Universitetsdirektør nekta meiningsmåling før rektorvalet i Bergen

Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken sa nei til meiningsmåling før rektorvalet i Bergen. – Eg ser ingen grunn til å ikkje ha det, seier professor Frank Aarebrot. I dag går startskotet for rektorvalet i Bergen. Kandidatar er Kuvvet Atakan og Dag Rune Olsen.

SEIER NEI: Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken ved UiB seier nei til meiningsmåling før rektorvalet.

Foto: Walter Wehus, UiB

– Saman med dei andre store universitetsavisene ville På Høyden gjennomføra ei meiningsmåling. Denne skulle synleggjera korleis dei tilsette og studentane stiller seg til dei ulike partia sin kunnskapspolitikk. Samstundes ville me stilla nokre spørsmål rundt rektorvalet, slik Uniforum i Oslo har gjort.

Det seier Dag Hellesund, som er ansvarleg redaktør i På Høyden.

Sist veke fekk Hellesund endeleg nei frå universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken. Hennar svar var at UiB har ein svært streng praksis når det gjeld utsending av felles e-post.

Tok kontakt før påske
– Eg synest det er synd for universitetsdemokratiet at me ikkje får dette til. Når ein ser på universiteta og høgskulane ser ein at demokratiet i mange tilfelle er ungt og skjørt. Mange gonger er det berre ein kandidat og lite debatt om kven som styrer store ressursar. Det er synd at ein ikkje kan få meir openheit, seier Hellesund til På Høyden.

Han seier at undersøkinga skulle gjerast av eit anerkjent meiningsmålingsfirma.

Det synest professor Frank Aarebrot er viktig.

– Eg skjønar at universitetsleiinga ønskjer å skjerma dei tilsette i den perioden der dei kan røysta. Men dersom ei slik meiningsmåling hadde vorte gjort ein månad før valet, hadde det etter mitt syn vore heilt uproblematisk, seier Aarebrot.

Hellesund seier at han første gong var i kontakt med universitetsdirektøren ei god stund før påske.

– Då ser eg ingen grunn til å ikkje ha ei undersøking. Det hadde vore interessant å sjå resultata, seier Aarebrot.

– Når ein ikkje tillet ei fagleg skikkeleg undersøking, risikerer ein at ein i staden få ei undersøking der ein berre trykkjer på ein knapp på nettsida. Ei slik undersøking vil på ingen måte vera representativ.

 

Frank Aarebrot leidde rektordebatten valstyret arrangerte. Men om det er Kuvvet Atakan eller Dag Rune Olsen som ser ut til å vinna valet, er det ingen som veit noko om. På Høyden får ikkje gjennomføra den planlagde meiningsmålinga

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kunne auka interessa
Det er sagt at dei to rektorkandidatane er svært like. Aarebrot meiner at fordi ein har få skiljelinjer mellom kandidatane kunne ei undersøking spelt ei rolle.

– I politiske val har ein nokre slike skiljelinjer som kan auka skilnadane: Bønder røystar ofte på Senterpartiet, industriarbeidarar på Arbeiderpartiet. I Oslo har ein ei skiljelinje i valet no, der er det ein professor og ein student som er kandidatar, seier Aarebrot.

Professoren i samanliknande politikk meiner at ei undersøking òg kunne auka interessa rundt valet og fått opp valdeltakinga.

Hellesund er samd.

– Oppslutnaden kunne vorte auka dersom ei meiningsmåling viste at den eine sida låg under. Slik det er no, har ein to gode kandidatar som ingen veit korleis ligg an i forhold til kvarandre.

Oppmoda til å la bilen stå
– Me er svært restriktive med bruk av e-postadresser til masseutsending i universitetssamfunnet av prinsipielle grunnar. Det gjeld både internt og frå eksterne som ønskjer slik tilgang, seier universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken.

– Seier du nei til alle slike spørsmål, uansett formål?

– Alle spørsmål vert vurdert konkret. Me oppmoda ein gong alle om å la bilen stå då det var ureiningstak over Bergen og helsestyresmaktene oppmoda alle om å bidra til å redusera bilbruken.

Elvbakken ønskjer ikkje å svara på kva ho meiner om Aarebrot si utsegn om at ei meiningsmåling kunne fått opp valdeltakinga. Ho er ikkje samd med redaktør Hellesund som meiner at ei meiningsmåling kunne bidrege til meir openheit i eit ungt og skjørt universitetsdemokrati.

– Det er lang tradisjon for å velja rektor ved universitet i Noreg og Europa, universitetsdemokratiet er ikkje noko nytt, seier Elvbakken.

 

 
 

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av Hilde Kristin Strand i På Høyden
Publisert 17. apr. 2013 13:27 - Sist endra 17. apr. 2013 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere