Kunnskap med kultur på UiO-festivalen

Forskarar, poetar, popartistar og operastjerner inntar Universitetet i Oslo førstkomande laurdag når universitetet for andre gong arrangerer UiO-festivalen.

DONKEYBOY: 4000 personar besøkte UiO-festivalen i oktober i fjor. Då var Donkeyboy frå Drammen det store trekkplasteret. På laurdag skal Lars Lillo Stenberg vera med på å dra folk til Blindern. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Heile Universitetet i Oslo blir eit laurdagsuniversitet frå klokka 12.00 til klokka 18.00 den 20. april. Både dei som vil ha meir kunnskap og dei som heller vil ha litt kultur, vil få det dei ynskjer i rikeleg monn. For dei kunnskapstørste vil ein av dei mest interessante foredragshaldarane vera kreftforskaren Johanne Olweus. Ho spør om me kan lura immunceller til å tru at kreft ein infeksjon.

Danmark har større dialektskilnader enn Noreg

For dei som er meir opptatt av språk, vil truleg påstanden til språkforskaren Arne Torp om at Danmark har fleire dialektar enn Noreg, vera spennande å finna meir ut av. Samtidig vil poeten Jan Erik Vold fortelja om korleis det er å føra krig mot den gjengse maratonprosa. Og han vil også halda konsert saman med pianisten Egil Kapstad.

Farlege idear

Den unge og verdsberømte professoren Alf Rehn frå Åbo akademi i Finland skal fortelja om dei farlege ideane som både utfordrar, sjokkerer og skræmer oss, men som også kan skapa noko nytt.

Pop, jazz og opera

Og av norske artistar kjem også Lars Lillo Stenberg, kjent frå De Lillos, Come Shine med Live Roggen, operastjerna Ingebjørg Kosmo og Valkyrien Allstars. Barna får sitt eige Barneuniversitet med teater, vitskaplege eksperiment og med songaren Maj Brit Andersen.

Mathallen flyttar til Blindern

Og dei som er redde for at dei må gå svoltne heim, kan trøysta seg med at Mathallen flyttar fleire av matbuene sine til Frederikkeplassen. Der skulle det vera mat for ein kvar smak. I fjor kom det over 4000 menneske til UiO-festivalen. På UiO håpar alle at det besøkstalet blir slått i år. Og alle arrangementa er sjølvsagt gratis.

Les heile programmet her

 

Emneord: Kultur, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 16. apr. 2013 16:32 - Sist endret 17. apr. 2013 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere