Munch ut av Tøyen – Teknisk museum inn

Munch-museet blir flytta frå Tøyen til Bjørvika. Det er klart etter at SV saman med byrådspartia Høgre, KrF og Venstre har bestemt seg for å satsa på Lambda som ny tilhaldsstad for Munch-samlinga til Oslo kommune. SV får lovnad om ei storsatsing på Tøyen.

MUNCH UT: Edvard Munchs kunst skal ut av Munch-museet på Tøyen og flyttast inn i nytt Munch-museum i Bjørvika. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

– Me er svært begeistra for at Tøyen og Munch-museet no kjem ut av dødvatnet. Det er spennande planar om å etablera eit vitensenter her og andre institusjonar som me har meir til felles med enn Munch-museet, synest direktør Arne Bjørlykke på Naturhistorisk museum ved UiO.

Vil flytta Teknisk museum til Tøyen

Eit av forslaga som SV har fått byrådspartia Høgre, Venstre og KrF med på, er å undersøkja om det vil vera mogleg å flytta Teknisk museum frå Kjelsås til Tøyen. Bjørlykke er positiv til ideen.

– Spørsmålet er om det vil vera plass til det. Om det skal skje, må Finnmarksgata leggjast i ein kulvert, slik at det kan byggjast heilt opptil der gata går i dag.

– Kva fylgjer trur du dette vil få å seia for planane om å byggja eit veksthus på Tøyen?

– Veksthuset vil me planleggja som eit prosjekt for seg sjølv. Men tanken om å ha både eit naturvitskapleg og eit teknisk museum i same område er blitt gjennomført med stor suksess i South Kensington i London.

Når Munchs kunst er flytta ut av Munch-museet vil det stå ein tom museumsbygning igjen på Tøyen. Bjørlykke har også planar for korleis den kan få nytt liv.

– Vår tanke er å slå saman vårt bibliotek med Deichmanske bibliotek og få eit felles bibliotek der. Dessutan kan det bli eit senter for formidling av naturvitskap. Det vil difor vera naturleg å flytta Naturfagsenteret frå Blindern til Tøyen, synest museumsdirektøren.

Satsar på Tøyen

Inngangsbilletten som byrådspartia betaler for å få SV med på å flytta Munchs kunst frå Tøyen til Lambda i Bjørvika, er på 125 millionar kroner over fem år, men dei tre partia er alle villige til å betala den for å få sett i gang bygginga av eit nytt Munch-museum.

Det felles forslaget som SV, Høgre, Venstre og KrF står saman om fører til at det ei blir stor økonomisk satsing på Tøyen.Tøyen skole skal bli ein kulturskule med utvida opningstid. SVs gruppeleiar Marianne Borgen vil at Oslo kommune i samarbeid med Universitetet i Oslo utviklar ein eigen pedagogikk for å gjera skuletilbodet på Tøyen mest mogleg attraktivt. Det skal satsast både på naturfag og miljøfag på skulen.

Satsinga på Tøyen inneber også å omforma Tøyenbadet til eit badeland for barn og vaksne. Barn frå Tøyen skal betala halv barnebillett på Tøyenbadet. Dessutan skal både Tøyensenteret og Tøyen T-banestasjon få ei ansiktsløfting gjennom dei pengane som fleirtalet i Bystyret no går inn for å investera på Tøyen.

Modellen for opprustinga av Tøyen er satsinga på Groruddalen og Søndre Nordstrand. SV har fått lovnad om at dei kommunale husværa skal spreiast jamt ut over heile Oslo og ikkje berre etablerast på Tøyen og andre bydelar som har mange kommunale bustader frå før. Dei håpar også å få til eit samanhengjande parkområde frå Tøyenbadet til og med Botanisk hage. Ei festivalscene for musikk- og kulturfestivalar er ein av ideane SV lanserer for det framtidige utvida parkområdet.

– Då må Finnmarksgata gå i tunnel under eit grønt lokk. Det er ein riksveg, så der må me snakka med staten først, sa Marianne Borgen på pressekonferansen der dei fire partia presenterte det felles forslaget for å få sett fart i bygginga av eit nytt Munch-museum i Bjørvika.

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2013 11:31 - Sist endra 28. mai 2013 12:50

Kunne ikke Munchmuseet fått stå så lavt og pent i fohold til omgivelsene. Hvorfor må alt presses sammen  når det  skal være oppgradering.  At UIO får de midlene vi trenger skulle bare mangle. Det blir jo også en oppgradering i området.  At Tøyenbadet blir oppgradert er vel en selvfølge Jeg synes politikerne burde finne gode løsninger  alle sammen i samlet tropp Hvorfor prioriteres ikke god luft og lys og god  menneskebehandling over hele byen. Grønne lokk har lett for å bli grønt med eksostårn .  Lambda kunne vel brukes til akvarium, men må Munch ned i Bjørvika så ikke la alt være så høyt for det blir så tungt.   En mur av høyhus blir jo som en Berlinmur. Slipp til  våre gode arkitekter og byplanleggere som tenker  og tør mennesker lys og luft og grønt over hele østkanten og Oslo som helhet. 

Berit Hauge

beritha - 29. mai 2013 08:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere