Ingen pengar til UiO-nybygg i revidert

Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetar (HL-senteret)  på Bygdøy får 20 millionar kroner til vedlikehald og modernisering. Det foreslår regjeringa i revidert nasjonalbudsjett i dag. UiO får ikkje meir pengar til nybygg denne gongen.

FÅR 20 MILLIONAR: HL-senteret på Bygdøy får 20 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.  (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Freds- og menneskerettsarbeidet blir styrkt med 24,5 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett. I tillegg til 20 millionar kroner til HL-senteret på Bygdøy, foreslår også regjeringa ekstra løyvingar til Narviksenteret i Nordland, Stiftelsen Arkivet i Kristiansand og Falstadsenteret i Nord-Trøndelag.

– Demokratiforståing

– Freds- og menneskerettssentra er viktige institusjonar som bidrar til demokratiforståing og deltaking. Dei er viktige formidlarar av kunnskap til barn og unge, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret) held til i Villa Grande på Bygdøy og hadde i fjor 6 000 besøkjande elevar. I tillegg til dei 20 millionar kronene til vedlikehald og modernisering, kjem det pengar til ei stilling for å styrkja undervisning om og forsking på antisemittisme.

– Det er viktig at me jobbar systematisk og heilskapleg mot rasisme og antisemittisme. HL-senteret er sentralt i dette arbeidet, seier Halvorsen.

Jubel i Bergen, Trondheim og på Ås

Tidlegare har Kristin Halvorsen avslørt at regjeringa gir 100 millionar kroner til bygging av 400 nye studentbustader.

På Universitetet i Bergen jublar dei over at dei får 20 millionar i startløyving til å byggja ein aula til 323 millionar kroner i tilknyting til Universitetsmuseet. I same by er det begeistring over at regjeringa i revidert budsjett gir ei startløyving til bygging av eit nybygg for Kunst- og designhøgskulen.  Dette prosjektet vil til saman kosta ein milliard. Og i Trondheim er dei glade for at Høgskulen i Sør-Trøndelag får pengar til å setja i gang bygginga av eit nytt teknologibygg.

Dei som har mest grunn til å vera glade,  er likevel Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og Noregs veterinærhøgskule. Før helga blei det kjent at det blir løyvd startpengar  på 65 millionar kroner til nybygg på Ås for det nye universitetet som skal oppstå frå fusjonen mellom Universitetet for miljø og biovitskap, Noregs veterinærhøgskule og Veterinærinstituttet. Til saman vil staten investera over seks milliardar kroner i prosjektet.

Ny ordning for å få vurdert utanlandsk utdanning

Regjeringa foreslår også ei løyving på tre millionar kroner for å starta opp ei ordning der innvandrarar som kjem til Noreg får høve til å få godkjent den utdanninga dei har frå heimlandet, og på den måten lettare kunna delta i arbeidslivet. NOKUT har allereie gjennomført eit prøveprosjekt som har hatt gode resultat og vist at det er behov for ei meir varig ordning.

Forskarforbundet er misnøgd

Forskarforbundet er ikkje nøgd med innhaldet i revidert nasjonalbudsjett. Forbundet konstaterer at regjeringa ikkje nyttar seg av høvet til å korrigera kursen i forsking og høgare utdanning.

Det er positivt at regjeringa foreslår å gi 112 millionar kroner til universitets - og høgskulebygg og 100 millionar kroner til studentbustader, men behova for bygg og vedlikehald er store i sektoren. Organisasjonen peikar på at Noregs forskingsinnsats framleis er svakast i Norden, og regjeringa har heller ikkje gjort det klart om Noreg skal delta i EUs neste rammeprogram Horisont 2020.

– Etter åtte år i posisjon etterlet regjeringa seg ein forskingssektor der meir enn kvar fjerde studieplass manglar grunnløyving og bruken av mellombelse stillingar er meir enn dobbelt så høg som i resten av arbeidslivet, seier leiar i Forskarforbundet Petter Aaslestad i ei pressemelding.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2013 16:39 - Sist endra 7. mai 2013 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere