Sentralbanksjefen repeterte årstalen for studentane

Over 300 lydhøyre studentar møtte opp då Noregs Banks toppsjef Øystein Olsen heldt ein ynskjereprise av årstalen sin på SV-fakultetet i formiddag.

FLEIRE INN I ARBEIDSLIVET: – Det må innførast nokre grep som får fleire av dei som i dag står utanfor arbeidslivet, til å arbeida, sa sentralbanksjef Øystein Olsen på UiO i dag.

Foto: Ola Sæther

Sentralbanksjef Øystein Olsen var glad for å kunna repetera årstalen sin for framtidige samfunnsøkonomar og andre SV-studentar i Eilert Sundts hus på Blindern i formiddag. – Då var det ikkje berre å leggja den i skrivebordsskuffa etter den tradisjonelle årstalen sist torsdag, peika han på.

–Set ikkje bremsene på i oljeutvinninga

Akkurat som i årstalen åtvara han mot å setja i verk for radikale grep i norsk økonomi:

– Det er ingen fordel ved å setja bremsene på i oljeutvinninga. Men me må halda fram med å finna ut korleis Noreg kan bli mindre avhengig av oljeindustrien. For om oljeprisen skulle falla, ville mange av investeringane i olje- og gassektoren bli ulønnsame, sa han. Norsk verftsindustri og leverandørindustri går svært godt, og eksporterer også mange produkt til andre land, la han til.

– Norsk økonomi tener på fri handel

Samtidig oppfordra Øystein Olsen politikarane til å halda fast på Handlingsregelen og ikkje byggja opp handelshindringar.

– Norsk økonomi tener på at det er fri handel mellom landa og minst mogleg proteksjonisme. Dei siste åra har det dessverre vore teikn til at nokre land vil innføra ein meir proteksjonistisk handelspolitikk, konstaterte sentralbanksjefen.

Og han kom også med fasiten på kvifor Noreg kom seg fort ut av finanskrisa og opplever økonomisk vekst, medan dei fleste andre land i Europa blør på grunn av den store statsgjelda.

– Oljeinntektene våre har vore ein god buffer under den økonomiske krisa. Dessutan er Noreg eksportør av olje og gass og andre råvarer til Kina og dei andre vekstøkonomiane i Asia. På same tid importerer me varer billeg frå dei same landa, slo han fast.

– Fleire må inn i arbeidslivet

Han peika på det faktum at mange står utanfor arbeidslivet i Noreg, på grunn av gunstige trygdeordningar og andre offentlege ytingar, er blitt kompensert av auka arbeidsinnvandring.

– I lengda er ikkje det berekraftig. Difor må det innførast nokre grep som får fleire av dei som i dag står utanfor arbeidslivet, til å arbeida. Det må bli meir attraktivt for dei å jobba, meinte sentralbanksjefen.

Få med deg heile den offisielle årstalen til Øystein Olsen på Noregs Banks nett-TV.

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2013 14:39 - Sist endra 20. feb. 2013 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere