UiO-forskar mistenkjer PST for ulovleg, politisk overvaking

Oljeforskar Helge Ryggvik på Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO melder Politiets Sikringsteneste (PST)  til  Stortingets kontrollutval. Ryggvik mistenkjer PST for å ha overvaka han og fagforeiningsleiar Terje Nustad under eit forskingsoppdrag i Colombia.

OVERVAKA? Oljeforskar Helge Ryggvik mistenkjer at PST fylgde me i alt han gjorde dei gongene  han var på forskingsreiser til Colombia.

Foto: StudioVest

– Me kjem til å levera ein formell klage til Stortingets EOS-utval for å ha vore utsette for politisk overvaking på heilt feil grunnlag, seier oljeforskar Helge Ryggvik til NRK. Kontraåtaket mot PST kom på ein pressekonferanse på Blindern i formiddag. Der deltok også fagforeiningsleiar Terje Nustad og Andreas Ytterstad i Internasjonale Sosialistar. 

Bakgrunnen for den harde kritikken mot PST er at avdelingsdirektør Tore Risberget i PSTs operative avdeling i NRK Dagsrevyen på onsdag vedgjekk at dei hadde fylgd med på kva medlemar i Internasjonale Sosialistar dreiv med. «Det var opplysningar den gongen om at det var kontaktar mellom enkeltpersonar av Internasjonale Sosialistar og FARC-geriljaen i Mellom-Amerika», sa Risberget. 

Eit absurd fiendebilete!

– Dette er sterke insinuasjonar utan grunnlag. Det ser ut som om PST har danna seg eit fiendebilete som er heilt absurd. Me krev no at PST kjem på bana og seier kva dette er, seier Ryggvik. Han har sjølv vore aktiv i Internasjonale Sosialistar. 

– Aldri i kontakt med FARC-geriljaen

Sjølv om PST ikkje nemner namn, har han sterke indikasjonar på at PST meiner han.  Ryggvik fortel at han vore tre gonger i Colombia, i samband med doktorgradsarbeidet sitt. – Og eg har aldri hatt kontakt med geriljagruppa FARC, slår han fast overfor NRK.

Førstkomande torsdag vil Helge Ryggvik delta på ein felles pressekonferanse med leiaren av Lund-kommisjonen, høgsterettsadvokat Ketil Lund.

 

 

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Latin-Amerika
Publisert 22. feb. 2013 15:38 - Sist endra 22. feb. 2013 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere