UiO-forskarar: – Skandinaviske språk blir nedprioriterte

Forskarar fryktar at det ikkje lenger vil lønna seg å publisera på eit skandinavisk språk. Det trur dei blir konsekvensen etter eit omstridt vedtak i fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet ved UiO. HF-dekanen avviser kritikken.

KRITISERER PUBLISERINGSPOLITIKK: Forskarane Unn Røyneland og Per Thomas Andersen fryktar at det ikkje skal lønna seg å publisera på skandinaviske språk etter eit vedtak i styret for Det humanistiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Det humanistiske fakultetet har vedtatt at norsk, svensk og dansk er nasjonale, medan alle andre språk er internasjonale og kan vera grunnlag for fagleg prioritering.

Det er i alle fall slik språkforskaren Unn Røyneland og litteraturforskaren Per Thomas Andersen tolkar vedtaket i fakultetsstyret frå den 12. april.

I Klassekampen 14. mai går dei to til eit hardt åtak på kriteria som skal brukast for å bestemma den faglege prioriteringa på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

I kronikken slår dei fast at «det fins hundrevis av levende skriftspråk i verden. Av disse er alle «internasjonale»  – bortsett fra tre: norsk, svensk og dansk. De er «nasjonale». Det har Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo vedtatt». Vedtaket har vekt sterke reaksjonar hos fleire enn kronikkforfattarane på Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN).

Skandinaviske språk er internasjonale

I kronikken slår dei fast at dei er einige med HF-dekan Trine Syvertsen om at «det er bred enighet i norsk akademia om at det er viktig å nå ut internasjonalt». Unn Røyneland og Per Thomas Andersen gir henne altså rett i det, men meiner ho trekkjer feil konklusjon. Dei viser til at innanfor deira fagområde, nordisk språk og litteratur, er det internasjonale forskingsfellesskapets språk norsk, svensk og dansk. Parallelt finst ei engelskspråkleg grein som dei fleste forskarar også deltar i, peikar dei på. Dei understrekar difor at dei nettopp «når ut internasjonalt» når dei skriv på norsk.

Som døme brukar dei ein internasjonal konferanse i Budapest med skandinavistmiljø frå Ungarn, Austerrike og Serbia som møtte fagpersonar frå Norden, der det kunne «konstateres at våre nye forskningspublikasjoner på norsk allerede var innkjøpt og lest». Dei understrekar at både forskarar og studentar snakkar flytande skandinavisk og skriv på skandinavisk. «De ønsker nemlig å delta i det internasjonale forskningsfellesskapet skandinavistikk», skriv Røyneland og Andersen. Dei nemner også den store forskingskonferansen til Scandinavian Studies i USA, der alt går føre seg på engelsk. På den måten vil dei understreka at forskingspraksis i faget nordisk er parallellspråkleg, samtidig som store delar av forskingspubliseringa er på skandinaviske språk.

Strir mot UiOs språkpolitikk

Både Røyneland og Andersen meiner at vedtaket i fakultetsstyret om å definera dei tre skandinaviske språka som «nasjonale» og ikkje «internasjonale», strir imot UiOs språklege retningslinjer der det går fram at «UiO skal fremme parallellspråklighet. Dette betyr at norsk ivaretas som hovedspråk samtidig som det tilrettelegges for språklig mangfold, hvor engelsk er det primære fremmedspråket».

– Berre eitt av dei to offisielle språka i Noreg, norsk og samisk, vil etter dette systemet bli rekna som "internasjonale", nemleg samisk, seier språkforskar Unn Røyneland.

Vil auka publiseringa på ikkje-skandinaviske språk

Dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet er heilt ueinig med forskarane Unn Røyneland og Per Thomas Andersen i at fakultetsstyret sitt vedtak inneber at publisering på skandinaviske språk blir prioritert ned.

– Både fakultetsstyret og eg meiner at alle fagmiljø, for å kunna bli prioriterte, må ha eit minimum av internasjonal publisering i tillegg til det nordiske. Målet er likevel ikkje at mest mogleg skal publiserast på engelsk. Me meiner det er viktig å publisera både på norsk og engelsk i samsvar med UiOs politikk om å publisera paralellspråkleg, seier Trine Syvertsen til Uniforum.

– For nordisk-miljøet vil det seia at me ventar at dei publiserer innanfor  både den delen av den internasjonale nordistikkforskinga som brukar nordiske språk og den delen som publiserer på engelsk og andre ikkje-nordiske språk. Det fakultetsstyret har lagt som premiss, er at dei fagmiljøa som publiserer lite på ikkje-nordiske språk, må ha ei særleg høg allmenn publisering for å kunna bli prioriterte, seier ho.

Trine Syvertsen presiserer at det blir brukt fleire ulike kriterium i arbeidet med prioriteringar.  Ho nemner mellom anna forskingsprosjekt, stipendiatar, nettverk og studiekvalitet. HF-dekanen viser til at eitt av fleire grunnleggjande kriterium er høg grad av publisering. Der vil det bli tatt omsyn til all teljande publisering, uansett språk.

Ikkje noko unntak for nordisk

Dette er bakgrunnen for kritikken mot vedtaket i fakultetsstyret:

«Publikasjonene skal deles inn i to kategorier språk som vil synliggjøre hvor tilgjengelige HF-ansattes publikasjoner er for et internasjonalt forskerkollegium:

- Norsk og nordisk språk

- Engelsk og andre språk»

I saksframlegget frå dekanen til fakultetsstyret var det tatt høgd for at det kunne vera vanskeleg å stilla det same kravet til nordisk-miljøa som til dei andre fagmiljøa. «Nordisk språk står i en særstilling når det gjelder manglende mulighet for publisering på engelsk. Det taler for at dette faget må vurderes spesielt når det gjelder vurdering etter dette kriteriet.»

– Fakultetsstyret  var i utganspunktet skeptisk til å gjera noko unntak for nordisk-miljøet, understrekar Syvertsen. Ho peikar dessutan på at dei samla prioriteringane skal på høyring til heile fakultetet før det endelege vedtaket blir gjort i fakultetsstyret. – Då vil me sjå kor mykje kravet om å ha ein viss del av publiseringa på ikkje-nordiske språk har å seia og korleis det slår ut når det blir sett i samanheng med dei endelege prioriteringane. Fagmiljø som meiner at dei berre bør kunna publisera på nordiske språk og likevel bli prioriterte, kan argumentera for dette i høyringsrunden. Og det vil vera opp til fakultetsstyret å  ta ei endeleg avgjerd, presiserer ho.

 

Samtidig viser ho til at språkpolitikken til Universitetet i Oslo, også legg vekt på publisering på fleire språk parallelt.

– På Det humanistiske fakultetet er det langt vanlegare å publisera vitskaplege artiklar på andre språk enn engelsk enn ved andre fakultet. Det er viktig å presisera at me framleis vil ha mykje publisering på norsk, og det er ikkje noko problem, slår ho fast.

 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2013 18:20 - Sist endra 16. mai 2013 20:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere