Sentraladministrasjonen får nytt namn

Sentraladministrasjonen (SA) får namnet UiO: Leiing og støtteeiningar (Ledelse og støtteenheter) frå nyttår. I kortversjon blir namnet LOS, opplyste universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på eit allmøte for dei tilsette i SA i dag.

AKADEMISK OMROKERING: Sentraladministrasjonen har gjort ei akademisk omrokering og får namnet UiO: Leiing og støtteeiningar  (LOS).  Det fortalde universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på eit allmøtet fredag 24. oktober.

Foto: Ola Sæther

I formiddag blei alle dei nye mellomleiarane i Sentraladministrasjonen presenterte for dei dei skal leia, på eit allmøte i Georg Sverdrups hus.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe bad først den nyutnemnde direktøren for administrativ støtte, Ellen Johanne Caesar koma opp. Så fekk ho i oppgåve å presentera dei nye seksjonssjefane og avdelingsleiarane i den avdelinga.

Deretter blei direktør for fagstøtte, Monica Bakken kalla opp for å gjera det same med sine nye mellomleiarar. Alle fekk applaus av dei mange hundre frammøtte. Nokre lurte på kva namna på dei nye avdelingane og seksjonane ville bli på engelsk, men det fekk dei ikkje svar på i dag. Derimot vil dei få svar på det så snart det er bestemt, opplyste universitetsdirektøren. Ho lova også at alle stillingane som skal nyrekrutterast, vil bli lyste ut, og UiO reknar med at dei som blir tilsette i desse mellomleiarjobbane, kan begynna rett etter nyttår.

Kommunikasjonsdirektør Marina Tofting, organisasjonsutviklingsdirektør Anita Sandberg og leiar for systemeigarskap og IT, Johannes Falk Paulsen er innplasserte i Eininga for leiarstøtte. Bedriftshelsetenesta vil få Kolbjørn Talle som sjef frå 6. januar, medan Elisabeth Mona vil halda fram med å vera HMS-koordinator på UiO. I Internadministrasjonen vil Bjørnar Sarnes fungera som sjef fram til ny underdirektør er på plass rett etter nyttår.

I løpet av dei næraste vekene blir også alle dei andre tilsette i Sentraladministrasjonen plasserte i den fagavdelinga og seksjonen dei skal høyra til.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe lova også alle dei ny mellomleiarane høve til å utvida kompetansen sin gjennom eit eige leiarutviklingsprogram

Dette er eit oversyn over mellomleiarar i Fagstøtte, Administrativ støtte, Personalstøtte og Internadministrasjon:

Fagstøtte

Administrativ leiar: Seksjonssjef Hanna Ekeli

Sentralbordet:

Seksjonssjef Jon Vollset

Seksjon for opptak og tilrettelegging:

Seksjonssjef Camilla Haugland
Nestleiar Hanne-Gerd Nielsen

Seksjon for forskings-, utdanningsstøtte og internasjonalisering:

Seksjonssjef Ingrid Sogner
Nestleiar blir nyrekruttert

Seksjon for forvalting av forsking og utdanning:

Seksjonssjef Hege Bolstad Pettersen
Nestleiar blir nyrekruttert

Seksjon for kommunikasjon og studentinformasjon:

Seksjonssjef Kristin Fossum Stene
Nestleiar blir nyrekruttert

Seksjon for samfunnskontakt og arrangement:

Seksjonssjef blir nyrekruttert
Seksjonssjef Hanna Ekeli har det mellombelse ansvaret

Seksjon for studieadministrative system:

Seksjonssjef nyrekrutteres
Seksjonssjef Hege Bolstad Pettersen har det mellombelse ansvaret

Administrativ støtte

Rekneskapsseksjonen:

Seksjonssjef (rekneskapssjef) Tone Rogstadkjærnet

Seksjonssjef (assisterande regnskapssjef) Nina Hvistendahl

Avdelingsleiar (gruppeleiar) Erik Vollen

Avdelingsleiar (gruppeleiar) Lars Myhrvold

Lønningsseksjonen:

Seksjonssjef (lønningssjef) Inger Ann Faye

Avdelingsleiar (nestleiar) Wenche Uhlen

Esak:

Noverande avdelingsleiar sluttar, stillinga blir lyst ut

Innkjøpsseksjonen:

Seksjonssjef Jacob Landsvik

Avdelingsleiar (nestleiar) Tori Sandlie

Seksjon for applikasjonsforvalting:

Seksjonssjef (applikasjonssjef) Aase Elisabeth Kolstad

Seksjon for prosjekt/prosessforbetring:

Seksjonssjef blir nyrekruttert

Personalstøtte

Personaldirektør Irene Sandlie

Seksjonssjef (nestleiar) blir nyrekruttert

Internadministrasjon

Underdirektør blir nyrekruttert , Bjørnar Sarnes er mellombels leiar

Avdelingsleiar Helene Stockfleth

I eining for leiarstøtte er desse plasserte:

Marina Tofting, kommunikasjonsdirektør

Anita Sandberg, direktør for organisasjonsutvikling

Johannes Falck Paulsen, leiar for systemeigarskap IT

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, IHR Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2013 16:34 - Sist endra 29. okt. 2013 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere