Starta duellen om rektorstolen

Det gnistra til tider mellom rektor Ole Petter Ottersen og utfordraren Torkil Vederhus under den første rektorvaldebatten i går.

DUELLEN: Rektor Ole Petter Ottersen møtte utfordraren og studenten Torkil Vederhus i den første rektorvaldebatten på Blindern i går. I midten debattleiar Kristian Gundersen .

Foto: Ola Sæther

Over 150 studentar kom for å vera vitne til avsparket av rektorvalkampen. Det var Biørnegildet, studentfestivalen på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som fekk æra av å halde den første valduellen mellom student og rektorkandidat Torkil Vederhus og sitjande rektor Ole Petter Ottersen. Etter å ha slått krone og mynt, gav debattleiar Kristian Gundersen først ordet til rektor Ole Petter Ottersen. 

– Eg er verkeleg glad for at det blir ein rektorvalkamp. Det er derimot svært overraskande at motkandidaten min blei Torkil Vederhus, vedgjekk Ottersen.  

 –Forsking er naudsynt

Medan Torkil Vederhus lenge har lagt stor vekt på at han vil kjempa for meir og betre undervisning,  viste Ottersen at han vil halda fram med å slåst for forskinga. – Forsking er fundamentet for det heile. Det har vore lærestader der dei berre har satsa på å gi høgare utdanning. Det har ikkje vore vellykka. Forsking er naudsynt for at Universitetet i Oslo skal bli blant verdas beste universitet, understreka Ottersen, som også viste til realiseringa av Realfagsbiblioteket som eit symbol det er mogleg å kombinera satsing på eit godt arbeidsmiljø med formidling og utdanning.

– Det brukte med 60 millionar kroner av eigne midlar på for å få realisert, trekte han fram.

– Må tilby betre og meir undervisning

Og Torkil Vederhus var raus nok til å skryta litt av motkandidaten sin.

– Me er alle einige om at UiO er landets beste forskings- og utdanningsinstitusjon. Dagens rektorat har gjort ein god jobb for å få det til. Men det kan gjerast andre prioriteringar enn det dei har gjort. Mine prioriteringar går ut på at sidan UiO har dei beste forskarane og får inn dei beste elevane, må me også kunna gi dei eit best mogleg grunnlag for å få ei best mogleg universitetsutdanning. Måten me kan realisera det på, er å syta for å gi dei god undervisning av høg kvalitet.

– I dag får førsteårsstudentar i statsvitskap berre 12 timar med seminarundervisning i løpet av eit semester, og berre seks timar med oppfylging. Det er resultatet av at ein professor berre er opptatt av sitt eige emne og ikkje samarbeider med professorar som underviser i andre emne, meinte Vederhus.

Meir podkast

– Alle forskarar må også leggja ut forelesingane sine på podkast, la han til. Der viste Ottersen til at rektoratet hans har som mål å få endå fleire til å bruka podkast.

– Me lovar å jobba for at fleire forelesingar skal koma på podkast, slik at me oppfyller målet vårt om å skapa eit endå meir ope universitet. Det skal bli meir digital undervisning, og før neste rektorperiode er over, skal 75 prosent av alle eksamenar i alle studieemne vera mogleg å halda på ei berbar datamaskin (laptop), lova Ottersen. Både prorektorkandidat Sunniva Rose og rektorkandidat Torkil Vederhus insisterte på at det måtte vera mogleg å bruka podkast meir enn i dag.

– Det er utruleg lett å få til. Med eit tastetrykk på PC-en vil det koma i gang, peika Vederhus på.

– Nei, men me kan ikkje tvinga forskarane våre til å gjera det. Det er heller ikkje alt som er like lett å leggja ut på podkast på grunn av opphavsrettar og andre ting, meinte Ottersen.  Vederhus var ikkje nøgd med svaret:

– UiO må gjera det enklare å bruka podkast enn ikkje å bruka det. Då vil forskarane setja i gang med det, trudde han. 

Ottersen kjøpte ikkje Vederhus sine tal når det galdt kor mange seminartimar studentane i statsvitskap får.

– Mine tal viser at det er 90 timar med seminarundervisning på statsvitskap. Vårt rektorat har faktisk prioritert utdanning, understreka han.  Ottersen utfordra også Vederhus og ville vita kvifor han ikkje hadde stemt imot å gi meir pengar til forsking då han sat i Universitetsstyret.

– Om du sjekkar det, vil du finna ut at eg faktisk stemte imot å bruka fem millionar frå fakulteta sine budsjett til satsing på eliteforskarar, repliserte Vederhus. – Forsiktig med ordvalet her, åtvara Ottersen, – vårt rektorat har aldri brukt ordet «eliteforskarar». Me må bruka omgrepa på rett måte, formante han.  

– Må lytta til grasrota

Viserektor Ragnhild Hennum, tar også ein ny periode som viserektor, om Ole Petter Ottersen blir attvald som rektor, medan Ruth Vatvedt Fjeld blir ny prorektor.. Ho ville gjerne vita kva Vederhus tykte om prosjekt Internt handlingsrom og den årlege overføringa på 50 millionar kroner frå Sentraladministrasjonen til fakulteteta.

– Korleis har du tenkt å vidareføra det om du blir rektor? spurde ho Vederhus.

– Det er viktig at administrasjonen er med på det som skjer. Eg synest det bør bli flinkare til å ta inn tankar frå anna hald enn berre frå professorhald. Det er viktig å lytta til grasrota, sa Vederhus. 

– Alle dei tilsette har hatt full medverknad og er blitt høyrde gjennom heile denne prosessen, understreka Hennum.

Støttar universitetsleiinga i Nedkvitne-saka

Etter at debatten var over spurde Uniforum Vederhus om han også ville seia opp vanskelege og lite samarbeidsvillige professorar, slik andre rektorat har gjort i Nedkvitne-saka, om han blei vald til rektor.

– Der stiller eg meg heilt bak måten den saka er blitt handsama på. Dei gongene saka var oppe i Universitetsstyret då eg sat der, støtta eg måten universitetsleiinga takla saka på. Og eg er også einig i den endelege rettsavgjerda, sa han.

Viserektor Ragnhild Hennum var mellom dei som opplevde rettssaka på nært hald.

– Me vil prøva å løysa alle slike problem før dei kjem så langt som til retten. Det er berre i heilt spesielle tilfelle at det skjer, konstaterte ho.

 

Emneord: Rektorvalget 2013 Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2013 16:54 - Sist endra 20. mars 2013 10:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere