– Valresultatet er ei støtte for politikken vår

Rektor Ole Petter Ottersen lovar ingen store endringar etter at han blei attvald som rektor ved UiO denne månaden. – No gjeld det å landa dei initiativa som me allereie har tatt, understrekar han.

VALOPPLSLUTNADEN UROAR: 20 prosent av dei røysteføre deltok i rektorvalet. – Det gir vatn på mølla til dei som arbeider for å få ein tilsett rektor i staden for ein vald rektor, meiner attvald UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

Foto: Ola Sæther

Valresultatet viste at rektor Ole Petter Ottersen blir sitjande i fire år til, etter at han fekk 71 prosent av stemmene under rektorvalet. Motkandidat Torkil Vederhus fekk 29 prosent av stemmene.

– Gratulerer med tilliten, rektor Ole Petter Ottersen!

– Takk! Eg registrerer at denne valoppslutnaden er ei sterk støtte for den politikken me har drive for Universitetet i Oslo, seier rektor Ole Petter Ottersen. Han synest også veljarane på UiO har gitt han eit solid mandat til å halda fram i rektorstolen.

– Ja, dette viser at dei også sluttar opp om programmet me har for UiO for dei neste fire åra, meiner han.

Skuffa over valoppslutnaden

– Valoppslutnaden var på berre 20 prosent. Og heller ikkje blant dei tilsette var det eit fleirtal som brukte røysteretten sin. Er ikkje det ein tankekross?

– Absolutt. Det gir vatn på mølla til dei som arbeider for å få ein tilsett rektor i staden for ein vald rektor. Sjølv vil eg gjerne at rektor skal bli vald for å gi han eller ho legitimitet hos både dei tilsette og studentane, men då må alle stemmegruppene bruka røysta si.

– Det var 397 blanke stemmer. Korleis tolkar du det?

– Det er vanskeleg å tolka det. Uansett så er det langt betre at folk stemmer blankt, enn at dei ikkje stemmer i det heile tatt.

– Kva saker vil du prioritera i neste rektorperiode?

 – Det er svært viktig å fylgja opp måla i Strategi 2020. For oss er kontakten med styresmaktene heilt essensiell, og no ser me også at utspela våre blir tatt alvorleg. Forsking og utdanning kjem langt høgare opp på agendaen ved dette stortingsvalet enn ved tidlegare val. Uansett kva parti som hamnar i regjering, vil forsking og utdanning bli langt høgare prioriterte enn tidlegare. Den politiske vinden blæs langt oftare i retning av forsking og utdanning enn på lenge, synest Ottersen.

– Universiteta får ein renessanse

Han viser til at både Arbeidarpartiets landsmøte og Erna Solberg har kome med høvesvis innspel og ein kronikk i Dagens Næringsliv som viser at dei vil satsa på den sektoren.

– Det faktum at statsminister Jens Stoltenberg kjem hit til Universitetet i Oslo for å presentera innhaldet i Perspektivmeldinga, viser kor viktig det er for dei som tar avgjerder i samfunnet vårt å få den vitskaplege informasjonen dei treng, nettopp frå forskarane på universiteta. Eg trur universiteta no får ein renessanse på grunn av dei globale og nasjonale utfordringane verda har. Før viktige avgjerder skal takast, er det viktig å ha eit godt grunnlag for det som til slutt blir bestemt. Me er difor svært glade for at Forskingsmeldinga understrekar dei lange linjene og peikar på kor viktig det er å styrkja grunnforskinga. Og me er også nøgde med at Forskingsmeldinga går inn for å kopla utdanninga av studentane tettare til forskinga, slår han fast.

– Tar opp igjen dialogen med fagforeiningane

– Om me går tilbake til rektorvalkampen, så blei Internt handlingsrom (IHR) også eit tema, og der kom du og rektoratet ditt på kollisjonskurs med dei fire største fagforeiningane på UiO. Kva vil du gjera for å betra forholdet til fagforeiningane?

 – Me er berre nøydde til å leggja den striden bak oss. Og frå vår side skal me gjera alt for å få det til. Det er slett ikkje hyggeleg når ting skjer seg slik som i den saka. Om me skal få tatt hand om dei utfordringane me har som universitet, må me ta opp igjen dialogen med fagforeiningane om dette prosjektet. Saman kan me då gjennomføra innhaldet i Strategi 2020.

– Kva resultat synest du at du har oppnådd i den første rektorperioden din?

 

Fakta om rektorvalet 2013:

Ole Petter Ottersen fekk 71 prosent av stemmene.

Torkil Vederhus fekk 29 prosent av stemmene.

Studentstemmer:

Torkil Vederhus fekk flest stemmer blant studentane, 2050 stemmer, medan Ottersen fekk 1466.

Vitskaplege stemmer:

Ottersen fekk 85 prosent av stemmene til dei vitskaplege tilsette, 1347 røyster

Vederhus fekk 239 røyster eller ein oppslutnad på 15 prosent.

Teknisk-administrative stemmer:

Ottersen fekk 805 stemmer, eller 70,09 prosent frå dei teknisk-administrative tilsette.

Vederhus fekk 330 stemmer eller 29,1 prosent hos denne veljargruppa.

Valoppslutnad på 20 prosent

Hos studentane: 15 prosent

Vitskaplege: 46 prosent

Teknisk-administrative: 47 prosent

Til saman var det 397 blanke stemmer.

 

– Me har fått til mykje på alle kjerneområda til UiO, altså både innanfor forsking, utdanning, formidling og innovasjon. For å ta det siste først, så er kommersialiseringsselskapet Inven2  blitt Nordens største innovasjonsselskap. Me har prioritert og satsa pengar på å auka kvaliteten på utdanninga og undervisninga. Kvalitetsreforma har dessverre vist seg ikkje å ha styrkt kvaliteten på utdanninga, så difor må me sjølve finna ut korleis me kan bruka ressursar på å tilby studentane ei endå betre utdanning, slik me har gjort frå dag éin etter at me overtok. Innanfor forsking har me prov på at UiO er blitt gode. Forskarar frå UiO har sytt for at vårt universitet er blant Europas beste når det gjeld å få løyvingar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). No ser eg føre meg at me kan få ei meir studentaktiv forsking. Då må det skje endringar med finansieringsmodellen.

– Er det noko du synest de kan gjera betre?

– Me i rektoratet kan nok bli endå flinkare til å besøkja dei ulike einingane, for å finna ut kvar skoen trykkjer anten det gjeld forsking eller utdanning. Eg vil difor ta med meg ein dekan og dra på besøk til dei ulike delane av universitetet.

– Trivst som rektor

– Korleis likar du å vera rektor for UiO?

– Eg trivst svært godt i den rolla. Det vedgår eg gjerne. Eg skulle gjerne hatt meir tid til forsking, men det er ikkje mogleg å jobba både 100 prosent som rektor og 100 prosent som forskar samtidig. Likevel prioriterer eg å ha nær kontakt med forskinga og held fleire forelesingar i løpet av eit år, sjølv om eg ikkje har fått undervist medisinstudentar det siste året.

– Kva håp har du for dei neste åra?

– Eg håpar verkeleg regjeringa vil plassera fleire viktige byggjeprosjekt høgt opp på prioriteringslista si. Både juristane i sentrum og dei tilsette på musea har stort behov for nye lokale som kan gi dei betre arbeidsforhold enn i dag. Saman med prorektor Ruth Vatvedt Fjeld vil eg jobba hardt for å ta vare på humaniora og alle dei små språkfaga dei har ansvaret for. Ei viktig oppgåve blir å rekruttera fleire studentar til tysk. Med det breie kontaktnettet Ruth har med nordiske universitetsmiljø, ser eg også føre meg ei felles nordisk ansvarsdeling for nokre av faga våre. Me vil også jobba for at det blir færre mellombelse tilsetjingar enn i dag, lovar Ottersen.

 

 

 

 

Emneord: Rektorvalet 2013, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2013 14:39 - Sist endra 25. apr. 2013 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere