Technodanssuksess midt på dagen

Lunch Beat Oslo slo an i Realfagsbiblioteket klokka 11 i formiddag. I ein time dansa 50 personar i foajeen som var gjort om til ein nattklubb midt på dagen.

TECHNO: Technodansen braut roa i Realfagsbiblioteket i formiddag.Både studentar og og UiO-tilsette kasta seg ut i dansen midt  i arbeidstida.

Foto: Ola Sæther

Både studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo kasta seg ut i dansen då Realfagsbiblioteket inviterte til techno og klubbmusikk med diskjockeyane

Solaris og Todd Louie frå Det gode selskap. På dansegolvet var eldstemann 69 medan dei yngste var rundt 20. Ein av danseveteranane var bibliotekdirektør Bente R. Andreassen.

 – Dette er absolutt trening i arbeidstida. Og om det er nokon som ikkje likar musikken av dei som arbeider her, får dei bruka øyrepluggar, meinte ho.

For henne var dette  endå eit prov på korleis Realfagsbiblioteket klarer å skapa eit godt studiemiljø:

– På same tid klarer dei å skapa både eit godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø for både studentar og tilsette, skrytte ho. Etter den kommentaren kasta også ho seg  ut  i   techno-dansen. Mange av dei 50 ute på dansegolvet tok berre eit par drikkepausar elles dansa dei i eitt sett frå klokka 11 til 12.

Lunch Beat begynte i Sverige for to år sidan medan Universitetet i Oslo var først ute i Noreg. Ingen veit enno når og kvar det blir neste gong.

 

Emneord: Kultur, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2013 12:58 - Sist endra 22. feb. 2013 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere