Favorittane vann dei fire plassane i Universitetsstyret

Kristian Gundersen , Karin Widerberg , Ole Martin Nodenes og Liv-Elisif Kalland er alle valde inn i Universitetsstyret. Valresultatet blei nettopp klart.

BLIR STYREREPRESENTANT: Parat-leiar Ole Martin Nodenes er valt inn i Universitetsstyret som representant for dei teknisk-administrative tilsette.

Foto: Ola Sæther

Biologiprofessor Kristian Gundersen og sosiologiprofessor Karin Widerberg skal representera dei vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. Parat-leiar Ole Martin Nodenes blir representant for dei teknisk-administrative, medan Liv-Elisif Kalland skal halda fram med å representera dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. Det er klart etter at resultatet frå valet på nytt universitetsstyre blei klart like etter kl. 13.00.

Erling Sandmo blir 1. vararepresentant medan Mette Halskov Hansen blir 2. vararepresentant for dei faste vitskaplege tilsette.  For dei teknisk-administrative tilsette vil Kirsten Ingeborg Greiner vera 1. vararepresentant. Espen Trondsen vil vera 2. vara. Når det gjeld dei mellombels vitskaplege tilsette vil Knut Christian Myhre vera vararepresentant.

Valdeltakinga var på 46 prosent hos dei faste vitskaplege, 34 prosent hos dei teknisk-administrative og 18 prosent hos dei mellombels vitskaplege tilsette.  Det synest leiaren for Den sentrale valstyret, Harald Baldersheim er litt for dårleg.

- Det er i gjennomsnitt mellom 2 og 6 prosent dårlegare valdeltaking enn ved førre styreval i 2009. Eg trur det kan skuldast mangelen på konfliktsaker. Debatten rundt prosjekt Internt handlingsrom går ikkje utanfor Administrasjonsbygningen, trur Harald Baldersheim.

Det er enno ikkje avgjort kven som blir dei eksterne representantane i styret. Studentparlamentet har enno ikkje plukka ut dei to studentrepresentantane. Difor vil det framleis gå ei stund før me veit korleis Universitetsstyret vil vera sett saman frå haustsemesteret.

Emneord: Valg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2013 12:45 - Sist endra 30. mai 2013 13:26

Jo, Uniforum, Studentparlamentet valgte sine styrerepresentanter på sitt konstituerende møte 23. mai (referat): Ådne Hindenes og Eva Holthe Enoksen.

Se også Universitas-artikkelen om kandidatene (riktignok skrevet før de ble formelt valgt, men de innstilte kandidatene ble altså valgt).

Tobias Langhoff - 30. mai 2013 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere