Ole Petter Ottersen vann rektorvalet med klar margin

Rektor Ole Petter Ottersen blir sitjande i fire år til etter at han fekk 71 prosent av stemmene under rektorvalet på UiO. Valresultatet blei kunngjort klokka 12.45 i dag. Motkandidat Torkil Vederhus fekk 29 prosent av stemmene.

FIRE NYE ÅR: Medisinprofessor Ole Petter Ottersen er blitt attvald som UiO-rektor for fire nye år. Valresultatet viser at han fekk rundt 71 prosent av stemmene.

Foto: Ola Sæther

- Eg registrerer at denne valoppslutnaden er ei sterk støtte for den politikken me har drive for Universitetet i Oslo, sa rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum rett etter at valresultatet blei klart. Han syntest også veljarane på UiO hadde gitt han eit solid mandat til å halda fram i rektorstolen.

- Ja, dette viser at dei også sluttar opp om programmet me har for UiO for dei neste fire åra, meinte han.

Ottersen hadde også ein kommentar til stemmetalet til motkandidat Torkil Vederhus og hans lag.

- Dei fekk også mange stemmer, og dei kom med mange viktige tema under debattane under rektorvalkampen, konstaterte Ole Petter Ottersen. 

Vederhus nøgd med oppslutnaden

Den tapande rektorkandidaten Torkil Vederhus var likevel ikkje svært skuffa etter valnederlaget.

- Eg hadde aldri trudd at me skulle få så stor oppslutnad som me til slutt fekk. Det håpar eg får støttespelarane våre til å halda fram med å kjempa for å få ei best mogleg utdanning, undervisning og formidling på UiO, understreka Vederhus.

- No blir du berre ein veldig kjent student som tapte rektorvalet?

- Nei, ikkje meir enn under ein månad til. Eg skal levera inn masteroppgåva mi i bioinformatikk 1. mai, og så må eg søkja meg jobb.

- Rektorvalkampen var kanskje ein god jobbsøknad for deg?

- Eg har allereie fleire jobbtilbod. Elles så skal eg driva valkamp for Dei grøne under stortingsvalkampen seinare i år, sa Vederhus, før han vende tilbake til studentlivet på Institutt for informatikk for to veker til.  

Vederhus fekk flest stemmer blant studentane

Analysen av valresultatet viser at Torkil Vederhus fekk flest stemmer blant studentane. Medan han fekk 2050 stemmer, fekk Ottersen 1466.

Dei tilsette støtta Ottersen

Derimot tar Ole Petter Ottersen eit solid jafs av dei vitskaplege tilsette sine stemmer. Hos denne veljargruppa får Ottersen 85 prosent av stemmene, i stemmetal blir det 1347 røyster, medan Vederhus må ta til takke med berre 239 røyster eller ein oppslutnad på 15 prosent. Hos dei teknisk-administrative tilsette får Ottersen 805 stemmer, altså 70,9 prosent. Vederhus får 330 stemmer eller 29,1 prosent hos denne veljargruppa.

Valoppslutnad på 20 prosent

Når det gjeld valoppslutnaden, var den på totalt 20 prosent. Mellom studentane deltok rundt 15 prosent, medan 47 prosent av dei teknisk-administrative og 46 prosent av dei vitskaplege tilsette brukte stemmeretten sin under rektorvalet. Under rektorvalet i 2009 var valdeltakinga på 24,5 %, 60,7 prosent for dei vitskapleg tilsette, 51,6 prosent for dei teknisk-administrative tilsette og 16,9 prosent blant studentane. Men det var også den høgaste deltakinga det har vore ved noko val på Universitetet i Oslo.

Får ny prorektor

Ole Petter Ottersen vil i neste valperiode ha språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld som prorektor etter at Inga Bostad tidleg gjorde det klart at ho ikkje ville halda fram som prorektor i fire år til. Jussprofessor Ragnhild H. Hennum held derimot fram som viserektor også dei komande fire åra.

Blanke stemmer

Det var til saman 397 blanke stemmer under rektorvalet. 195 av dei tilhøyrde studentane, 122 tilhøyrde dei teknisk-administrative tilsette og 80 blanke stemmer blei gitt frå dei vitskaplege tilsette, Det opplyser leiar for Det sentrale valstyret, Harald Baldersheim til Uniforum.

 

Les meir om rektorvalet i Uniforums papirutgåve torsdag 25. april.

(Oppdatert kl. 16.07)

 

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget 2013 Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2013 10:29 - Sist endra 18. apr. 2013 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere