– NORAD og Forskingsrådet underminerer demokratistudium i Asia

Forskingsrådet og NORAD har sagt nei til vidareføring av studiar og forsking om demokrati og velferd som UiO driv i samarbeid med India, Indonesia, Nepal og Burma. – Det meste me har bygt opp, vil rasa saman, fryktar statsvitskapsprofessor Olle Törnquist .

VIKTIGE LAND: – For dess viktigare desse utviklingslanda blir for norsk økonomi og politikk, dess viktigare må det bli for Noreg å utdanna studentar som har kunnskap om både samfunn og kultur i desse landa, seier professor Olle Törnquist ved Institutt for statsvitskap. Han kritiserer avgjerda til NORAD og Forskingsrådet om ikkje å vidareføra samarbeidet om demokratistudiar med Indonesia og India.

Foto: Ola Sæther

Avslaget på vidare finansiering råkar dels forskingssenteret ESOP ved Økonomisk institutt og dels Institutt for statsvitskap og Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi. – Dette er eit stort tilbakeslag for samarbeidet om å byggja opp fagmiljø innanfor studiar av og forsking på demokrati, samfunn og økonomi, seier professor i statsvitskap, Olle Törnquist ved Institutt for statsvitskap. Han tykkjer det er ein sørgjeleg måte å markera 50-årsjubileet til Det samfunnsvitskaplege fakultetet på.

– Vanleg bistand er ikkje nok

– Alle veit at det tar tid å byggja opp slike institusjonar i land som har ei kort demokratisk historie. Derfor ville me satsa på eit globalt samarbeid, der me kunne bruka våre fagfellar både for å tilby norske studentar opphald ved universitet i land som Indonesia, India, Nepal og Burma, samtidig som me kunne undervisa studentar frå dei landa på Universitetet i Oslo. Me såg også for oss felles Ph.D.-kurs og at fagfellane våre kunne koma hit som gjesteforskarar, slik me har vore gjesteforskarar der. Det ville ha blitt eit internasjonalt forskingssamarbeid på eit likt plan. Vanleg bistand er ikkje nok til å byggja opp god nok kapasitet ved kvart enkelt institutt. Det er naudsynt med globalt samarbeid, understrekar Olle Törnqvist.

Ville utvida samarbeidet til Nepal og Burma

I fleire år har han og samfunnsgeografiprofessor Kristian Stokke samarbeidd med utdannings- og forskingsinstitusjonar i Indonesia og Sri Lanka og med forskarar i India.

– Dette har vore ei utfordring, men i hovudsak har resultata av dette vore bra, og me håpa at det samarbeidet kunne føra saman kollegaer i India og Indonesia og dessutan vidareførast til universitet i dei spirande demokratia Nepal og Burma. Dessutan hadde det vore ein gode base for betre utdanning og forsking på UiO, der me har små ressursar og lir av samarbeidsproblem. Med avslaget på søknaden om å finansiera ei vidareføring av prosjekta, blir desse moglegheitene underminerte, meiner Törnqvist.

 

Oppfordrar til samarbeid

Etter hans meining finst det berre ei mogleg løysing for å redda delar av samarbeidet og den forbetra utdanninga på UiO.

– Fleire institutt på Universitetet i Oslo må bli einige om ei felles utdannings- og forskingssatsing, gjerne saman med andre institutt i Oslo. For enkeltinstitutta er for svake og har ikkje råd til å halda dette ved like utan tilførsel av friske pengar frå staten. Men dersom mange nok lærarar og forskarar samarbeider på tvers av institutt- og institusjonsgrenser, vil det bli mogleg å kunna redda dei viktigaste resultata me har oppnådd, trur Törnquist.

– For dess viktigare desse utviklingslanda blir for norsk økonomi og politikk, dess viktigare må det bli for Noreg å utdanna studentar som har kunnskap om både samfunn og kultur i desse landa. Dei vil kunna bli viktige både for staten, næringslivet og for frivillige organisasjonar, peikar Olle Törnquist på. Han oppfordrar universitetsleiinga til å gripa inn. – Det må vera mogleg å få til eit sentralt, tverrfagleg studie- og forskingsprogram som kan vidareføra og utvikla det samarbeidet som allereie har vore i gang sidan midten av 1990-talet, legg han til.

Satsar 150 millionar i året

Uniforum har tatt kontakt med underdirektør Bjarne Garden i Avdeling for helse, utdanning og forsking i Norad. Han viser til at Noreg satsar opp mot 150 millionar kroner i året for å styrkja høgare utdanningsinstitusjonar i sør.

– Gjennom Noregs program for kapasitetsutvikling for høgare utdanning og forsking for utvikling (NORHED) blir det no finansiert 46 enkeltprosjekt på 7–18 millionar kvart år dei næraste fem åra. Programmet tok imot 173 søknader etter hovudutlysinga i mars i år. Norad kan ikkje gå i detaljar på enkeltprosjekt, dette fordi ein no er midt i søknadsprosessen både når det gjeld tildeling og eventuelle klager som skal handsamast av Utanriksdepartementet, understrekar Bjarne Garden.

Programmet er endra

Han er opptatt av å forklara at det nye programmet skil seg ganske kraftig frå tidlegare utviklingsprogram.

– NORHED er eit nytt program som i mykje større grad enn tidlegare har ein heilskapleg tankegang om utvikling av kapasitet hos utdannings- og forskingsinstitusjonane i bistandssamarbeidet. Difor blir mykje konsentrert om partnarskapen i sør og der kapasiteten skal byggjast. NORHED er ikkje ei vidareføring av måla og tiltaka under tidlegare satsingar slik som NUFU (Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning) og NOMA (program for masterstudium), seier Garden.

Ingen kommentar frå Forskingsrådet

Forskingsrådet vil enno ikkje koma med noko synspunkt på åtaket frå statsvitskapsprofessor Olle Tõrnquist.

– Me vil ikkje kommentera kritikken før artikkelen er publisert i Uniforum. Etterpå kan me vurdera nærare kva me skal gjera, seier avdelingsdirektør Bjørn Tore Kjellemo i Avdeling for utviklingsforsking.

Les også artikkelen  Internasjonale demokratistudier i fare frå 2008.

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2013 11:38 - Sist endra 26. aug. 2013 11:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere