Kulturskattane i Timbuktu truleg redda

– Mykje tyder på at mesteparten av manuskriptskattane frå Timbuktu er blitt redda av bibliotekarar og private samlarar. Det seier UiO-forskar Albrecht Hofheinz, som er ekspert på Timbuktu-manuskripta.

SMUGLING AV VERDSARVEN: – Bibliotekarar og privatpersonar har lykkast i å smugla ut store delar av dei manuskripta som blei tatt vare på i det nye og moderne biblioteket midt i Timbuktu og frå private bibliotek, fortel førsteamanuensis Albrecht Hofheinz ved UiO.

Den siste veka har det florert rykte om at islamistgruppene i Nord-Mali sette fyr på dei berømte Timbuktu-manuskripta før dei flykta frå maliske og franske styrkar, som erobra byen på måndag. No kan det visa seg at tragedien er langt mindre enn det som massemedium som BBC og NRK rapporterte.

Førsteamanuensis Albrecht Hofheinz ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) på UiO har dagleg kontakt med bibliotektilsette og private eigarar av manuskript frå Timbuktu.

– Ein av vennene mine har den største private samlinga av manuskript som finst i området. Han fortel meg at bibliotekarar og privatpersonar har lykkast i å smugla ut store delar av dei manuskripta som blei tatt vare på i det nye og moderne biblioteket midt i byen og frå private bibliotek. På mange måtar er situasjonen slik den var, då verda først blei gjort merksam på kulturskatten gjennom den amerikanske forskaren John Hunwick på 1970-talet. Det vil seia at manuskripta er smugla ut i kornsekker. No er dei gøymde på sikre stader både i Malis hovudstad Bamako og andre stader i landet, fortel Hofheinz.  

Fuktproblem har redda manus

Ein annan viktig grunn til at katastrofen sannsynlegvis ikkje er så stor, som den i verste fall kunne blitt, er den kjensgjerninga at det moderne biblioteket, Ahmed Baba-instituttet, som blei finansiert av Sør-Afrika, er bygd i betong og har store fuktproblem. Difor har berre ein liten del av manusa blitt flytta inn i dette biblioteket.

– Ja, om magasina skulle hatt den rette temperaturen, ville biblioteket åleine ha brukt opp all elektrisiteten til innbyggjarane i Timbuktu. Bygningen er den mest iaugefallande i Timbuktu, og personleg likar eg den, reint arkitektonisk, men den er ikkje særleg formålstenleg for å ta godt vare på desse manuskripta, slik situasjonen er der no. Dei held seg langt betre i dei gamle leirbygningane, konstaterer Hofheinz.

Nettopp fordi biblioteket er det første folk legg merke til i Timbuktu, var det heilt opplagt at det ville bli råka av harmen mot den maliske staten frå islamistopprørarane.

– Det var difor dei gjekk inn i biblioteket og prøvde å setja fyr på det dei måtte ha funne. Både datamaskinar og bilar som var finansierte av norske pengar, er borte etter hærverket til islamistgruppene. Derimot har truleg store delar av manuskripta blitt frakta til trygge stader både i Bamoko og til private heimar og samlingar utanfor og innanfor Timbuktu. – Den eine vennen min har tatt mange turar frå Timbuktu til Bamoko med manuskriptskattar som han har plassert på trygge stader i Malis hovudstad.

38 000 sider er sikra

– Kor store delar av manusa er blitt redda?

– Fram til no er om lag 14 000 manus katalogiserte og digitaliserte. Dei utgjer rundt 100 000 sider. Etter det siste møtet i UNESCO er det i alle fall sikkert at 38 000 av desse sidene er på ein sikker stad. Samtidig tyder altså mykje på at mange andre manuskript er gøymde vekk over alt i Timbuktu, i hovudstaden Bamoko og i landsbyane utanfor Timbuktu. Så lenge me ikkje har telefonkontakt med Timbuktu, kan me ikkje vera 100 prosent sikre på dette, men mykje talar for at innbyggjarane sjølve har tatt vare på denne viktige verdsarven, fortel Hofheinz.

Har forska på Timbuktu-manuskripta

Hofheinz er ekspert i arabisk, og han har lenge interessert seg for manusskatten i Timbuktu. Frå 2000 til 2009 deltok han i eit samarbeidsprosjekt for å konservera,

Timbuktu:

  • Byen ligg i Mali og var sentrum for islamsk lærdom frå 1400- til 1600-talet.
  • Tok imot manus om filosofi, matematikk, rettsvitskap, medisin, grammatikk og religion frå Midtausten og Nord-Afrika.
  • Den amerikanske forskaren John Hunwick gjorde verda merksam på denne kulturskatten i 1972.
  • Timbuktu-manuskripta er mellom anna blitt eit forskingsprosjekt ved UiO.
  • Aktuelt: Byen blei nettopp erobra av maliske og franske styrkar etter at den gjennom fleire månader var kontrollert av islamistgrupper.

 

digitalisera og katalogisera Timbuktu-manuskripta.Mali-entusiastog dåverande UiO-tilsett Alida Boye hadde tatt initiativet til prosjektet og klarte å få NORAD, andre offentlege institusjonar og private stiftingar til å støtta det.

– Eit sentrum for islamsk lærdom

– Manusa er frå gullalderen til Timbuktu, det vil seia frå mellom 1400 og 1600. På den tida var Timbuktu ein viktig møtestad mellom karavanane som kom frå ørkenen og båttrafikken på elva Niger der varer blei frakta lenger sørover mot Vest-Afrika. Det blei frakta gull sørfrå og salt nordfrå. Slik blei Timbuktu eit handelssentrum som også

tok imot manus om filosofi, matematikk, rettsvitskap, medisin, grammatikk og religion frå Midtausten og Nord-Afrika. Timbuktu utvikla seg til eit sentrum for islamsk lærdom i Vest-Afrika, kanskje det aller viktigaste. Mange lærde slo seg ned her, og det blei etablert ein slags høgskule som utdanna lærde, lærarar, juristar og diktarar. Det blei etablert ein industri der studentar kopierte bøker, og seinare selde dei, fortel han. Det var i 1972 dei store kulturskattane i Timbuktu blei gjort kjende for resten av verda, av forskaren John Hunwick frå Northwestern University i Illinois i USA. – I dag blir han rekna som den aller største eksperten på desse manuskripta. Og kulturskatten har gjort folk i Timbuktu og i Mali stolte av fortida si, og at dei klarte å ta vare på manusa gjennom så mange år. Faren er no at nokon vil prøva å selja manuskripta, sidan dei veit kor verdifulle dei er, fryktar Hofheinz.

Sjå også fjernsynsprogrammet Albrecht Hofheinz var med og laga for den tysk-franske fjernsynskanalen Arte i 2009:

på tysk: http://www.gruppe5film.de/g5/kultur/timbuktus_verschollenes_erbe_-_vom_sande_verweht.htm

på fransk: http://vimeo.com/33014439

 

 

  •  

 

 

Emneord: Mali, Afrika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2013 14:40 - Sist endra 31. jan. 2013 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere