Eit akademisk sjølvmord

«Forskinga di er for god til å vere sann», sa kollegaer til Diederik Stapel. Det var den heller ikkje. Men kva kan forskarar ved norske universitet lære av superfjuskaren Stapel?  

FORSKINGSJUKSAREN DIEDERIK STAPEL: – Han var likt som forelesar, og underviste faktisk også i eit kurs i forskingsetikk, seier Karl Ove Teigen, som er pensjonert professor i generell psykologi ved UiO. Han har besøkt forskingsinstituttet til forskingsjuksaren Diederik Stapel frå Universitetet i Tilburg i Nederland.

Foto: Universitetet i Tilburg, Nederland

«Fabrication, falsification and plagiarism». Dette er dei mest alvorlege måtane ein kan drive ureieleg akademisk arbeid på. Sosialpsykologen Diederik Stapel gjorde seg skuldig i alle. I 2011 måtte Diederik Stapel trekke seg frå stillinga som forskar i sosialpsykologi ved universitetet i Tilburg. Han risikerer også fengselstraff for å ha tatt i mot pengar for forsking som aldri blei gjort.

– Ein stjerneforskar
Torsdag gjesta Karl Halvor Teigen redelighetsutvalget ved UiB for å diskutere kva ein kan lære av tilfellet Stapel. Teigen er til dagleg professor emeritus i generell psykologi ved Universitetet i Oslo.

– Forskinga såg fin ut frå utsida. Stapel arbeidde i ei gruppe, der dei diskuterte seg fram til eit tema dei skulle forske på. I samarbeid kom dei fram til kva spørsmål ein skulle stille, og korleis dei skulle formulerast. Dei forska på interessante tema, og kom fram til oppsiktsvekkande svar, seier Teigen til På Høyden.

Diederik Stapel  var professor ved Universitetet i Tilburg i Nederland, då han vart avslørt. Han vart henta dit frå Universitetet i Groningen i Nederland for å leie instituttet Tiber.

– Eg har sjølv vore i Tiber. Det var eit institutt som såg ut til å gå veldig bra, med god stemning, seier Teigen.

– Stapel var ein som gjorde som det vert venta av ein forskar i dag. Han produserte aktivt, hadde mange doktorandar, og det var mykje pengar involvert. Han og vart rekna for å vere ei komande stjerne.

Ferska av eigne studentar
Mange av artiklane til Stapel vart publiserte i respekterte tidsskrift, blant dei tidsskriftet Science.

Stapel fann data som peika i retning av at personar som ferdast i forsøpla område var meir fiendtleg innstilte til personar med minoritetsbakgrunn. Eit anna forskingsarbeid konkluderte med at personar som fekk servert kjøt var meir aggressive og egoistiske enn vegetarianarar.

Få våga vere kritiske til den karismatiske, men autoritære Stapel.  

Men til sist var det var doktorgradstudentane som felte Stapel. Datainnsamling er gjerne ei oppgåve som fell på studentane, men Stapel tok hand om dette sjølv. Analysane fekk derimot studentane vere med på. Eit av datasetta fekk studentane til å stoppe opp: Kunne gjennomsnittsalderen på informantane, som alle gjekk på vidaregåande skule verkeleg vere 19 år? Nei, sa Stapel. Her var det ein feil. Det skulle vere 18 år.

Stapel klarte å fabrikkere data i mange år utan å bli avslørt.

– Han arbeidde både ved Tilburg og i Groningen. Når det var snakk om datainnsamling for eit arbeid i Tilburg kunne han få «assistentar» i Groningen til å ta seg av datainnsamlinga. Når han var i Tilburg, kunne han vise til rådata han hadde liggande i Groningen.

Ved eit seinare høve la Stapel fram talmateriale som imponerte stort. «Dette er så fantastisk at ein skulle tru du har laga dei sjølv!», var responsen. Den tredje hendinga som gjorde at studentane til slutt bles i fløyta var då ein av dei kjente igjen datamaterialet frå ein annan, tidlegare publisert studie.

Dei tre doktorandane måtte gå heilt til rektor for å varsle om at rettleiaren deira, den anerkjente forskaren Stapel, truleg var ein bedragar. Dei vart trudde, og Stapel fekk beskjed om å kome med namna på dei assistentane som hadde stått for innsamlinga. Det viste seg å ikkje vere nokon.

Underviste i forskingsetikk
– Han fekk også gåver og utstyr som skulle leverast til ein skule han ifølge seg sjølv hadde god kontakt med. Men pc-ane og prosjektorane vart i staden dumpa i ein container, fortel Teigen.

Ettersom Stapel hadde vore tilsett tre stader, vart det oppnemnt tre ulike komitear som skulle rulle opp fjusket. Dei påviste ureieleg arbeid i alt 70 publikasjonar. Blant desse var det mange doktorgrader. Granskinga viste at Stapel hadde juksa i 15 år, men truleg hadde han hatt eit kreativt forhold til verkelegheita heilt frå han sjølv tok doktorgraden.

– Han var likt som forelesar, og underviste faktisk også i eit kurs i forskingsetikk, seier Teigen.

Klarte ikkje slutte
Men kvifor juksa Stapel?
I biografien forklarer han dette med mellom anna «a need to score, status anxiety, nihilism, pressure to publish, loneliness, lazines, emotional detatchment og additcion to answers».

– Han skal ha prøvd å slutte med å fjuske, men ikkje fått det til. Det var så tilfredsstillande å sitte der åleine om kvelden og lage eigne data, fortel Teigen.

Kritikken mot Stapel i tida etter avsløringa har uvegerleg også blitt ein kritikk av sosialpsykologien som disiplin.

– Komiteane peikar på at det er noko gale frå topp til botn i sosialpsykologien, seier Teigen.

Dette vart ikkje ståande uimotsagt.

Forskingsverda si Breivik
– Er det riktig å gjere heile forskingssamfunnet medskuldig? Og er ikkje dette ei utidig generalisering ut frå eit ekstremtilfelle? Ein sosialpsykologiens Anders Behring Breivik, spurde Teigen.

Matthias Kaiser er leiar av redelighetsutvalget ved UiB. Han meiner miljøet gjer forskinga ei bjørneteneste ved å forklare Stapel og fjusk med «råtne-eple»-teorien.

– Bør ein ikkje heller granske systemiske forhold? Har faget ein innebygd publication bias, altså at kun oppsiktsvekkande resultat har sjanse til å verte publisert i gode tidsskrift? Har sensasjon og det å vere synleg  vorte viktigare enn kvalitet?

– Eg er ikkje sikker. Men eg er sikker på at dei som juksar ikkje kan ha det særleg morosamt. Mykje av gleda ved å være forskar er å sjå at det eg kan kome fram til i eige hovud faktisk viser seg å stemme med verda der ute, seier Teigen.

Kunne Stapel ha vore stoppa?
– Nei, meiner Karl Halvor Teigen.
– Men han kunne kanskje ha vore førebygd.

Les meir om undersøkingskommisjonen sin rapport i Stapel-saka.

Emneord: Etikk, Psykologi Av Ida W. Bergstrøm i På Høyden
Publisert 7. mars 2013 14:03 - Sist endra 7. mars 2013 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere