Psykologistudentar deltar i hjerneforsking

Psykologistudentar får driva med avansert hjerneforsking før dei er ferdig utdanna. – Eg er imponert over kor flinke dei er blitt, seier hjerneforskar Siri Leknes , som har inkludert studentar i forskinga si på mellom anna belønningssystema i hjernen.

INKLUDERER STUDENTAR: Forskargruppa samla i hagen utanfor Psykologisk institutt: Frå venstre: Hedda Maurud , Marie Eikemo , Guro Engvig Løseth , Olga Chelnokova , Jeppe Riegels og Siri Leknes.

Foto: Ola Sæther

Forskingsmeldinga oppfordrar universitet og høgskular til å inkludera studentar i forskinga så tidleg som mogleg. På Psykologisk institutt ved UiO er dette blitt praktisert i fleire år. Hjerneforskar Siri Leknes er eldsjela bak ideen om å losa psykologistudentar inn i forskinga.

– Det finst to måtar å rekruttera studentane på. Den første er at dei bankar på døra di og spør om å få bli med. Den andre er at studentar som eg allereie jobbar med, veit om andre som også har lyst til å forska. Mi røynsle er at dei held på dag og natt med arbeidsoppgåvene sine og at dei blir drivne av entusiasme, seier Siri Leknes til Uniforum.

Ein del av eit forskarteam

I forskargruppa hennar finn me stipendiatane Olga Chelnokova og Marie Eikemo, profesjonsstudentane Guro Engvig Løseth og Jeppe Riegels og masterstudent Hedda Maurud. Alle er bitne av forskingsbasillen og strålar av glede over å få vera ein del av forskargruppa til Siri Leknes.

– Det er utruleg kor flink ho er til å få oss med på ulike prosjekt innanfor forskingsfeltet hennar. Me har møte der ho delegerer ansvar til oss, det kan vera datainnsamling, litteratursøk eller å organisera logistikken rundt eit laboratorieforsøk. På den måten føler me at me er ein viktig del av eit forskarteam, fortel Guro Engvig Løseth og Jeppe Riegels. Og Olga Chelnokova og Marie Eikemo er minst like ivrige til å forklara korleis dei blir skuva fram av Siri Leknes på konferansar og i vitskaplege artiklar.

– Me blir sette opp som førsteforfattarar på vitskaplege artiklar som me har skrive saman med Siri Leknes. Og me får sjansen til å presentera forskingsfunna våre på internasjonale konferansar om hjerneforsking. Nyleg var heile gruppa på University College London, og der fekk alle sjansen til å halda innlegg, fortel Chelnokova og Eikemo.

 – Ja, til og med me som ikkje er stipendiatar blir førte opp som førsteforfattarar av vitskaplege artiklar. Det er det ikkje mange andre forskarar som gjer, konstaterer Engvig Løseth og Maurud.

Siri Leknes viser til at dette er ein heilt medviten strategi av henne.

– Absolutt, eg brenn for hjerneforskinga og vil gjerne dela denne entusiasmen med studentane, seier Leknes. Jeppe Riegels er full av lovord om gruppeleiar Siri Leknes.

– Raus, engasjerande og inkluderande, er ord som skildrar henne, meiner han.

– Meiningsfullt

Hanne Maurud synest psykologistudiet er blitt endå meir interessant etter at ho blei med i denne forskargruppa. – Me får eit fint innblikk i kor kompleks den menneskelege hjernen er. Dessutan er det meiningsfullt å bruka det me lærer i forskinga, seier ho.

Forskinga deira går ut på å prøva å finna ut kva funksjonar i hjernen som blir styrt av stoffet endorfin.

– Me veit at det er der, men lenge visste me ikkje kvifor. Etter dei funna me har gjort, er me klar over at endorfin hjelper oss med å velja ut dei mest suksessfylte belønningane. Då handlar det om både pengar, berøring og attraktivitet. På 1980-talet fanst det berre teoriar om kva dette stoffet tente til. Det eksisterte få eller ingen vitskaplege funn. Forsøka var berre gjort på rotter og aper. Hos oss har me brukt studentar og andre frivillige som forsøkspersonar for å finna ut meir om dette, forklarar Siri Leknes. Dei analyserer også  genetiske faktorar som er relaterte til åtferd og belønningssystem i hjernen.

Får studentstipend

Mange av studentane har fått studentstipend frå Noregs forskingsråd for sine eigne prosjekt innanfor paraplyen til forskargruppa hennar.

– Dei er flinke til å koma med gode idear som utvidar områda me kan forska på innanfor dette feltet. Og så likar dei å jobba saman med andre. Ein individualistisk student hadde ikkje passa inn i ei slik gruppe, slår ho fast. Ikkje alle studentane hennar satsar likevel på ein forskarkarriere.

– Nei, eg vil gjerne bli klinisk psykolog, men eg er viss på at det eg har lært her, vil eg få god bruk for som klinisk psykolog også, seier Riegels. Envig Løseth viser til det ho har lært om lesing av faglitteratur. – Før brukte eg fleire timar på å lesa ein vitskapleg artikkel, no klarer eg det på ein halv time fordi eg har øvd opp evna til å sjå kva som er viktig, konstaterer ho.

– Meir kritiske

Og stipendiatane Chelnokova og Eikemo peikar også på ein annan ting.

– No tar me ikkje for god fisk alt som me les i fagbøkene våre. Det er minst to ulike meiningar om det same vitskaplege funnet. Me har lært oss å tenkja kritisk, konstaterer dei.

– Dette er forsking som går djupt inn i materien og som ikkje berre piskar overflata, legg Chelnokova til. Engvig Løseth fortel at då ho heldt på å mista motet på profesjonsstudiet, blei det ei redning for henne å bli inkludert i forskinga.

– Eg er også interessert i biologi, så difor var dette prosjektet midt i blinken for meg. På den måten kunne eg halda fram med å forska på ting som eg hadde skrive om i semesteroppgåva mi, understrekar ho.

Forskingsleiar Siri Leknes håpar at andre forskingsmiljø også vil inkludera studentane meir enn i dag. Samtidig er ho flink til å smitta folk med sin eigen entusiasme for fagfeltet.

– Det er ikkje rart. Me driv jo grunnforsking på det mest komplekse som finst i heile universet, altså mennesket.

 

 

Emneord: Psykologi, Studentforhold, Studentsaker, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2013 16:14 - Sist endra 20. juni 2013 16:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere