Livsviktig nyskaping

Sør-Afrika hadde behov for eit nytt helseinformasjonssystem etter innføringa av demokrati og fleirtalsstyre i 1994. Å byggja dette systemet i samarbeid med styresmakter og universitet i Sør-Afrika blei temaet for Jørn Braas doktorgradsprosjekt. No er systemet blitt livsviktig for helsetenestene for 1,5 milliardar menneske i heile verda.

HELSEFREMJANDE: Søskenparet Jørn Braa og Kristin Braa har saman med Sundeep Sahay utvikla eit helseinformasjonssystem som gjer det langt lettare for helsestyresmakter å betra helsa til innbyggjarane

Foto: Ola Sæther

Helseinformasjonssystemet styrkjer helsevesenet i mange av verdas fattigaste land både i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Frå Sør-Afrika har det gått sin sigersgang til Mozambique, Tanzania, Malawi, Nigeria, Kenya, India og Bangladesh. Og det integrerte forskings- og utviklingsprogrammet har utdanna meir enn 30 ph.d.-kandidatar frå Afrika og Asia og bygd åtte masterprogram i helseinformatikk i Afrika. Utviklinga har gått frå sør til sør. Det er blitt lagt merke til på Universitetet i Oslo, og nyleg fekk Sundeep Sahay, Kristin Braa og Jørn Braa  ved Institutt for informatikk utdelt UiOs innovasjonspris for 2013.

– Det synest me sjølvsagt er ei stor ære, seier Kristin og Jørn Braa i ein samtale med Uniforum.

Sør-Afrika måtte reorganisera helsevesenet

Historia bak helseinformasjonssystemet grip også inn i verdshistoria.

– Etter at apartheidstyret var borte og demokrati og fleirtalsstyre var innført i Sør-Afrika, fann president Nelson Mandela og styresmaktene ut at dei måtte ha eit felles helseinformasjonssystem. Fram til då hadde Sør-Afrika berre hatt eit helsesystem som var bygd for dei kvite. Samtidig var det eigne landområde og «heimland» for svarte, farga og kvite. Desse 13 områda hadde eigne helseadministrasjonar. Då alle desse områda blei oppløyste og heile landet skulle reorganiserast til ein felles helseadministrasjon, fekk styresmaktene i Sør-Afrika behov for eit fleksibelt helseinformasjonssystem for heile landet. Slik begynte utviklinga av vår helseinformasjonsmodell, fortel syskenparet Kristin og Jørn Braa.

I dag jobbar dei i same forskargruppe, Globale infrastrukturar, med Kristin Braa som leiar, medan Jørn Braa og Sundeep Sahay er gode medprofessorar.

– Dette er eigentleg eit direkte resultat av Jørns doktorgrad om store datanettverksløysingar frå 1994, i kombinasjon med arven frå informatikkprofessor Kristen Nygaard og teorien hans om objektorientering og brukarmedverknad, seier Kristin Braa. Syskenparet skryter også over samarbeidet med Sundeep Sahay. – Saman med han dannar me eit fantastisk flott team. Han har gode kontaktar i India, og arbeider nært med delstatane som også gjerne vil ta i bruk systemet vårt, fortel dei.

Mor-barn-prosjekt

– Korleis blir helseinformasjonssystemet brukt ute i felten?

– Me har mange mor-barn-prosjekt. Då fylgjer ei jordmor eit barn frå svangerskap til fødsel og etter fødsel. Med jamne mellomrom sender jordmora inn opplysningar om mor og barn til eit sentralt nasjonalt helseregister. I dag gjer dei det i land som til dømes Kenya, Ghana og Uganda ved hjelp av det nyleg utbygde 3 G-nettet. Dermed kan dei data som jordmora legg inn i ei berbar datamaskin, sendast til helsestyresmaktene over Internett ved hjelp av ein mobiltelefon eller Smart-telefon. På den måten får me i dag inn data på 1 sekund, medan det kunne ta opptil 1-2 månader å få inn dei same opplysningane tidlegare. I Punjab i India arbeider 6000 helsearbeidarar på den måten, fortel Jørn Braa.

Ope tilgjengeleg for alle

Dei er alle stolte over at helseinformasjonssystemet er gratis og med open kjeldekode og ope tilgjengeleg på Internet.

– Det er den største opne kjeldekoden noko helseinformasjonssystem har i verda, ifylgje The Lancet. Og me er krye av det, seier dei.

Utviklinga skaut fart i 2007 då NORAD, Verdas helseorganisasjon og Noregs forskingsråd finansierte utviklinga og innføringa av dette helseinformasjonssystemet i mange av samarbeidslanda sine. Nyleg kom NORAD og PEPFAR (The U.S. President's Emergency Plan for AIDS Relief) med ei siste løyving på meir enn 20 millionar kroner. – Desse pengane gjer det mogleg å skalera opp system og samarbeid etter kvart som etterspurnaden aukar, men me driv ikkje med dette prosjektet fordi me trur det skal vera mogleg å gjera noko kommersielt ut av det. For oss er det nok at det fører til at dei som brukar helseinformasjonssystemet, får det litt betre. Målet vårt er at me hjelper til med oppstarten av systemet, og så får dei som vil ha det, overta drifta av det sjølve, fortel Jørn og Kristin Braa.

Tar kunnskapen med seg til heimlandet

Sidan dei starta prosjektet, har meir enn 30 doktorgradsstudentar blitt uteksaminerte innanfor dette emnet. No er 30 andre doktorkandidatar i gang med dette arbeidet. – Dei aller fleste av doktorkandidatane kjem frå Afrika, og målet vårt er at dei skal tilbake til heimlandet sitt med kunnskapen sin, fortel Jørn Braa.

I dag er over 100 land på lista over dei som har tatt systemet i bruk eller er interesserte i å gjera det. HISP-programmet, som dei tre innovasjonsprisvinnarane er ein del av, har også fått ein avtale med Globalt fond mot Aids, tuberkulose og malaria der dei støttar innføringa av helseinformasjonssystemet i dei 130 landa der organisasjonen arbeider. Dette samarbeidet er blitt testa i sommar med ei første innføring og støtte av systemet i Zimbabwe, Gambia, Senegal og Guinea-Bissau. – Det viktige er at all programvare, metodar og treningsprogram blir utvikla i eit samarbeid med sør innanfor rammene av HISP (Health Information System Program), som er eit sør-sør-nord-nettverk for forsking og utvikling. Eit anna viktig poeng er at programvaren berre er ein del av eit breiare samarbeid om forsking og utdanning med universitet og styresmakter i kvart enkelt land, seier Jørn Braa og Kristin Braa.

– Kristin og Jørn Braa, korleis er det å jobba saman i eit felles forskingsprosjekt?

– Det er sjølvsagt litt masete og strevsamt av og til, spøkjer Kristin Braa.

– Men det var Jørn som fekk overtalt meg til å studera informatikk. Før det var eg i Tromsø og studerte samisk. Så sa han til meg at eg burde lesa ei bok av ein stor dataguru. Etter det var eg selt til informatikken.

Medan Jørn Braa var på Norsk Regnesentral, begynte Kristin Braa som forskar på Institutt for informatikk. Etter nokre år fekk ho jobb som forskingssjef i Telenor. No er dei begge tilbake på instituttet. Snart skal Jørn Braa på tur til Burundi, Rwanda, Uganda, Kenya og Tanzaia. Før har han vore i Vietnam, der HISP har drive med programutvikling i ti år. – Der jobbar me med å ta i bruk helseinformasjonssystemet vårt i sjukehussektoren, seier Jørn Braa.

 

.

 

 

 

 

Emneord: Informatikk, Afrika, Asia, Internasjonalisering, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 20. sep. 2013 22:36 - Sist endra 20. sep. 2013 22:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere