Tar i bruk supermikroskop i kreftforsking

To supermikroskop som skal bringa mellom anna kreftforskinga endå lenger framover er no tatt i bruk ved Institutt for biovitskap ved UiO og Radiumhospitalet.

MIKROSKOPSJEF: Overingeniør Linda H. Haugen er ein av dei som skal vera ansvarlege for dei nye supermikroskopa.

Foto: Ola Sæther

Denne månaden tok Institutt for biovitskap ved UiO og Radiumhospitalet offisielt i bruk to hypermoderne mikroskop som kan få mykje å seia for framtidas kreftforsking.  Begge er knytte saman og tilgjengelege for andre forskarar i eit ope nettverk.  

Mikroskopa er ein del av det vitskaplege utstyret som blei kjøpt inn etter at Forskingsrådet til saman har gitt rundt 960 millionar i infrastrukturpengar til norske forskingsinstitusjonar dei siste åra. Det offisielle namnet på samarbeidet om desse supermikroskopa er NorMic-Oslo.

Det nye forskingssamarbeidet blei offisielt innvigd av dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, UiO.

Les også tidlegare artikkel i Uniforum:  Mikroskopisk revolusjon

 

 

Emneord: Økonomi, Forskningspolitikk, Realfag, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2013 13:32 - Sist endra 6. mars 2013 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere