Kamp om studieplassane på UiO

Med nesten tre søkjarar per studieplass ved Universitetet i Oslo, er det klart at det også i år blir kamp om plassane. Studentane må rekna med høge poenggrenser.

VIL TIL UIO: Søkjartala frå Samordna opptak viser at svært mange studentar har eit studium på UiO som førsteval. Biletet viser kunnskapsminister Kristin Halvorsen og UiO-rektor Ole Petter Ottersen på velkomsarrangementet for nye studentar på UiO i august i fjor.

Foto: Ola Sæther

– Me har det breiaste fagtilbodet i Noreg, og satsar hardt på fagleg kvalitet i undervisinga. Då er det sjølvsagt at mange ynskjer å studera ved Universitetet i Oslo, seier rektor Ole Petter Ottersen i ei pressemelding etter at Samordna opptak i dag la fram dei førebelse søkjartala for 2013.

Lærar- og realfagsprogramma står stadig sterkare
 

For dei som ynskjer seg fleire dyktige lærarar i framtida er dei høge søkjartala godt nytt. Språkfaget har vore under press i skulen i fleire år, og det har vore vanskeleg å rekruttere elevar til språklinja. I år er det heile 43 % auke i søknader til lektorprogrammet i framandspråk ved Universitetet i Oslo! Også lektorprogrammet i realfag opplever ein stor auke i søkjartal.

Fysikk og informatikk opp med 30 prosent

Realfag er ikkje berre viktig for dei framtidige lærarane. Studieprogramma ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet har i år igjen fleire søkjarar enn dei har hatt før. Fysikk og informatikk stig med opp mot 30 %.

– UiO har lagt særleg vekt på å rekruttere til realfag og lærarutdanningane, seier Ottersen. Vi er særs nøgde med at talet på søkjarar stadig stig, i takt med at vi no tilbyr fleire studieplassar enn nokon gong til desse studia.

117 200 søkjarar

Tal frå Samordna opptak viser at det er om lag 117 200 søkjarar til høgare utdanning i år. Det er rundt 1400 fleire enn i fjor.  Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er svært glad for det tala viser.

– Det er gledeleg at den gode søkinga til høgare utdanning held fram. Ikkje minst er eg nøgd med at me har ein stor auke på realfag og teknologiske fag, og også at auken til den fem år lange lærerutdanninga er størst av alle fag. Dette er område der me treng fleire med god kompetanse, seier Kristin Halvorsen i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Ho trekkjer også fram auken i søkinga i realfag.

– Regjeringa har satsa systematisk på realfag over fleire år. Det er stort behov for ingeniører og andre med realfagskompetanse i samfunnet, og derfor er det svært bra at så mange unge søker seg til desse studia, seier Halvorsen.

For mange studentar forringar kvaliteten

Norsk studentorganisasjon (NSO) er uroa for at auken  talet på studentar trugar utdanningskvaliteten.

– Når det stadig blir fleire studentar utan at regjeringa fylgjer opp med midlar til nye bygg, større forelesingssalar og nok lesesalsplassar, vil dette gå ut over kvaliteten i høgare utdanning, seier André Almås Christiansen, nestleiar i NSO i ei pressemelding.

NSO viser til at det ved fjorårets opptak blei gitt 79 404 tilbod, heile 4878 fleire enn året før. Det blei likevel ikkje løyvd særleg meir pengar til nye bygg eller infrastruktur.

– I storleik tilsvarte fjorårets auke talet på studentar som i dag går på hele Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Det seier seg sjølv at det ikkje er plass til så mange studentar i dei bygningane som finst i dag, poengterer Almås Christiansen.

(Oppdatert kl. 13.36)




 

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2013 10:20 - Sist endra 22. apr. 2013 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere