6000 besøkte UiO-festivalen

Over 6000 barn og vaksne deltok på UiO-festivalen laurdag 20. april. – Me er  kjempenøgde med dette rekordbesøket, seier festivalsjef Gjøril Songvoll til Uniforum.

KJEMI FOR BARN: Barna gledde seg over eksplosjonar og røyk under kjemitimen for barna. Studentane Andreas og Adrian fekk barna til å hyla av begeistring då dei skapte poff og smell i sirkusteltet på Blindern.

Foto: Ola Sæther

– Det var kjekt å sjå den lange køen framfor Barneuniversitetet i sirkusteltet på Frederikkeplassen og alle folka som stod i kø for å kjøpa mat frå buene til Mathallen utanfor Vilhelm Bjerknes hus, synest festivalsjef Gjøril Songvoll.  Køen gjekk langt utanfor teltet klokka 12.00 , då artisten Maj-Britt Andersen starta med å syngja og fortelja for barna.

– Best med festival om våren

Både veret, foredragshaldarane og artistane må ha vore på UiOs side denne gongen for rekordbesøket er på 2000 personar fleire enn ved den førre festivalen i oktober i fjor.

– Ja, personleg trur eg at dette har noko å gjera med at me har flytta festivalen til byrjinga av vårsemesteret. Og denne gongen er det også langt fleire på UiO som har jobba saman om å få til ein flott festival, understrekar Songvoll. På festivalen var det både foredrag om nanoteknologi,  nordiske språk og om den nye våren i arbeidslivet. Og dessutan stilte så forskjellige artistar som Jan Erik Vold og Margaret Berger opp.

– Nesten slåsskamp om plassane

 – Det var nesten slåsskamp om plassane på foredraget til førsteamanuensis Ola Nilsen om nanoteknologi. Og det gler meg å kunna observera at Margaret Berger gjorde ein glimrande konsert som trefte både barn og vaksne heime. Mange personar fekk også med seg konserten til poeten Jan Erik Vold og pianisten Egil Kapstad i foajeen i Georg Sverdrups hus, har ho registrert. 

– Var det ingen klagar å få?

– Den einaste klagen me fekk, var at det ikkje var gjort plass til personar i rullestol i teltet til Barneuniversitetet. Me har allereie funne ut korleis me kan løysa det under neste festival, opplyser ho.

– Berre glade ansikt

Både Songvoll og dei andre som jobba for UiO under festivalen, er svært glade over at det gjekk så bra.

– Eg såg berre glade og nøgde ansikt. Denne gongen klarte me også å nå tenåringane gjennom tenkjetelta  og dei kreative telta. Æra for det går til førsteamanuensis Roger Antonsen på Institutt for informatikk og studentane hans, som var flinke til å laga flott dekorerte telt og fine stands, seier Songvoll.

 – 100 kom ikkje

Den siste posten på programmet var konserten i Universitetets aula med Valkyrien Allstars og jazzgruppa Come Shine.

– Me hadde delt ut alle dei 600 gratisbillettane allereie klokka 13.00 på laurdag. Då er det synd at 100 av dei som har fått billettar ikkje dukkar opp. Desse billettane kunne heller 100 andre interesserte ha fått, meiner Gjøril Songvoll. 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Kultur Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2013 11:25 - Sist endra 23. apr. 2013 11:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere