NOKAS eller Securitas skal truleg driva vakttenestene for UiO

Det er vaktselskapa NOKAS og Securitas som no deltar i siste runde om å få kontrakten på om lag hundre millionar kroner for å driva vakttenester for Universitetet i Oslo dei fire neste åra. Verdas største vaktselskap G4S er danka ut på grunn av det ikkje oppfyller dei etiske krava.

MÅ TRULEG UT:Vaktselskapet G4S må truleg vika plass for anten Nokas eller Securitas på Universitetet i Oslo frå 1. november. Klagenemnda for offentlige anskaffelser avgjer klagen til G4S på vedtaket seinare i haust.

Foto: Ola Sæther

Det norske selskapet NOKAS og det svenske selskapet Securitas knivar om å overta vakttenestene på Universitetet i Oslo etter G4S. Det opplyser direktør Per Erik Syvertsen i Eigedomsavdelinga ved UiO til Uniforum.

Sidan verdas største vaktselskap G4S har klaga avgjerda om å utelukka selskapet frå konkurransen, inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA), vil det framleis ta eit par månader før det blir endeleg klart kva selskap som får kontrakten.

Oppfylte ikkje etiske krav

Også i den siste tilbodsrunden var G4S eitt av selskapa som leverte inn eit tilbod, men den 6. mai avgjorde UiO at G4S ikkje kunne delta i den vidare konkurransen om

vakttenester ved UiO. Hovudgrunnen til dette var at det multinasjonale dansk-britiske selskapet ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava om at leverandøren må fylgja normer som gjeld i bransjen, konvensjonar vedtatt av den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Det stadfesta teknisk direktør Per Erik Syvertsen ved UiO overfor Uniforum den 4. juni.

Dette er selskapet Securitas:

Securitas AB er eit svensk selskap som tilbyr sikrings- og vakttenester over nesten heile verda. Selskapet blei grunnlagt i 1934 og driv vakttenester i over 49 land i Europa, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Asia, Afrika og Midtausten.

Konsernet hadde i 2012 ei omsetning på 66,45 milliardar svenske kroner.

Securitaskonsernet har over 300 000 tilsette.

Hovudkontoret ligg i Stockholm

(Kjelder: Securitas AB og Wikileaks)

Dette er selskapet NOKAS:

NOKAS er eit norsk selskap som driv sikrings- og vaktenester i Noreg, Sverige og Danmark.

Selskapet står bak kontantpåfyll av 70 prosent av alle minibankane i Noreg.

Konsernet hadde ei omsetning på 2,5 milliardar kroner i 2012

Selskapet har 4000 tilsette og 110 000 kundar i Norden.

Eigarane er DnB, Fritt Ord, Orkla og Jul Holding.

Hovudkontoret ligg i Tønsberg.

(Kjelder: NOKAS, Wikipedia)

Dette er selskapet G4S:

Verdas største globale vaktselskap og er aktivt i 125 land.

Selskapet er eit resultat av fusjonen mellom Securicor plc og Group 4 Falck A/S og blei etablert i juli 2004.

Konsernet har ei omsetning på 65 milliardar kroner, medan den norske verksemda omset for 1,2 milliardar kroner i året.

650 000 medarbeidarar, av dei 2500 i Noreg.

Hovudkontoret ligg i Crawley i Storbritannia.

(Kjelder: G4S og Wikileaks)

Fram til 1. juli hadde milliardkonsernet G4S Secure Solutions AS kontrakt på å driva vakttenestene ved Universitetet i Oslo. Det dansk-britiske selskapet er verdas største vaktselskap og har ei omsetning på 65 milliardar kroner i året.

Tar ikkje ansvar for aktivitetane på Vestbreidda

I klagen sin på avgjerda til Universitetet i Oslo, viste G4S AS til at det er eit norsk selskap som verken direkte eller indirekte har vore med på manglande oppfylling av dei normene som fylgjer av Menneskerettskonvensjonen. Advokaten til selskapet, Bredo Stabell skilde også mellom morselskapet og det norske selskapet G4S. Han peika på at det norske selskapet ikkje har internasjonale leveransar, men berre driv aktivitetar i Noreg. Når det gjeld kritikken av morselskapet G4S sine vakttenester på Vestbreidda, blir det vist til at G4S internasjonalt viser eit ansvar ved å avslutta dei omdiskuterte kontraktane innan 2015.

Det var i 2012 Palestinakomiteen og Studentparlamentet starta ein aksjon mot selskapet på grunn av at det mellom anna leverer utstyr og tenester til det israelske forsvaret og dermed bidrar til okkupasjonen av palestinske område på Vestbreidda. Universitetsstyret vedtok i desember i fjor å seia opp kontrakten med selskapet frå 1. juli 2013, og lysa ut vakttenestene på nytt. Opphavleg kunne kontrakten ha blitt forlengja fram til 1. mars 2014.

Forlengjer kontrakten

UiO blir likevel ikkje utan vakttenester i månadene før klagen frå G4S er ferdig handsama.

– Kontrakten med G4S er forlengja fram til 1. november, då UiO reknar med at den endelege avgjerda frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) er klar, opplyser direktør Per Erik Syvertsen i Eigedomsavdelinga til Uniforum. Først då kan anten NOKAS eller Securitas overta vakttenestene på UiO.

Risikerer omkamp

Om G4S får medhald i Klagenemnda for offentlige anskaffelser kan avgjerda om kva selskap som til slutt får denne kontrakten trekkja lenger ut i tid.

– Då må G4S inn igjen i konkurransen og tilbodet deira må vurderast på lik fot med tilboda frå dei andre selskapa, seier jurist Eirik Rise i sekretariatet til Klagenemnda for offentlige anskaffelser. Om klagenemnda vurderer krava som UiO har sett til leverandørane, som ulovlege kan det få endå større fylgjer.

– Konsekvensen kan bli at heile konkurransen må  avlysast og tilbodet på vakttenester må lysast ut på nytt, opplyser Eirik Rise til Uniforum.

(Oppdatert kl. 15:24)

 

 

 

Emneord: Etikk, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2013 14:00 - Sist endra 14. aug. 2013 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere