Rektorvalkampen spissar seg til

Rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Torkil Vederhus har fylt opp argumentarsenalet, og er godt budde på å fyra av verbale pistolskot før rektorvalet 4.-18. april.

PÅ OFFENSIVEN: Både sitjande rektor Ole Petter Ottersen og utfordraren hans, Torkil Vederhus er på offensiven i rektorvalkampen.

Foto: Ola Sæther

Uniforum inviterer sitjande rektor Ole Petter Ottersen og utfordraren Torkil Vederhus til debatt i 10. etasje i Lucy Smiths hus. Like ved ligg Kollegierommet der rektor Ole Petter Ottersen leier møta i Universitetsstyret, og der Torkil Vederhus tidlegare har sete som studentrepresentant i Universitetsstyret. Rektor Ole Petter Ottersen gir gjerne Torkil Vederhus ros for den innsatsen han gjorde der:

– Ja, etter ei nøye oppteljing denne veka, fann me ut at Torkil hadde stemt med fleirtalet i Universitetsstyret i alle saker utanom ei. For meg er det viktig at studentane er engasjerte, ikkje minst på toppnivå på Universitetet i Oslo, synest Ottersen.

Og rektorkandidat Vederhus synest det står respekt av arbeidet som Ottersen har gjort som rektor for Universitetet i Oslo.

– Han har gjort ein veldig bra innsats og klart å oppfylla mesteparten av programmet han gjekk til val på. Og no har han også fått ein ny triumf ettersom kunnskapsminister Kristin Halvorsen introduserer innstegsstillingar på universitet og høgskular i Forskingsmeldinga, seier Vederhus.

Sjølv ynskjer han også å halda lovnadene sine, om han blir vald.

– Når eg blir rektor skal eg halda lovnadane mine om å prioritera annleis enn dagens rektorat. Eg vil prioritera undervisning like høgt som forsking. Det skal difor vera mogleg å få ei fast stilling på universitetet også gjennom å kunna visa til god undervisningspraksis, seier han.

Ottersen er slett ikkje einig i at undervisning ikkje er prioritert av dagens rektorat.

– Dette er ei omskriving av historia. Ingen har nokon gong prioritert undervisning høgare enn oss. I fjor vedtok me å øyremerkja 50 millionar kroner til å betra studie- og forskingskvaliteten på UiO. Kvalitetsreforma var ikkje akkurat nokon udelt suksess når det galdt studiekvalitet. Dette har me måtta kompensera for, konstaterer Ottersen.

Vederhus insisterer likevel på at han har sett lite til desse pengane: – Det har blitt mindre pengar til gruppeundervisning og seminarundervisning. Fakulteta har ikkje brukt pengane til å betra studiekvaliteten. Om ikkje nokon gjer noko med det, kan også UiO risikera at NOKUT ikkje godkjenner systemet for kvalitetssikring av undervisning, slik det nyleg skjedde med NTNU i Trondheim, spår Vederhus.

– Våre rutinar er forskjellige frå NTNU sine. Det fann me ut, då me 7. mars gjekk gjennom våre eigne system, presiserer Ottersen.  

 – Det er slett ikkje innlysande at UiO er så mykje betre enn NTNU på kvalitetssikring av undervisning, meiner Vederhus.

– Me får NOKUT på besøk igjen til hausten, så då får me sjå korleis me ligg an, parerer Ottersen.

– Ja, kvifor prioriterer du og rektoratet ditt eigentleg forsking framfor undervisning, Ottersen?

– Nei, det gjer me ikkje. Vår universitetspolitikk er sjølvsagt bygd på forsking, utdanning, formidling og innovasjon på alle fagområde. Forsking og utdanning heng nøye saman, og eg er einig i at me heile tida må styrkja kvaliteten på utdanninga som me tilbyd. Under studieopptaket i fjor var det tre førsteprioritetssøkjarar for kvar studieplass – meir enn for alle andre universitet i Noreg. Då kan det ikkje stå så gale til her likevel.

– Det er ikkje så rart. Stort sett er det på medisin, farmasi, odontologi, psykologi og andre profesjonsfag, trur Vederhus, som insisterer på at universitetssystemet oppmuntrar til å satsa meir pengar på forsking enn på undervisning. – Dei fagmiljøa som har senter for framifrå forsking og kan skilta med mange publikasjonspoeng, får masse pengar øyremerkte til forsking. Det burde vera liknande ordningar for gode studium, slik at fagmiljøa kunne få overført pengar til å gjera undervisninga endå betre.

– I valprogrammet ditt står det at undervisning og forsking må telja likt ved tilsetjing av fagpersonar på UiO. Korleis vil du gjera det reint praktisk?

– I dag er tilsetjingane ofte svært tilfeldige. I staden for å lata ein kandidat til ei vitskapleg stilling halda ei prøveforelesing for utvalde forskarar og masterstudentar, burde dei få prøva seg på bachelorstudentar. Då ser me lettare korleis dei taklar å undervisa. Det tyder sjølvsagt ikkje at dei ikkje skal vera gode til å forska, presiserer han.

– Korleis skal UiO bli eit godt universitet, Ottersen?

– UiO er allereie eit godt universitet, som er langt framme i Europa og også i verda. Når norske universitet, mellom dei UiO, er mellom dei 100 og 200 beste i verda på dei internasjonale rangeringane, så er det svært bra når me veit at det er over 9000 universitet på verdsbasis. Samtidig må me ikkje lata oss styra av desse rangeringane. Det som er sikkert, er at me gjer store framsteg både innanfor forsking og utdanning. Eg fekk nyleg resultatet av ei omdømmeundersøking blant norske journalistar utanfor universitetspressa. Dei meinte at UiO var mest opne mellom dei norske utdanningsinstitusjonane. UiO er i ferd med å bli det universitetet eg drøymer om.

– Og Vederhus, er du einig i det?

– UiO har ein lang veg å gå før utanlandske studentar og stipendiatar føler seg integrerte i studie- og forskingsmiljøa …

– Kva empiri har du for å hevda det? avbryt Ottersen.

Rektorvalet 2013:

Rektorkandidatar:

Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO sidan august 2009. Medisinprofessor og leiar for eit senter for framifrå forsking, EMBL.

Torkil Vederhus, masterstudent i bioinformatikk, tidlegare studentrepresentant i Universitetsstyret.

Prorektorkandidatar:

Språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld for Ole Petter Ottersen.

Stipendiat Sunniva Rose for Torkil Vederhus.

Viserektorkandidatar:

Jussprofessor Ragnhild Hennum for Ole Petter Ottersen.

Ingeniør Tobias Langhoff ved USIT for Torkil Vederhus.

Om gjennomføringa av valet:

Valstart:

Torsdag 4. april kl. 12.00
Valslutt:

Torsdag 18. april kl. 12.00

Valet blir gjennomført elektronisk.
 

Vekting av stemmer: Vitskaplege tilsette 53 prosent, teknisk-administrative tilsette 22 prosent og studentar 25 prosent.
 

 

– No er det eg som snakkar, svarar Vederhus og held fram: – Det må bli lettare for ein som til dømes studerer medisin å kunna studera spansk og integrera det i graden sin. Og så må Lektorutdanninga få betre vilkår på universitetet. Alle fag må planleggja slik at alle studentane deira også kan bli lærarar.

– Det er eg i stor grad einig med deg i, Men det som er viktig er at dei lærarane som utdannar seg hos oss, også får med seg ei fagleg fordjuping. Og det er også essensielt med mangfald, altså fagleg fordjuping i fleire fag. Lærarutdanninga er ei utfordring for oss, men rekrutteringa til læraryrket blir ikkje betre før det gir høgare status å vera lærar. Det må me og lærarorganisasjonane jobba for, understrekar Ottersen.

– De er begge opptekne av å auka talet på kvinnelege professorar. Korleis vil du klara det, Vederhus?

– Eg trur at det er viktig å lysa ut fleire ledige stillingar samtidig. Då blir det mindre snevert og lettare å hindra at berre søkjarar frå eit spesielt fagmiljø søkjer ei stilling.

– Og du, Ottersen?

–Mentorordninga har fungert godt for å kvalifisera kvinnelege forskarar til å ta steget opp på professornivå. Det vil etter kvart føra til at det blir fleire kvinnelege professorar når mange menn går av for aldersgrensa. Også ordninga med innstegsstillingar vil gjera det lettare for kvinner å skaffa seg professorkompetanse.

– Kva vil du leggja til, Vederhus?

– Eg vil jobba for at alle dei spennande foredraga, forelesingane og talane på UiO skal koma ut på podkast. Samtidig må alle vitskaplege artiklar vera tilgjengelege for alle på nettet.

– Og du, Ottersen?

– Forsking er grunnlaget for det me driv på med ved universitetet. Og ikkje minst er det grunnlaget for all undervisninga.

Les valsidene til rektorkandidatane:

Ole Petter Ottersen

Torkil Vederhus

 

Emneord: Rektorvalget 2013, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2013 13:05 - Sist endret 13. mars 2013 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere