UiO avviser vakttenester frå verdas største vaktselskap

Verdas største vaktselskap G4S får ikkje delta i den vidare konkurransen om vakttenester ved UiO. Grunngjevinga er at selskapet ikkje respekterer menneskerettane. G4S trugar med å klaga avgjerda inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA).

DEMONSTRERTE: Palestinakomiteen og Studentparlamentet demonstrerte mot selskapet G4S utanfor Lucy Smith i desember i fjor. No klagar G4S på at UiO har avvist å ha med selskapet i den vidare konkurransen om vakttenester. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Fram til 1. juli har milliardkonsernet G4S Secure Solutions AS kontrakt om å driva vakttenestene på Universitetet i Oslo. Det dansk-britiske selskapet er verdas største vaktselskap og har ei omsetning på 65 milliardar kroner i året.

Palestinakomiteen og Studentparlamentet starta ein aksjon mot selskapet i 2012, på grunn av at det mellom anna leverer utstyr og tenester til det israelske forsvaret og dermed bidrar til okkupasjonen av palestinske område på Vestbreidda. Universitetsstyret vedtok i desember i fjor å seia opp kontrakten med selskapet frå 1. juli 2013,

og lysa ut vakttenestene på nytt. Opphavleg kunne kontrakten ha blitt forlengja fram til 1. mars 2014.

Fylgjer ikkje menneskerettskonvensjonane

Også i den siste tilbodsrunden var G4S eitt av selskapa som leverte inn eit tilbod, men den 6. mai avgjorde UiO at G4S ikkje kunne delta i den vidare konkurransen om vakttenester ved UiO. Hovudgrunnen til dette var at det multinasjonale dansk-britiske selskapet ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava om at leverandøren må fylgja normer som gjeld i bransjen, konvensjonar vedtatt av den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Det stadfestar teknisk direktør Per Erik Syvertsen ved UiO overfor Uniforum. Sidan G4S Secure Solutions AS har klaga på avvisinga og sakshandsaminga av klagen enno ikkje er ferdig, kan han ikkje gi fleire opplysningar no.

Skil mellom morselskap og dotterselskap

I klagen sin på avgjerda til Universitetet i Oslo, viser G4S AS til at det er eit norsk selskap som verken direkte eller indirekte har vore med på manglande oppfylling av

Dette er selskapet G4S:

Verdas største globale vaktselskap og er aktivt i 125 land.

Selskapet er eit resultat av fusjonen mellom Securicor plc og Group 4 Falck A/S og blei etablert i juli 2004.

Konsernet har ei omsetning på 65 milliardar kroner, medan den norske verksemda omset for 1,2 milliardar kroner i året.

650 000 medarbeidarar, av dei 2500 i Noreg.

Hovudkontoret ligg i Crawley i Storbritannia.

På UiO leverer selskapet blant anna vakttenester og syter for at tilgang og kortlesarar fungerer som dei skal.

UiO hadde opphavleg ein treårskontrakt med selskapet, men i desember i fjor avgjorde Universitetsstyret å seia opp kontrakten frå 1. juli og ikkje forlengja den fram til 1. mars 2014. Vakttenestene blei dermed lyste ut på nytt.

UiO har avvist å ta tilbodet frå G4S med i den vidare konkurransen om vakttenester til UiO.

G4S trugar med å klaga UiO inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser om avgjerda ikkje blir omgjort.

(Kjelder: G4S sine nettsider, UiO, Uniforum)

dei normene som fylgjer av Menneskerettskonvensjonen. Advokaten til selskapet, Bredo Stabell skil også mellom morselskapet og det norske selskapet G4S. Han viser til at det norske selskapet ikkje har internasjonale leveransar, men berre driv aktivitetar i Noreg. Når det gjeld kritikken av morselskapet G4S sine vakttenester på Vestbreidda, blir det vist til at G4S internasjonalt viser eit ansvar ved å avslutta dei omdiskuterte kontraktane innan 2015.

Stadfesta aktivitetar på Vestbreidda

Det stadfesta også Adam Mynott, som er direktør for mediekontakt i hovudkvarteret til G4S i Storbritannia, då Uniforum var i kontakt med han i desember i fjor.

– Det stemmer at me leverer og driftar tenester til ein politistasjon og eit fengsel på Vestbreidda. Dessutan leverer me og driftar tenester på nokre få kontrollpostar langs muren mellom Israel og Vestbreidda, sa han. Han viste også til at dei hadde avgjort å trekkja seg heilt ut.

– Me bestemte oss for at desse kontraktane ikkje var i samsvar med våre etiske prinsipp, og me avgjorde difor at me skulle trekkja oss ut så fort som mogleg. Selskapet vil difor ha trekt seg heilt ut av dei omtalte kontraktane i løpet av 2015, opplyste Mynott til Uniforum.

Konklusjonen til advokat Bredo Stabell er at avvisinga til UiO av G4S AS sitt tilbod er i strid med gjeldande reglar. Til sist trugar han på vegner av G4S med å vurdera å bringa saka inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA), så sant avgjerda ikkje blir omgjort.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Etikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2013 16:40 - Sist endra 4. juni 2013 16:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere