Ingen parti vil ha fleire universitet

Uansett kva parti som vil sitja i regjering etter valdagen 9. september, vil det ikkje bli oppretta fleire universitet i Noreg. Det kom fram i valdebatten under markeringa av 50-årsjubileet til SV-fakultetet ved UiO i formiddag.

GOD STEMNING: Trine Skei Grande (V), Dagrun Eriksen (KrF) og Høgres Kristin Vinje og dei andre debattantane krydra valdebatten på Blindern med masse humor.

Foto: Martin Toft

– Eg har fått mykje kjeft fordi eg har sagt at det eigentleg er nok med fire universitet i Noreg, altså i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Difor står eg fast på at det får vera nok med dei åtte universiteta me har no. No er det i alle fall for seint å endra spelereglane.

Det sa Framstegspartiets Tord Lien i ein valdebatt om kunnskapspolitikken på Blindern i formiddag. Han var einsam mann i ein gjeng med kunnskapsengasjerte kvinner, med kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i brodden.

– No må me utvikla utdanningsmiljø av høg kvalitet. Høgskulane har mange gode profesjonsutdanningar som me har bruk for og som er viktige for oss, meinte ho. Arbeidarpartiets Marianne Aasen tykte at Stortinget og regjeringa ikkje måtte slå bommen ned for alle forsøk frå høgskulane på å bli endå betre.

– Det vil vera eit dårleg signal om dei får beskjed om at det ikkje er naudsynt å bli så gode at dei kan bli universitet. Det vil likevel ikkje føra til at dei får meir pengar, understreka ho.

Senterpartiets Anne Tingelstad Wøien understreka behovet for å støtta arbeidet høgskulane gjer for å slå seg saman og få høgare kvalitet på utdanninga. Me må ikkje stengja dørene for at dei kan jobba for å bli universitet, sjølv om det akkurat no ikkje er pengar i potten, konstaterte ho.

Venstres Trine Skei Grande syntest også det er nok universitet i Noreg. – Me vil gjerne trykkja på pauseknappen. Høgskulane treng me for å kunna tilby alle i Noreg både etter- og vidareutdanning, trudde ho.

Kristeleg Folkepartis Dagrun Eriksen meinte at høgskulane måtte konsentrera seg om andre ting enn berre å få status som universitet.

– Difor er det viktig at dei vitskaplege tilsette på høgskulane også blir trekte med inn i det akademiske miljøet, tykte ho. Høgres Kristin Vinje har også tidlegare gjort det klart at dei ikkje vil ha fleire universitet akkurat no.

– Me vil heller spissa dei universitetsmiljøa me har, slo ho fast.

Framstegspartiets Tord Lien seier ikkje berre nei til høgskulane som vil bli universitet.

– Kvar veke får eg minst to epostar om at eg må støtta kampen for å etablera eit juridisk fakultet ved NTNU i Trondheim. Det seier eg alltid nei til, og det får eg også kjeft for, vedgjekk Tord Lien.

Medan Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV alle gjekk inn for halda på monopolet til samskipnadane til å driva studentbustader, ville Høgre gjerne sleppa andre til.

– Og kostnadstaket må me også oppheva. Det fører til at det blir bygd færre studentbustader i Oslo enn ute i distrikta, var ho overtydd om.

Både Frp, Sp, Høgre og Venstre kunne svara eit unisont ja på spørsmålet frå ein student på om dei på nytt ville innføra studentfleirtal i styra for Studentsamskipnadene. Det hausta dei stor jubel for mellom studentane som var til stades i jubileumsteltet i formiddag.

Debatten blei leidd av Aslak Bonde og Knut Olav Åmås frå Aftenposten.

 

Emneord: SV-fakultetet, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2013 15:50 - Sist endra 6. sep. 2013 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere