Får full støtte frå dekanane

– Universitetet må som alle andre organisasjonar omstilla seg, sjølv om det kostar litt rabalder, meiner dekan Frode Vartdal på Det medisinske fakultetet. Han støttar heilhjarta opp om prosjekt Internt handlingsrom.

STØTTAR IHR: Dekan Frode Vartdal på Det medisinske fakultetet støttar heilhjarta prosjekt Internt handlingsrom. – No har fakultetet starta sin eigen IHR-prosess, fortel han.

Foto: Ola Sæther

– Eg er i hovudsak positiv til denne prosessen og synest universitetsleiinga skal ha ros for å ha sett i gang arbeidet med å forenkla universitetet for å skaffa meir ressursar til primæroppgåvene. Det har mellom anna ført til at fakulteta har fått meir ressursar til undervisning. Denne prosessen har dessutan inspirert oss på Det medisinske fakultetet til å starta vår eigen IHR-prosess med meir enn 50 store og små prosjekt for å driva meir effektivt, fortel Vartdal.

Støttar nærleiksmodellen

Også fungerande jusdekan Kåre Lilleholt er positiv til prosjektet:

– Det vil nok merkast meir på det administrative nivået enn det eg legg merke til no som dekan. Generelt sett støttar me prosjektet og gir tilslutnad til nærleiksmodellen.

– Er digitalisering av eksamen ein del av dette prosjektet?

– Nei, det hadde me nok sett i gang med uavhengig av prosjekt Internt handlingsrom.

– Vil styrkja forsking og utdanning

Odontologidekan Pål Barkvoll er også svært nøgd:

– Eg ventar meg gode resultat av IHR-prosessen. Ei tydeleg ansvars- og rollefordeling mellom viktige sentrale einingar som skal yta direkte støtte til primærverksemda. Eit av resultata vil vera at ein større del av ressursane ved UiO blir brukte direkte i forsking og utdanning, noko som klart vil styrkja både studiekvaliteten og kvaliteten på forskinga. Dei nye forslaga vil etter mi meining gi auka brukarfokus og styrkja universitetet si strategiske kraft.

– Fakulteta må spela ei aktiv rolle

Dekan Berit Karseth gjer det heilt klart at Det utdanningsvitskaplege fakultetet støttar prosjektet:

– Me har allereie sett at IHR-prosjektet har ført til ei mykje større vekt på brukarperspektivet når det gjeld fokus for UiOs administrative ressursar. Samtidig reknar ein med at mange av effektane av IHR- prosjektet først vil visa seg etter at det har gått litt tid. UV-fakultetet vil understreka kor viktig det er at fakulteta spelar ei aktiv rolle i arbeidet med realiseringa av dei vedtatte endringane.

– Oppløftande

Ifylgje dekan Morten Dæhlen sluttar også Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet opp om Internt handlingsrom.

– Resultata frå IHR-prosessen har så langt vore svært oppløftande. IHR-prosessen har lagt vekt på kor viktig det er med gode støttefunksjonar og betre verktøy, slik at me meir effektivt og med høgare presisjon kan utføra primæroppgåvene våre. Prosessen har frigjort ressursar som er kanaliserte til primærverksemda, og me har så langt brukt desse ressursane på utviklinga av studiekvaliteten. IHR-prosessen har også gitt eit godt bidrag til å betra samarbeidet mellom sentraladminstrasjonen og fakulteta og institutta, slår Dæhlen fast.

Teologidekan Trygve Wyller skryt også over Internt handlingsrom.

Det teologiske fakultetet  har gitt full støtte til den valde modellen. Eg trur den vil føra til ei styrkt fokusering på leiing og eit større fagleg ansvar  og autonomi for einingane. Samtidig er eg glad for at dialogen med fagforeiningane no ser ut til å vera på sporet igjen, seier Wyller.

(Oppdatert kl. 09.48)
 

 

Emneord: IHR, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2013 00:02 - Sist endra 30. mai 2013 10:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere