Ni av ti kan snart overleva tjukktarmskreft

– Som 18-åring blei eg fascinert av å høyra Kjetil Taskén fortelja om DNA-molekylet, og begynte å studera molekylærbiologi, fortel doktorkandidat Deeqa  Ahmed. No har ho og kollegaene hennar på Radiumhospitalet gjort funn som kan påvisa tjukktarmskreft langt tidlegare enn før.

NY TEST: Doktorstipendiat Deeqa Ahmed og forskarkollegaene hennar på Radiumhospitalet har funne eit panel på 12 biomarkørar som kan brukast til å oppdaga tjukktarmskreft langt tidlegare enn i dag. Eit britisk selskap vil no utvikla ein ny test.

Foto: Ola Sæther

Kvart år får over 3900 nordmenn tjukk- og endetarmskreft. Berre 60 prosent av dei som får sjukdommen, lever fem år etter at dei er diagnostiserte.

– Sjukdommen blir delt inn i fire kliniske stadium, og sjansen til å overleva er direkte knytt til kva stadium kreften er i når den blir oppdaga. Om kreften blir oppdaga i eit tidleg stadium, vil det vera mogleg for 90 prosent av dei som får sjukdommen å overleva, medan under ti prosent av dei som får kreften påvist så seint at den har spreidd seg til andre delar av kroppen, vil overleva, forklarar Deeqa Ahmed ved Avdeling for kreftførebygging på Radiumhospitalet.

Britisk selskap vil utvikla ny og betre test

Ho har saman med forskargruppa til Guro E. Lind i epigenetikk identifisert eit panel på 12 biomarkørar som er svært godt eigna til å oppdaga tjukk- og endetarmskreft på eit tidleg stadium.

– Eit britisk selskap har lisensiert biomarkørane og vil utvikla funna våre vidare slik at det kan bli laga ein standardtest basert på avføring eller blodprøvar for å finna ut om ein pasient har fått denne krefttypen. Testen skal kunna brukast til screening, fortel Deeqa Ahmed.

Meir treffsikre biomarkørar

I doktoravhandlinga si har ho samanlikna dei nyleg lisensierte markørane med dei to kommersielt tilgjengelege biomarkørane. – Funna viser at panelet med dei tolv biomarkørane er like nøyaktige, men endå meir følsame og treffsikre enn dei biomarkørane som blir brukte i dag.

Deeqa Ahmed fortel gjerne kva metode ho brukte for å gjera dette funnet i doktorarbeidet sitt.

– Det eg har gjort, er at eg har sett på endringar i ei kjemisk modifisering eller tilpassing på cellene sitt arvemateriale, altså DNA-molekylet. Denne modifiseringa påverkar korleis molekyla er pakka inn i cellene og regulerer dermed om genane er skrudde av eller på. Denne kjemiske modifiseringa/tilpassinga blir kalla for DNA-metylering, fortel ho.  

– Blei fascinert av foredrag ved Kjetil Taskén

Epigenetikk:

  • er læra om korleis genar blir forandra utan at sjølve DNAet i kjernen vert forandra og viser at arvelege eigenskapar kan modifiserast til dømes av kjønn. (Kjelde: Store norske leksikon)
  • 3900 personar får årleg påvist tjukktarms- og endetarmskreft i Noreg.
  • Nye forskingsfunn på UiO og Radiumhospitalet gjer at sjukdommen kan oppdagast langt tidlegare enn før, og dermed kan 90 prosent av dei som får krefttypen, overleva.
  • Oxford Gene Technology har lisensiert dei 12 nye biomarkørane for å utvikla nye testar basert på blodprøvar og avføring.

 

27 år gamle Deeqa Ahmed har akkurat levert inn doktoravhandlinga og reknar med å disputera før sommarferien. Det er heilt tilfeldig at ho no forskar på kreft.

– Då eg gjekk på Manglerud videregående skole stod valet mellom juss, farmasi og molekylærbiologi. På slutten av tida på vidaregåande drog biologiklassen vår på tur til Bioteknologisenteret i Forskningsparken. Då høyrde eg Kjetil Taskén fortelja svært levande om DNA-molekylet og korleis endringar i DNA-molekylet er assosiert med ulike sjukdommar. Eg blei så fascinert at eg bestemte meg for å studera molekylærbiologi. Seinare, då eg begynte på masterstudiet, kom eg under vengene til dei dyktige kreftforskarane Ragnhild Lothe og Guro E. Lind.

– Har alltid vore ein nerd

– Og korleis ser familien og vennene dine på at du er i ferd med å bli kreftforskar?

– Dei synest heilt sikkert det er ei normal utvikling, for eg har alltid vore ein nerd. Eg har drive og lese masse bøker gjennom heile oppveksten, fortel ho.

– Draumen er å bli kreftforskar på heiltid, men no er det viktigaste å førebu meg til disputasen, legg ho til.

Forskinga hennar er finansiert av Kreftforeininga. Deeqa Ahmed er også ein av dei to doktorstipendiatane som har fått eit kommersialiseringsstipend frå UiO og kommersialiseringsselskapet Inven2.

 

 

 

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2013 15:57 - Sist endra 25. apr. 2013 14:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere