensa til straffbare forhold, dei kan avsetja ein kvar dei ikkje måtte ha tillit til.
Ynskjer ikkje blind sensur
Eit anna forslag om å innføra ein rett til tvungen avslutning av doktorgradsutdanning om nokon har brote reglane for god forsking, gjekk UiO også imot. Samtidig støtta dei Kunnskapsdepartementets haldning om at det ikkje skal innførast blind sensur. Men Universitetsstyret understreka at studentrepresentantane har eit anna syn på dette enn fleirtalet i styret.
Dei andre endringane i Universitets- og høgskulelova hadde ikkje Universitetsstyret problem med å støtta. Dei handlar mellom anna om rett til utsett eksamen for studentar som får barn, makt til å stengja studentar ute og informasjonsutveksling om vedtak om fusk og bruk av falske dokument med meir.
Høyringsfristen for dei føreslegne endringane i Universitets- og høgskulelova er sett til 1. november i år.
(Oppdatert 24.10.2013, kl. 10:50)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere