– Me har lært noko nyttig på UiO

– Det har vore utruleg lærerikt å ha praksis hos Hewlett Packard Norge, synest mediestudentane Helene Dahl Jørum og Line Blokhus .

NØGDE: Mediestudentane Helene Jørum Dahl og Line Blokhus er svært nøgde med opphaldet i HP Norge. Det likar HR-direktør Yvonne Fosser (t.v.) og kommunikasjonssjef  Line Kjendlie (t.h.)  å høyra.

Foto: Ola Sæther

Det er stor gjensynsglede når Uniforum får vera med på det første møtet etter praksisperioden mellom dei to mediestudentane Helene Dahl Jørum og Line Blokhus frå Universitetet i Oslo og to av kollegaene deira i HP-Norge på Fornebu.

– Dei to har gitt mykje av seg sjølve, og me vil gjerne ha fleire slike praksisstudentar, seier HR-direktør Yvonne Fosser og kommunikasjonssjef Line Kjendlie i HP Norge. Dei to mediestudentane er også strålande nøgde med røynsla som praktikantar hos Noregsavdelinga til det multinasjonale IT-selskapet HP. – Me har fått utføra analysearbeid og fått i oppdrag å presentera resultata for toppleiinga. Me hadde aldri trudd at me skulle delta på møte med toppleiarane, fortel Helene Dahl Jørum og Line Blokhus.

 

Må gjennom eit nålauge

Begge er studentar på Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Til saman har 16 bachelorstudentar i to månader vore utplasserte på arbeidsplassar i Oslo-området. Praksisstudiet er populært, og dei studentane som kjem gjennom nålauget, blir plukka ut på grunnlag av både karakterar, eit motivasjonsbrev og aktivitetar utanom studia. Dei to mediestudentane hadde tidleg bestemt seg for å delta i praksisprogrammet. – Difor var det viktig for oss å gjera det bra på eksamen og delta i andre studentaktivitetar. Eg er leiar for studentutvalet ved instituttet, seier Blokhus. – Og eg er ansvarleg for sosiale medium i Oslo Student-TV. Dette var nok med på å få meg inn på emnet, som igjen gav meg praksisplass i HP, seier Dahl Jørum. For dei har opphaldet i HP-Norge vore ei god oppleving.

Analyserte bruken av sosiale medium

– Eg har ikkje hatt nokon vanleg jobb tidlegare, opplyser Dahl Jørum. – Samtidig var det ikkje berre «leikeoppdrag» me fekk av arbeidsgjevaren vår, fortel dei to mediestudentane, som også kjem med døme på kva deira første alvorlege arbeidsoppgåve var. – Me skulle analysera HP Norges konkurrentar sin bruk av sosiale medium som Facebook, Twitter, YouTube og Instagram, og så koma med råd om korleis HP Norge kunne gjera det like godt eller helst betre enn konkurrentane. Resultatet av analysearbeidet vårt måtte me presentera på Powerpoint for heile leiargruppa til HP-Norge.

– Det gjekk bra, stadfestar Yvonne Fosser og Line Kjendlie i HP Norge. – Resultatet var at dei også skreiv tre innlegg til bloggen til HP. Dei har dessutan vore med på salsmøte og på møte i arbeidsmiljøutvalet. Alle er imponerte av dei to jentene, seier Kjendlie og Fosser. – Ja, me kan trygt seia at dei er to sprudlande jenter, legg Fosser til. Sistnemnde synest at HP Norge ligg langt framme når det gjeld bruk av sosiale medium.

– Sidan Noregsavdelinga vår har så godt rykte i resten av selskapet på dette området, er det mange som vil læra meir av oss. Nokre av våre flinkaste medarbeidarar jobbar i Bulgaria, og analysearbeidet til dei to mediestudentane førte også til at dei hadde nær kontakt med kollegaene våre der. På den måten har dei også fått eit internasjonalt nettverk, understrekar HPs HR-direktør. Både Line Blokhus og Helene Dahl Jørum har likt seg hos HP-Norge på Fornebu.

 

– Ein god arbeidsplass for kvinner

– Arbeidsmiljøet er svært bra og det er mange flotte menneske som jobbar her. Dessutan er det svært fleksibelt, slik at nokon kan koma tidleg på dagen og gå heim tidleg, medan andre kan koma seint og gå seint, har dei observert. – Ja, det er rett. For meg som har 4+2 barn, ville det ha vore heilt umogleg å ha jobba i ein butikk med fast arbeidstid kvar dag. Difor er dette ein IT-arbeidsplass som er god for kvinner. Fleire kvinner burde difor ha begynt å jobba for oss, synest Yvonne Fosser.

Line Blokhus og Helene Dahl Jørum er blitt meir sikre på seg sjølve og på det dei har lært på UiO. – Me ser begge korleis me fungerer i arbeidslivet og at det blir sett pris på å vera sjølvstendig og ha eigne meiningar utan å vera for pågåande. Ein annan viktig ting er at me har fått ei stadfesting på at me har lært noko nyttig på UiO. Innføringa me har fått i presentasjonsteknikk og metodebiten, har me lært mykje av, synest Blokhus. – Gjennom tre år på bachelorstudiet i medievitskap har me fått mykje teoretisk kunnskap og fått ein måte å tenkja på som sit i ryggrada hos oss, legg Dahl Jørum til.

 

– Alle gir emnet topp karakter

Det var førsteamanuensis Arnt Maasø som i 2006 tok initiativet til at mediestudentar skulle få ein praksisperiode i arbeidslivet.

– Institutt for medium og kommunikasjon var eit av fleire miljø som søkte insentivmidlar frå eit prosjekt om arbeidslivsrelevans på Det humanistiske fakultetet i 2006 til å utvikla eit praksisemne. Motivasjonen var å førebu studentane betre på jobb etter studia, lata dei få testa ut kunnskapane og lærdomen dei har skaffa seg i arbeidslivet, og sist, knyta kontaktar til bransjar studentane er interesserte i, fortel Arnt Maasø til Uniforum. Sju år seinare er han strålande nøgd.

– Nesten alle som har tatt emnet, gir det topp karakter. Og det er ikkje mange andre emne eg har undervist i, der eg hatt fått høyra fleire gonger at emnet har forandra livet til ein student. Å sjå studentar veksa, bli stolte, få auka sjølvtillit og tru på eigne evner, er stort. Dessutan blir veldig mange anten skikkeleg tende på å studera faget vidare, eller får lyst til å jobba. Engasjerte folk treng me både på UiO og i arbeidslivet, slår Arnt Maasø fast.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2013 16:03 - Sist endret 24. mai 2013 00:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere