Om litt under ei veke blir det endeleg klart kven som vert vald til rektor ved UiO for den neste fireårsperioden. Kampen om vervet står mellom sitjande rektor, medisinprofessor Ole Petter Ottersen og masterstudent i informatikk, Torkil Vederhus.
Det er professor i statsvitskap, Harald Baldersheim som vil kunngjera det endelege resultatet av rektorvalet torsdag 18. april kl. 13.00 i toppetasjen i Niels Treschows hus på Blindern. Han er leiar for Det sentrale valstyret, og det er også han som sit på den forsegla konvolutten med kodane som vil ta han inn i det elektroniske valprogrammet, og som like etterpå vil kunna fortelja han kva kandidat som har fått flest stemmer.
– Det elektroniske valprogrammet tar også omsyn til vektinga av dei ulike stemmegruppene, der altså dei fast vitskaplege tilsette sine stemmer til saman tel 53 prosent, medan studentane sine stemmer tel 25 prosent og dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer berre tel 22 prosent. Samtidig vil me ha lagt inn såkalla ville
Rektorvalet:
Rektorval ved UiO: frå 4. april til 18. april. Resultatet blir kunngjort 18. april kl. 13.00. Den valde rektoren skal sitja frå 1. august 2013 til 31. juli 2017.
Kandidatar: rektor og medisinprofessor Ole Petter Ottersen og masterstudent i informatikk Torkil Vederhus.
stemmer i det elektroniske valprogrammet frå før. Dette er stemmer som det er vanskeleg å klassifisera med det same. Dermed blir det mykje meir effektivt og raskare enn under tidlegare rektorval, trur Harald Baldersheim.
Mange har røysta
Så langt har mange begynt å stemma elektronisk. Rundt 20 prosent av dei tre stemmegruppene har allereie stemt, syner det siste oversynet frå Valsekretariatet.
– Det lovar godt for valdeltakinga, tykkjer Harald Baldersheim.
Styreval i mai
Litt i skuggen av rektorvalet skal det også haldast val på fire nye representantar til Universitetsstyret. Kandidatforslaga må inn seinast 29. januar. To av representantane skal representera dei faste vitskaplege tilsette, medan dei to andre skal representera
Val til Universitetsstyret:
Styreval ved UiO frå 13. mai til 30. mai kl. 12.00.
Det skal veljast to representantar for dei faste vitskaplege tilsette, ein representant for dei mellombels tilsette vitskaplege og ein representant for dei teknisk-administrative tilsette.
Studentparlamentet utnemner to nye studentrepresentantar, medan Kunnskapsdepartementet plukkar ut fire eksterne representantar på grunnlag av forslag frå Universitetsstyret.
Alle utanom studentrepresentantane og representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette sit i Universitetsstyret frå 1. august 2013 til 31. juli 2017.
høvesvis dei teknisk-administrative tilsette og vitskaplege tilsette i mellombelse stillingar. Dei to studentrepresentantane blir plukka ut av Studentparlamentet, medan dei fire eksterne representantane blir formelt utnemnde av Kunnskapsdepartementet etter
tilråding frå Universitetsstyret. Valet til nytt universitetsstyre blir halde frå 13. mai kl. 12.00 til torsdag 30. mai kl. 12.00.
– Det er allereie fleire vitskaplege kandidatar som har meld seg og som har forslagsstillarar. Dessutan har også fleire som vil representera dei mellombels tilsette vitskaplege forskarane, også meld seg på i kappløpet om å bli vald, seier leiar for valstyret Harald Baldersheim.
– Styrevalet like viktig som rektorvalet
For han er det viktig at det blir like stort engasjement rundt valet til Universitetsstyret som under rektorvalet.
– Det er opptil publikum og kandidatane om dei vil ha ein ny valdebatt, når det er klart kven som stiller som kandidatar, understrekar Baldersheim. Han åtvarar mot at styrevalet kjem i skuggen av rektorvalet.
– Valet til Universitetsstyret er like viktig som rektorvalet, slår han fast.
Forsvarar vektinga av stemmegrupper
Baldersheim har lagt merke til kritikken frå studenthald om vektinga av stemmer i tre ulike kategoriar.
Vekting av stemmegrupper:
Dei faste vitskaplege tilsette: 53 prosent
Dei teknisk-administrative tilsette: 22 prosent
Studentane: 25 prosent
– Det skjer berre under rektorvalet og under dekanvala. Universitetet i Oslo driv ikkje med politisk demokrati, men med bedriftsdemokrati. Difor blir det kravd at UiO skal ha representantar for dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette og studentane i Universitetsstyret. Då er det viktigare å stilla spørsmålet om ikkje stemmene til dei teknisk-administrative tilsette bør telja meir enn i dag. Studentane er som regel på veg til ein annan stad, og har kanskje nok påverknad slik situasjonen er i
Det sentrale valstyret:
Professor Harald Baldersheim, Institutt for statsvitskap (leiar)
Anne Ma Eide, fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet
Kåre Olav Stensløkken, postdoktor ved Det medisinske fakultetet
Magnus Danielsen, student
dag, meiner Baldersheim.
– Eg håpar så mange som mogleg vil delta både i rektorvalet og i valet av representantar
til Universitetsstyret, seier Baldersheim.
Les meir om rektorvalet
Les meir om styrevalet
FRISKE ORDVEKSLINGAR: Rektorkandidatane Torkil Vederhus og Ole Petter Ottersen har brukt mange harde argument mot kvarandre og gode argument for kvifor veljarane skal stemma akkurat på dei. (Foto: Ola Sæther)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere