Kristin Halvorsen opna praktbygning på UiO

– Eg gler meg til omvisinga i denne herlegdomen, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen då ho deltok i opninga av det nye tilbygget til Domus Medica på Gaustad i ettermiddag.

OPNA TILBYGG: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen deltok i dag i opninga av det nye tilbygget til Domus Medica på Gaustad. Her blir ho fylgd inn i lokalet av UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Det mest dramatiske som skjedde under opninga, var at brannalarmen gjekk og alle måtte ut, inkludert kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Etter ein ufrivillig pause på 15 minutt, kunne opninga begynna på nytt igjen, i trygg forvissing om at brannalarmen fungerer.

Bygningen har kosta 536 millionar kroner og er på 11 500 kvadratmeter. Den er arbeidsplassen til 350 tilsette og undervisningsstaden for 1000 studentar i medisin, odontologi og ernæring.

Ny modell for bygging

Tilbygget er eit resultat av ein modell som Kunnskapsdepartementet kallar kurant prosjekt. Det vil seia at Statsbygg finansierer bygningen, medan UiO betaler leige for den til den er nedbetalt.

– Med ein slik modell går det langt raskare tid frå vedtaket om bygging til bygginga tar til, forklarte statsråd Kristin Halvorsen.

I talen sin peika ho på kor viktig medisin hadde vore for å få fleire kvinner inn i viktige samfunnsroller. – I dag er 67 prosent av medisinstudentane kvinner, og det er berre dei aller flinkaste som kjem inn på studiet. Det gler eg meg over, sa Kristin Halvorsen før ho gav nøkkelen frå Statsbygg vidare til UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Vil heva tannhelsa

– Denne bygningen blir svært viktig for UiOs store satsing, nemleg livsvitskap. Eg håpar at me snart kan møtast på eit trinn 2 i den utviklinga, smilte han. Ottersen hadde også lagt merke til fantompasientane i Ferdigheitssenteret:

– Det senteret vil koma til å heva tannhelsa i Noreg, trudde han.

Den nye bygningen inneheld ei undervisningsfløy, fleire laboratorium, ei ny dyreavdeling og ein ombygd dyrestall. Dessutan dominerer «Ferdigheitssenteret» for odontologistudentane 1. etasje i bygningen. Både inni  og utanfor bygningen er det gitt stort rom for kunstverk. Ute står dei to skulpturgruppene «Studium» av Charlotte Gyllenhammar. Dei viser sitjande barn på ein benk og leikande barn i ein sirkel. Inne heng kunstverket «Tverrsnitt» av Marit Justine Haugen og Dan Zohar. Det tredje kunstverket er «Paramet», bildeelement av Else Marie Hagen.

Statsbygg har altså vore byggherre, medan det er arkitektkontoret HRTB Arkitekter AS som har teikna huset. Brukar er Universitetet i Oslo, medan Kunnskapsdepartementet er oppdragsgjevar.

  

 

 

Emneord: Medisin, Odontologi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2013 15:37 - Sist endra 15. feb. 2013 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere