UiO krev at borrelia-forskarar fylgjer norsk lov

Dei pensjonerte biologiprofessorane Morten Laane (t.v.) og Ivar Mysterud har fått eit klart krav frå leiinga på Institutt for biovitskap ved UiO om å dokumentera at dei fylgjer helseforskingslova i samband med forskinga på flått som berar av borrelia-bakterien. Det stadfestar instituttleiar Finn Eirik Johansen og dekan Morten Dæhlen overfor Uniforum.

MÅ FYLGJA LOVA:UiO krev at dei pensjonerte biologiprofessorane Morten Laane (t.v.) og Ivar Mysterud fylgjer norsk lov i forskinga dei driv for å finna svar på om flåttbit overfører borreliabakterien.

Foto: Ola Sæther, UiO

Det var i førre veke rektor Ole Petter Ottersen, viserektor Ragnhild Hennum, dekan Morten Dæhlen og instituttleiar Finn Eirik Johansen hadde eit felles møte. Temaet for møtet var den forskinga som dei pensjonerte biologiprofessorane Ivar Mysterud og Morten Laane har gjort for å påvisa at flåttbit fører til borrelia-infeksjonar som gir kronisk sjukdom hos dei mest uheldige. Både universitetsleiinga og instituttleiinga forlangar at dei to forskarane dokumenterer at dei har fylgt norsk lov i forskinga dei har utført.

– Me ynskjer ikkje å blanda oss inn i forskinga deira, men me i instituttleiinga krev at dei fylgjer Helseforskingslova og HMS-reglementet, seier Finn Eirik Johansen til Uniforum. Instituttleiinga tillet ikkje at det går føre seg forsking eller arbeid her på instituttet som er strid med norsk lov, understrekar Johansen. Dekan Morten Dæhlen sluttar fullt opp om kravet frå instituttleiar Finn Eirik Johansen.

Mikroskopisk metode

Det var i ein artikkel i årets første nummer av det vitskaplege tidsskriftet Biological and Biomedical Reports, dei to forskarane først presenterte funn som dei meiner provar at det er mogleg å bruka ein heilt ny metode for å oppdaga borreliabakterien. Kort fortalt går det ut på å bruka mikroskop for å sjå på innhaldet i blodprøvar frå pasientar som er blitt bitne av flått. Dei meiner at strukturane dei ser på bileta gjennom mikroskop, er borreliabakteriar. På den måten har dei funne borreliose i blodet til mellom andre TV-kjendisen og eventyraren Lars Monsen.

Harde åtak frå medisinske forskarar

Etter at forskingsmagasinet Apollon først fortalde om funnet i mai, har det medisinske forskingsmiljøet tatt kraftig til motmæle mot funna til dei to biologane.

– Artikkelen framstiller ukritisk ein lite utprøvd og difor uviss metode som ein sikker test på sjukdom, seier nevrologiprofessor Åse Mygland ved Sørlandet sjukehus, Kristiansand. Dette sjukehuset er referanselaboratorium for borreliose, og Mygland har deltatt i arbeidet med å laga europeiske retningslinjer for diagnostikk og behandling av borreliainfeksjonar i nervesystemet, går det fram av ein artikkel i siste nummer av Apollon. Også medisinprofessor Anne Spurkland har reagert kraftig på borreliaforskinga til Ivar Mysterud og Morten Laane. Ho viser til at for at dei skal kunna påstå å ha utvikla ein metode for å diagnostisera personar med kronisk borreliose, må ein først visa at metoden slår negativt ut for personar som ikkje har borreliose og positivt for dei som har sjukdomen.

– Ein må altså samanlikna med sikre negative og positive kontrollprøvar. Så lenge Mysterud og Laane ikkje legg fram slike data, er arbeidet deira utan verdi, seier Spurkland til Apollon.

Melde til Helsetilsynet og Datatilsynet

Denne veka stiller også lege Preben Aavitsland seg i køen av kritikarar. Den tidlegare direktøren for Folkehelseinstituttet har meldt dei to forskarane til Helsetilsynet og Datatilsynet, melder NRK. Etter hans oppfatning har dei brote Helseopplysningslova fordi det ikkje ser ut som dei har søkt den regionale etiske komiteen for forsking om løyve til å driva denne forskinga. Han peikar på at pasientane i undersøkinga heller ikkje er godt nok anonymiserte. Dessutan synest han at det er uheldig at personar som gjerne vil vera med i undersøkinga, står fram med opne kommentarar med helseopplysningar på heimesida til Morten Laane.

– Ikkje sikker diagnostisk test

I eit eige innlegg i Apollon forsvarar dei to biologiprofessorane seg:

– Me har aldri oppgitt at vår mikroskopiske metode er nokon sikker diagnostisk test mot sjukdom. Me rapporterer berre det me ser på bilete, skriv Ivar Mysterud og Morten Laane. I innlegget slår dei også fast at prosjektet søkte og fekk løyve frå regional etisk komité for forsking til å undersøkja humant blod. I innlegget opplyser dei også at dei er blitt inviterte av Folkehelseinstituttet til eit forskingsprosjekt der hovudsaka er å studera diagnostikken av borreliose.

Verken Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet eller Institutt for biovitskap vil få noko særleg økonomisk igjen frå artikkelen til Ivar Mysterud og Morten Laane. Det vitskaplege tidsskriftet Biological and Biomedical Reports som publiserte artikkelen deira, tilhøyrer nemleg ikkje dei ypparste internasjonale tidsskrifta som er klassifiserte som nivå-2-tidsskrift av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Tidsskriftet er heller ikkje registrert i databasen til publiseringsutvalet til Universitets- og høgskulerådet (UHR). Tidsskriftet reklamerer sjølv med at fagfellevurderingane er fullførte berre tre veker etter at dei har fått artikkelen i hende.

Emneord: Etikk, Realfag, Universitetspolitikk, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2013 16:14 - Sist endra 9. sep. 2013 21:47

Selv for en astrofysiker er det elementært at borrelia er bakterie og ikke virus, og det burde det også være for et tidsskrift utgitt av UiO.

Per Barth Lilje - 4. sep. 2013 23:48

Det har du sjølvsagt heilt rett i. No er det retta opp og me skal prøva ikkje å repetera feilen.

Martin Toft - 5. sep. 2013 00:07

Synes det fortsatt står om borreliaviruset i denne artikkelen jeg?

Anne Spurkland - 9. sep. 2013 09:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere