Jaktar på utløysarknappen til katastrofevulkanane

3000 kilometer under jordoverflata håpar geologiprofessor Trond Helge Torsvik ved UiO å finna svaret på kva som utløyste katastrofevulkanane for over 15 millionar år sidan. Den forskingsideen har gitt forskargruppa hans status som senter for framifrå forsking (SFF).

3000 KM UNDER JORDA: – Der vil me gå på jakt etter utløysarmekanismen for supervulkanane. Og me vil også prøva å finna ut kva som skjer når alle desse glødande varmesøylene av materiale frå jordas indre kjem til jordoverflata, forklarar geologiprofessor Trond Helge Torsvik , som skal leia SFF-en Centre for Earth Evolution and Dynamics ved UiO.

Foto: Ola Sæther

– Målet for Centre for Earth Evolution and Dynamics (CEED) er å utvikla ein modell som forklarar korleis mantelen i jordas indre påverkar rørslene til jordplatene og slik fører til massive vulkanutbrot, fortel senterleiar Trond Helge Torsvik til Uniforum.

For 15 millionar år sidan skjedde det siste utbrotet frå ein katastrofevulkan på jorda. Gjennom jordas historie har desse enorme vulkanutbrota vore opphav til endringar i klima og miljø, og nokre gonger blei truleg store delar av det livet som eksisterte, utsletta. Så langt er det rekna ut at det har vore 25 katastrofevulkanar over ein periode på 300 millionar år. Det er mange millionar år mellom kvart utbrot, men geologiprofessor Torsvik og forskarkollegaene hans trur dei kan gi oss svaret på mange viktige spørsmål som også kan vera viktige for oss i dag. Eit av svara håpar dei å finna i jordas indre, 3000 kilometer under jordoverflata.

Diamanttransport

– Der vil me gå på jakt etter utløysarmekanismen for desse supervulkanane. Og me vil også prøva å finna ut kva som skjer når alle desse glødande varmesøylene av materiale frå jordas indre kjem til jordoverflata. Så langt veit me at undervegs tar dei med seg diamantar frå mantelen i jordas indre og 200 kilometer opp til jordoverflata, fortel Torsvik. Og han peikar på at dette fenomenet har svært god tid.

– Det begynner altså 3000 kilometer under jordoverflata og bevegar seg sakte gjennom mantelen, før den etter kvart utløyser ein supervulkan. Den kan bruka opp til 50 millionar år. Førebels veit me ikkje kva det er som får dette til å skje. Forskinga me skal driva med her ved Centre for Earth Evolution and Dynamics (CEED), kan gi oss svaret, håpar Torsvik.

Vil bruka tungrekneanlegget Abel

– Og korleis vil de finna fram til det?

– For oss er det vanskeleg å ta prøvar frå det aktuelle området i jordas indre. Difor vil me i stor grad basera oss på datasimuleringar. Då kjem me til å bruka det flunkande nye tungrekneanlegget til UiO, Abel. Me kjem til å tinga mange millionar datatimar der (CPU-timar) der, garanterer han.

For tre år sidan fekk Trond Helge Torsvik også ei løyving frå Det europeiske forskingsrådet. Også den forskinga held på med den same problemstillinga. Det som er nytt for forskargruppa denne gongen, er at dei skal forska meir på jordas utvikling dei siste 500 millionar åra, samtidig som dei skal driva forsking på andre planetar, til dømes Mars, og finna likskapar og ulikskapar mellom jorda og andre planetar.

Ser etter meir enn liv på Mars

– Klima frå urgamle tider og samanlikning av planetar har det nesten ikkje vore forska på i Noreg tidlegare. Ein ting me veit, er at då alle kontinentalplatene på jorda var ei felles plate, altså Pangea, var gjennomsnittstemperaturen på jorda 10 grader høgare enn i dag. Det førte til at fleire dyreartar døydde ut. Ein av grunnane til at me vil forska på Mars, er at så langt me veit, er jorda den einaste planeten som har hatt platetektonikk, altså at ei kontinentalplate har delt seg opp i mange plater og skilt lag, slik at me i dag har Amerika langt frå Afrika og Australia langt frå Asia. Me vil prøva å finna ut kvifor det ikkje har skjedd på Mars, eller om me har tatt feil og det likevel har skjedd der også i den tidlege utviklinga av Mars. Som du forstår er me opptekne av andre ting enn om det er liv på Mars, humrar han.

Det finst også endå ein grunn til at dei vil forska på Mars, som går rett inn i materien på den forskinga Trond Torsvik sjølv driv.

– Ja, der finst det kjempevulkanar som er nesten 30 kilometer høge, altså tre gonger høgare en Mount Everest på jorda. Kan det vera at dei har sitt opphav i det same fenomenet som skapte utbrot av supervulkanar på jorda? Det veit me ikkje svaret på i dag, men det skal bli kjempegøy å begynna å undersøkja dette, synest Torsvik.

Ny teori om manteldynamikk

I 2010 blei Trond Torsvik tildelt 20 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Resten av desse pengane vil gå inn i det nye senteret. Pengane fekk han for å prøva å utvikla ein ny teori for korleis kontintentalplatene på jorda bevegar seg.

– Min teori er at drivkrafta må vera straumar i den underliggjande mantelen, sa han til Uniforum den gongen.

Om han har rett, vil det vera den fjerde revolusjonen i geovitskapen etter at den tyske forskaren Alfred L. Wegener i 1915 lanserte sin første teori om kontinentaldrift. Han meinte at for 300 millionar år sidan var alle kontinenta sett saman av superkontinentet Pangea (Alt land), med verdshavet Panthalassa (Alt hav). I 1962 lanserte den amerikanske geologen Harry Hess sin teori om havbotnspreiing. I 1967 blei den utvikla vidare til ein ny teori om platetektonikk. Den går ut på at jordskorpa er inndelt i sju store og ei rekkje mindre plater som er sette saman av både kontinent og havbotn og som flyttar på seg i høve til kvarandre. Det er denne platetektoniske teorien som Torsvik den gongen håpa vil kunna bli erstatta av deira eigen teori om manteldynamikk. Denne forskinga vil no bli ein del av det nye senteret.

– For lite pengar

Til saman vil forskargruppa få 15,5 millionar kroner kvart år dei neste ti åra til å driva forsking som kan føra til banebrytande funn om kva det er som får supervulkanar til

Senter for framifrå forsking (SFF):

Dei første 13 SFF-ane blei etablerte i 2003 og avvikla ved årsskiftet 2012/2013. I 2008 blei åtte nye etablert, medan 13 søkjarar kom gjennom nålauget i 2013. Fire av desse, Center for Multilingualism in Society across the Lifespan, The Legitimate Roles of the Judiciary in the Global Order, Centre for Earth Evolution and Dynamics og Norwegian Centre for Mental Disorders Research tilhøyrer UiO, som i dag har totalt ni senter for framifrå forsking.

Kjelde: forskingsradet.no

å røra på seg. Trond Torsvik er ikkje heilt nøgd med den summen.

– Nei, det er eg ikkje. For det opphavlege budsjettet som eg sende inn til Forskingsrådet var på 17,5 millionar kroner, og då hadde eg skore det ned til det mest naudsynte. Med to millionar kroner mindre må eg kutta budsjettet endå meir. Etter mi meining vil det seia at Forskingsrådet gav klarsignal til fleire senter enn det eigentleg var pengar til, seier Torsvik.

Han vil no ta med seg 15 forskarar frå den gamle SFF-en Physics of Geological Processes (PGP) og flytta over til nye lokale i ZEB-bygningen, rundt 100 meter frå Fysikkbygningen. Totalt reknar han med at det vil bli mellom 40 og 45 forskarar knytte til det nye senteret.

– Nokon har peika på at eg har fått eit SFF berre ved å endra namn på eit gammalt senter for framifrå forsking. Då har dei gløymt at eg kom hit frå Noregs geologiske undersøking (NGU) i Trondheim for tre år sidan saman med ei mindre forskargruppe for å halda fram med forsking på platetektonikken. Og dette senteret vil også utvida forskingsfeltet i høve til det som det blei forska på ved det gamle senteret, slår han fast.

 

 

 

 

 

Emneord: SFF, Forskningspolitikk, Realfag, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2013 15:50 - Sist endra 14. feb. 2013 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere