Amerikakofferten

Under jakta på bortkomne lydband med oslomålet dukka det opp ein Amerikakoffert med opptak av norskamerikanarar på 1930-talet. – Ei sann skattkiste, seier professor Janne Bondi Johannessen og språkingeniør Kristin Hagen .

NORSKAMERIKANARAR: – Me opna kofferten og oppdaga at den var full av gamle voksrullar med lydopptak av norskamerikanarar i USA, fortel språkprofessor Janne Bondi Johannessen og språkingeniør Kristin Hagen .

Foto: Ola Sæther

Og det er heller ikkje kven som helst som tok med seg Amerikakofferten til Noreg.

– Det var Didrik Arup Seip, seinare Universitetet i Oslos rektor, som òg er kjend for motstanden sin mot okkupasjonsstyresmaktene under 2. verdskrigen, og som blei erstatta av nazisten Adolf Hoel, fortel språkprofessor Janne Bondi Johannessen og språkingeniør Kristin Hagen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO.

– Jakta gamle dialektar

Begge var på jakt etter heilt andre lydopptak, då dei brått snubla over denne Amerikakofferten i kjellaren i Henrik Wergelands hus.

– Me opna den og oppdaga at den var full av gamle voksrullar med lydopptak av norskamerikanarar i USA. Det me vei, er at språkprofessor Didrik Arup Seip og professorkollegaen hans, Ernst W. Selmer hadde ein teori om at gamle, norske dialektar hadde overlevd mellom norskamerikanarar i USA. Då dei kom til USA på 1930-talet og begynte å gjera intervjua, oppdaga dei at norskamerikanarane snakka ei blanding av ulike norske dialektar som dei krydra med fleire engelske ord. Sidan dei fekk avkrefta teorien sin, har dei berre lagt prosjektet til side og tatt med seg opptaka tilbake til UiO, men utan å gjera noko meir med dei, trur Janne Bondi Johannessen.

– Siste generasjon som lærde barna norsk

Alle opptaka er godt merkte med namn på personane som er blitt intervjua, så dei som kan tenkja seg å forska vidare på dette materialet, vil få den informasjonen som dei treng om desse norskamerikanarane. Janne Bondi Johannessen og Kristin Hagen vil no undersøkja om Nasjonalbiblioteket har avspelingsmaskiner for desse voksrullane.

VOKSRULLAR: Dette er ein av voksrullane med lydopptak som blei funne i Amerikakofferten.(Foto: Ola Sæther)

– Då vil opptaka bli svært nyttige for forskarar som er opptatt av korleis norsk språk og norske dialektar har utvikla seg i USA. Det er også viktig, for det var truleg den siste generasjonen med norskamerikanarar som lærte barna sine norsk. I dag er dei mellom 70 og 80 år, og dei gav aldri den norske språkarven vidare til sine barn. Nettopp av den grunn er dette eit unikt forskingsmateriale, meiner Janne Bondi Johannessen.

Funnet av desse lydopptaka har også fått dei til å bli svært tankefulle. – Ja, det får oss til å lura på kva det blir etter oss til dei neste generasjonane som er opptatt av dialektane og språket som me snakkar. Vil det vera mogleg å ta vare på lydfiler på datamaskinar og DVD-ar på same måte som det var mogleg å ta opptak på lydband på 1930-talet, og så spela dei så mykje seinare? spør Janne Bondi Johannessen.

– Nyttige til forsking på oslomålet

Og jakta på bortkomne lydband med oslomålet frå 1973 gav også resultat. Opptaka som var ein del av TAUS-undersøkinga frå 1970-talet, ligg no på bordet til Kristin Hagen.

– Dei vil vera svært nyttige når me skal samanlikna eldre oslomål med dei opptaka me gjorde av oslo-målet i 2005, seier ho til Uniforum. Dei nyfunne opptaka gjorde av

mellom andre Olaug Rekdal, Geir Wiggen og Eskil Hanssen, utgjer ein av tre opptaksseriar som høyrer saman.

– Med desse opptaka av oslomålet får me ikkje berre språk frå ein formell intervjusituasjon, men òg daglegdags munnleg stil. Det er verdifullt for oss, seier Kristin Hagen. Dei to håpar dei unike funna dei har gjort, kan bli tatt godt vare på. – Det kan ikkje vera meininga at slikt gamalt forskingsmateriale skal stuast bort i kjellarar og i skåp, synest Bondi Johannessen og Hagen.

– Kan laga ei utstilling

Ein av dei som allereie har tatt Amerikakofferten i augesyn, er Bjørn Vidar Johansen, museumsleiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie.

– Me er klar over dette funnet og har vore og sett på det. Og me vil sjølvsagt ta oss av det. Lingvistikk er eit svært spennande fag. Og det kan bli interessant å laga ei nettutstilling  av dette og få det spelt av digitalt for å høyra kva det er for noko. Dette er gull verdt på gjenstandsfattige HF, seier Bjørn Vidar Johansen.

 

 

 

Emneord: Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2013 14:45 - Sist endret 13. mars 2013 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere