Ruth Vatvedt Fjeld er Ottersens prorektorkandidat

Språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld (64) har takka ja til å stilla som prorektorkandidat for rektor Ole Petter Ottersen under rektorvalet i vår. Ho erstattar prorektor Inga Bostad, som ynskjer avløysing etter å ha sete i rektoratet i sju år.

PROREKTORKANDIDAT: Språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld har sagt ja til å bli prorektorkandidat for rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

– Det er ei fantastisk og spennande utfordring å få. For det er berre ein gong i livet ein får sjansen til å påverka sin eigen arbeidsplass gjennom eit slikt verv, seier Ruth Vatvedt Fjeld til Uniforum.

Det var før jul professoren i nordisk språkvitskap fekk spørsmål frå Ole Petter Ottersen om ho kunne tenkja seg å bli prorektorkandidaten hans. Ho svarte ikkje ja med ein gong, men for nokre veker sidan ho kunne fortelja han at ho ville ta imot utfordringa.

– Frykteleg imponert

– Eg er interessert i forskingspolitikk og kunnskapsformidling. Og eg er frykteleg imponert over det som Ole Petter Ottersen og rektorlaget hans har fått til. For meg er det fint å kunna bruka kreftene på så viktige ting, fortel Vatvedt Fjeld. Slik ho ser det, er det ein stor fordel at ho kjem frå eit av dei humanistiske faga.

– Det har vore ein del uro rundt dei humanistiske faga, så difor er det viktig at ein person som er nær desse faga, er med i universitetsleiinga. Eg gler meg og ser fram til å overta vervet som prorektor, om me blir valde.

– Godt orientert både nasjonalt og internasjonalt

UiO-rektor Ole Petter Ottersen (57) er svært nøgd med at Ruth Vatvedt Fjeld har takka ja til å bli prorektorkandidaten hans.

– Ho er svært dyktig og kjenner UiO svært godt etter å ha vore her i mange år. Både forsking, formidling og utdanning kan ho svært mykje om. For meg er det også viktig å ha med ein person som har god innsikt i humaniora og ser dei utfordingane desse faga står overfor, understrekar han.

For han er det også viktig at prorektorkandidaten er godt orientert både nasjonalt og internasjonalt.

– Det er viktig å finna samspelet mellom det norske og det nordiske og det internasjonale. Eg er overtydd om at Ruth Vatvedt Fjeld er svært dyktig til å utvikla dette samspelet, seier Ottersen.

Emneord: Rektorvalget 2013 Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2013 16:26 - Sist endret 20. mars 2013 10:22

Gratulerer og lykke til! Ram

ramg@uio.no - 24. jan. 2013 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere