Blir det Ole Petter Ottersen eller Torkil Vederhus?

Vil Ole Petter Ottersen halda fram som UiOs rektor dei neste fire åra eller vil Torkil Vederhus ta innersvingen på den sitjande rektoren og overta rektorkjeda? Klokka 12.00 går fristen for å stemma ut, og klokka 13.00 blir valresultatet kunngjort.

REKTORKANDIDATAR:  Blir det Ole Petter Ottersen eller Torkil Vederhus?  I dag blir det avgjort kven av dei to  som blir UiOs neste rektor.

Foto: Ola Sæther

Det er professor i statsvitskap, Harald Baldersheim som vil kunngjera det endelege resultatet av rektorvalet i dag kl. 13.00 i toppetasjen i Niels Treschows hus på Blindern. Han er leiar for Det sentrale valstyret, og det er også han som sit på den forsegla konvolutten med kodane som vil ta han inn i det elektroniske valprogrammet, og som like etterpå vil kunna fortelja han kva kandidat som har fått flest stemmer. Alle som ikkje har stemt, kan stemma elektronisk fram til kl. 12.00 i dag.  Og for dei som ikkje er nøgde med nokon av dei to kandidatane, vil det også vera høve til å stemma blankt. 

Uniforum vil sjølvsagt gå ut med nyhendet om det er Ole Petter Ottersen eller Torkil Vederhus som har vunne rektorvalet, straks resultatet er klart kl. 13.00. 

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2013 11:06 - Sist endra 18. apr. 2013 11:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere