Lovar meir pengar til forsking

– Me brukar mykje pengar på forsking, men me brukar ikkje nok. Det sa statsminister Jens Stoltenberg då han saman med kunnskapsminister Kristin Halvorsen presenterte den nye forskingsmeldinga i dag.

FORSKAR:  Statsminister Jens Stoltenberg har teke eitt aktivt yrkesval: Han skulle verta forskar. Men frå den dagen Thorbjørn Berntsen ringte i 1990, har Stoltenberg hatt permisjon frå jobben i Statistisk sentralbyrå.

Foto: Hilde Kristin Strand i På Høyden

I dag går 0,92 prosent av Noreg sitt brutto nasjonalprodukt  (BNP)til forsking. Regjeringa sitt mål er ein prosent.

– Eg lovar auka løyvingar. Kor mykje, kjem me attende til, sa Stoltenberg, ifylgje På Høyden.

Han viste til ulike måtar å rekna på: Ser ein på kor mange forskingskroner Noreg brukar per innbyggjar, får ein eit høgt tal. Samanliknar ein med BNP, får ein eit lågt tal.

– Ein kan spørja om ein brukar mykje pengar på forsking. Ja, det gjer me. Så kan ein spørja om me brukar nok. Nei, det gjer me ikkje, sa Stoltenberg.

Lange linjer
Forskingsmeldinga har fått tittelen «Lange linjer». Eitt av tiltaka regjeringa ønskjer, er ein langtidsplan for forsking. Desse planane skal strekkja seg over ti år.

– Eg er oppteken av å ta forskinga vidare. Forsking er nyttig i seg sjølv, sa statsministeren.

Stoltenberg presenterte tal som fortel at 65 000 menneske i Noreg jobbar med forsking. Stadig fleire av dei er kvinner, i 2011 var første gongen det var fleire kvinner enn menn som tok doktorgrad.

– Men når ein kjem til professorar, er det ein ekstrem skilnad mellom talet på kvinner og menn. Det er lovande at kvinnene har gått forbi mennene når det gjeld doktorgrader, men me er likevel langt frå der me skal vera, sa Stoltenberg.

– Må formidla med entusiasme
Stoltenberg la vekt på forskinga som reiskap til å løysa som og store problem. Han meiner at det er viktig å snakka forskinga opp – og å få formidla forskinga.

– Eg synest ein del forskarar bør påta seg det tredje oppdraget, altså formidling, men litt meir entusiasme. Det er viktig at dei som kan mest deltek i den offentlege debatten, sa statsministeren.

Han sa at når ein forskar skriv ein kronikk, må ikkje hovudpoenget vera at professorkollegane skal verta imponert over mengden framandord som vert brukt.

– For mykje forsking er for vanskeleg tilgjengeleg. Og ein del av dei som høyrest ut som tåkefyrstar er tåkefyrstar, sa Stoltenberg.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Hilde Kristin Strand i På Høyden
Publisert 8. mars 2013 13:55 - Sist endra 8. mars 2013 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere