Universitetsleiinga og fagforeiningane er på talefot igjen

Rektor Ole Petter Ottersen skal vera med på eit møte med fagforeiningane om omorganisering, viss det skulle bli usemje mellom partane under forhandlingar. Dette vil skje før eit møte i Universitetsstyret. Det er eitt av tiltaka som fører til at universitetsleiinga og fagforeiningane no tar opp igjen samarbeidet.

TIL STADES PÅ MØTE: Rektor Ole Petter Ottersen skal vera med på eit møte med fagforeiningane om omorganisering viss det skulle bli usemje mellom partane under forhandlingar. Møta skal universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og viserektor Ragnhild H. Hennum halda fram med å leia. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Fagforeiningane nekta i nesten to veker å gå på møte med universitetsleiinga fordi dei meinte dei ikkje fekk vera med på å bestemma i prosjekt Internt handlingsrom (IHR). På eit fredsmøte leidd av rektor Ole Petter Ottersen 8. mai, blei universitetsleiinga og fagforeiningane einige om tiltak som skal betra samarbeidet. Eitt av tiltaka er slik fagforeiningane forstår det, at rektor Ole Petter Ottersen som styreleiar for Universitetsstyret skal leia møta der fagforeiningane og universitetsleiinga er ueinige om spørsmåla om omorganiseringa av sentraladministrasjonen. Arbeidsgjevarsida presiserer i dag overfor Uniforum at dette vil seia at all informasjon, drøfting og forhandling mellom universitetsleiinga og fagforeiningane framleis skal leiast av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Rektor Ole Petter Ottersen skal som leiar for Universitetsstyret derimot vera til stades på temamøta mellom partane.Tidlegare har universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe saman med viserektor Ragnhild H.Hennum delt ansvaret for å leia alle desse møta.

Dei etablerte rutinane med faste møte mellom universitetsleiinga og fagforeiningane, tok slutt etter at dei hovudstillitsvalde meinte dei ikkje var blitt med på viktige avgjerder om omorganisering i samband med prosjekt Internt handlingsrom. Dei viste til at Hovudavtalen i staten med hovudorganisasjonane understrekar at fagforeiningane skal vera med på å bestemma, og ikkje berre medverka i ein slik prosess. Den tolkinga støtta ikkje dei ansvarlege for prosjekt Internt handlingsrom, og dermed nekta dei hovudstillitsvalde å møta opp på dei faste møta med universitetsleiinga.

Set i verk tre tiltak

Etter det Uniforum kjenner til presenterte rektor Ole Petter Ottersen på møtet 8. mai tre tiltak som skal få forholdet mellom dei to partane til å koma på rett spor igjen. Frå referatet til arbeidsgjevarsida blei partane einige om fylgjande grep:

 

  1. Det holdes temamøter. Partene kan her spille inn hva som skal diskuteres.
  2. Det legges opp til en praksis hvor eventuell uenighet i forhandlinger diskuteres forut for styremøter og hvor styreleder er tilstede.
  3. Det holdes felles opplæring for å få en felles forståelse av partsamarbeidet.

 

Slik fagforeiningane tolkar  dette, skal rektor Ole Petter Ottersen som leiar for Universitetsstyret skal ta ei meir aktiv rolle i forhandlingsprosessen om Internt handlingsrom (IHR) der det er usemje mellom partane. Fram til no har alle desse møta blitt leidde av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe saman med viserektor Ragnhild H. Hennum.

Som det går fram av referatet frå fredsmøtet, skal universitetsleiinga og fagforeiningane ha fleire felles seminar der dei skal diskutera grunnleggjande problemstillingar rundt skiljet mellom drift og strategi. Det første møtet blir i dag. Det tredje og siste tiltaket som skal gjennomførast er eit kurs i samarbeidskompetanse for både leiarar og tillitsvalde på heile universitetet.

Nøgde fagforeiningsleiarar

Alle dei fire fagforeiningane hadde representantar frå fagforeiningane sentralt med på møtet.

Parat-leiar Ole Martin Nodenes er svært nøgd med resultatet av fredsmøtet. – Me har tru på at dette er den rette vegen å gå. Det var også positivt at det var universitetsleiinga sjølv som foreslo desse tre tiltaka for å gjera samarbeidsklimaet mellom oss betre, seier Nodenes til Uniforum. Han synest likevel ikkje noko særleg om at det dukkar opp nye modellar for omorganisering utan at det er blitt drøfta med dei tillitsvalde først.

 – No er det på tale å etablera kompetanseklynger i sentraladministrasjonen på grunnlag av kunnskapen og røynsla til kvar enkelt tilsett. Det må me først få lov til å sjå nærare på, synest han.

Hovudtillitsvald Christer Wiik Aram i Akademikarane er også glad for resultatet av møtet med universitetsleiinga den 8. mai. – Eg synest rektor Ole Petter Ottersen presenterte eit svært bra løysingsforslag. No blir det ein meir direkte dialog mellom Universitetsstyret og dei tillitsvalde sidan rektor Ole Petter Ottersen som styreleiar skal spela ei meir aktiv rolle i forhandlingane rundt prosjekt Internt handlingsrom.  I slike saker er det viktig med direkte dialog, meiner Wiik Aram.

Dei generelle forhandlingane med fagforeiningane om Internt handlingsrom vil bli leidde av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og viserektor Ragnhild H. Hennum slik som tidlegare. Men i saker der partane står langt ifrå kvarandre, vil altså rektor Ole Petter Ottersen vera til stades på møta.

Wiik Aram synest også universitetsleiinga no har vist vilje til å koma dei hovudtillitsvalde i møte.

– Før prosjekt Internt handlingsrom skal opp i Universitetsstyret skal fagforeiningane ha diskutert saka med styreleiar, det vil seia rektor Ole Petter Ottersen. Det er viktig at Universitetsstyret får ei felles forståing av kva dei tilsette meiner gjennom dei organisasjonane som representerer dei, understrekar Wiiik Aram, som synest det er bra at fellesmøta kjem i gang igjen.

– For oss er det også svært viktig at både dei hovudstillitsvalde og universitetsleiinga har ei felles oppfatning av kva partssamarbeidet går ut på.

Glad universitetsdirektør

Også  universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe er tilfreds med at partsamarbeidet med fagforeiningane er i gang igjen:

– Me er glade for at me no er blitt einige. Dette skjedde etter eit svært konstruktivt møte førre onsdag. I løpet av møtet blei me einige med fagforeiningane om nokre fellestiltak for å betra samarbeidet, opplyser Gunn-Elin Bjørneboe til Uniforum.

– Kva har de lært av desse samarbeidsproblema?

– Me har erkjent at me kunne forankra arbeidet med IHR-prosessen i sentraladministrasjonen endå betre og at involveringa av dei tilsette kunne vore betre. Dette har vi no prøvd å betra. Desse samarbeidsproblema har også vist oss kor  viktige fagforeiningane er – me  treng deira tilbakemeldingar og medverknad  i IHR-prosessen og andre prosessar. Me håpar og trur at me no har bygd eit grunnlag for eit godt samarbeid vidare. Dette er viktig for UiO. Me hadde 16. mai eit konstruktivt møte med fagforeiningane, så dette lovar godt, trur Bjørneboe.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2013 16:27 - Sist endra 21. mai 2013 12:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere