Torkil Vederhus tapte kampen om å bli studentleiar
NTNU-student Ola Magnussen Rydje blir ny leiar for Norsk studentorganisasjon. Rektorkandidat Torkil Vederhus ved UiO var ein av to motkandidatar, men dei måtte begge sjå seg slått av Ola Magnussen Rydje.

TAPTE LEIARVAL: Rektorkandidat Torkil Vederhus tapte kampen om å bli ny leiar for norske studentar.
NTNU-student Ola Magnussen Rydje blei laurdag ettermiddag vald til ny leiar for Norsk studentrorganisasjon frå 1. juli 2013. Motkandidatane, Torkil Vederhus, også kjent som rektorkandidat ved UiO og Trine Oftedal i NSOs arbeidsutval gav han kamp på kniven, men til slutt gjekk han sigrande ut av av eit spennande val.
- Det har vore ein beinhard valkamp, så no er eg utruleg letta, glad og takksam. Me har eit veldig spennande år framfor oss med stortingsvalet til hausten, og hovedmålet mitt blir å få studentsaker og høgare utdanning som prioriterte område i den neste regjeringserklæringa, seier Ola Magnussen Rydje, nyvald leiar i NSO. i ei pressemelding.
Rydje gler seg til å å begynna på oppgåva.
- I tida fram mot stortingsvalet skal politikarar høyra mykje frå oss, men no har me ein bodskap til alle parti som har landsmøte framover: lat utdanning og forsking bli ei politisk prioritering. Dei veit at satsing på studentar er ei satsing på framtida, konstaterer Rydje.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere