Menneskerettssenter skal ikkje lenger vera nasjonal institusjon

Norsk senter for menneskerettar skal seinast frå og med 30. juni 2014 ikkje lenger vera nasjonal institusjon. Det vedtok Universitetsstyret i dag. Avgjerda er i samsvar med ynsket til direktør Nils A. Butenschøn (biletet) .

FEKK STØTTE: Direktør Nils A. Butenschøn vil gjerne at Norsk senter for menneskerettar skal slutta å vera nasjonal institusjon. I dag slutta Universitetsstyret opp om det synet.

Grunngjevinga for dette er at den rolla som pådrivar- og tilsynsorgan som ein nasjonal institusjon etter boka skal ha, ikkje passar inn med universitetsrolla. Det er også i samsvar med dei røynslene som Norsk senter for menneskerettar har med dagens ordning.  

I fjor haust degraderte FN Noregs nasjonale institusjon på dette feltet frå A- til B-status, fordi den var knytt til Universitetet i Oslo og ikkje ein sjølvstendig og uavhengig institusjon.

Direktør Nils A. Butenschøn ved Norsk senter for menneskerettar hengde bjølla på katten i Morgenbladet den 29. november i fjor: – Degraderinga er eit resultat av ei haldning hos norske styresmakter, som seier at menneskerettsforsvar i Noreg er godt nok sikra som det er, var hans konklusjon.

I eit møte den 16. november i fjor gjorde både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og utanriksminister Espen Barth-Eide det derimot klart at begge partar ser behovet for å skilja funksjonen som nasjonal institusjon frå Universitetet i Oslo. UiO har også peika på at arbeidet for menneskerettar ikkje skal svekkjast ved UiO, sjølv om funksjonen som Nasjonal institusjon med tilsyns- og pådrivarrolle går ut av senteret. Ifylgje styrepapira held UiO også døra open for at nasjonal institusjon kan samlokaliserast med menneskerettssenteret og til dømes ha felles bibliotek.

I august i fjor sette regjeringa ned eit tverrdepartementalt utval som skulle finna ei løysing på korleis det kan byggjast opp ein nasjonal institusjon for menneskerettar skild frå Norsk senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo. Planen var at utvalet skulle leggja fram ei innstilling 14. desember i fjor. Utvalet er enno ikkje ferdig med arbeidet sitt.

Emneord: Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 12. mars 2013 16:05 - Sist endra 12. mars 2013 16:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere